[Tidender.] England

 
Valloven hev no voret framme i Underhuset og der vart han vedteken med 372 Røyster mot 232. Han hadde altso stort Fleirtal for seg, som ventelegt var etter all den Samhug, som Saki hev vist seg aa hava ute i Folket. No skal Loven sendast til Yverhuset med det fyrste; men det er snaudt nok mange, som bryr seg stort um, anten Lordarne svarar so elder so. Det store Fleirtal av Folket og Underhuset hev sagt si Meining, og Styringi hev latet Ord falla um, at ho inkje paa nokon Maate vil gjeva etter, og skulde Lordarne setja seg imot no og, so er ho endaa Kar for aa faa Viljen sin fram. I England er det, som me fyr hev nemnt, so, at Fyrsteministaren hev Rett til aa utnemna so mange Lordar, som han vil, og so snart ein er Lord, so hev han Rett til aa vera med aa røysta i Yverhuset. Set no Yverhuset seg imot Valloven, so kan Gladstone faa Tak i 2 _300 frilynde Skreddarar elder Skomakarar og gjera dei til Lordar, so fær dei frilynde Fleirtal i Yverhuset med ein Gong.

So snart Valloven er vedtekjen, kjem det Forslag fraa Styringi um aa dela Valkrinsarne paa ein nokon annan Maate, enn det hev voret til dessa.