Tidender.

 
Kristiania, den 14de November.


Saalerbanen. Nokre Utsendingar fraa Saaler var nyleg inn aat Styraren for Inredepartementet og vilde telja ført for Banen sin. Statsraaden, Arctander fekk daa Tilføre til aa orda litevetta um Banebyggingi i det heile. Han sagde daa, at ei jævn og planmæssig Utvikling av Veg- og Jarnvegsstellet, var ei Sak, som laag Styret paa Hjarta som ei av dei vigtugste Uppgaavur.

Sidan var dei inn aat Statsministar Sverdrup, han ogso gat um det, at dei no heldt paa og arbeidde ut ein Plan for Samferdsle-stellet. Um Saalerbanen sagde han som si Mening, at det var den Banen, som fyrst laut byggjast, men paa det Vilkor at det vart teiknat no so mykje som fyrr Kr. 1,200.000.


I Bankstyret i Bergen sit Konsul Jebsen, Herm. Baars og Hjalmar Løberg. Jebsen reiste burt ihaust, og Varamannen skulde innkallast. Kapt. Krogh var her No. 1, men Yverstyret i Trondheim gjekk utum honom og skreiv aat No. 2, Agent J. Lund. Krogh vil klaga paa dei. Dei segjer at Grunnen er den, at Loven vil hava ein Handelsmann i Styret, og at det vart ingen Handelsman der, skulde dei taka Krogh. Men Saki er den, at dei hev godkjent Baars som fullgod Handelsmann fyrr ein Gong, daa ein Høgremann vart inkallat, men no skal det gjerast Vandskar. Storthinget, som her er øvste Styremagt hev ogso kjent Baars god som Handelsman, men Høgre vil nok inkje lyda den Styremagti. Det vøre væl, um ein tok ifraa eit slikt Parti nokre Bankpostar endaa, sidan det ser ut til at dei aldri kann læra Folkeskikk. Stortinget vil væl halda Augo med dei.


For frisindet Christendom Nr. 21 og 22 inneheld: Om Fædrelands-Kjærlighed IV _VIII. _ Bør der være borgerlig Straf for Gudsbespottelse? _ I Nyt Tidsskrift (imot Arne Garborgs Melding av Prof. Petersens Bok Om Skabelsen).

Bruun er imot, at det skal vera Straff for Gudsspotting. For skulde det vera Tale um slikt, so maatte det inkje verta mindre enn Døden. Men er det det, som skal straffast, at Kjensla vaar vert krenkt, so er det greidt, at me hev like so liten Rett til aa spotta Trui aat Fritenkjararne, som dei til aa spotta vaar. Me torer inkje gjera mot Fritenkjararne, det som me inkje meiner, at dei hev Rett til aa gjera mot oss igjen. Og me torer hell inkje straffa Fritenkjararne for det som me slett inkje held for strafverdugt, naar det er me som gjer det mot dei. Er det Syndi mot Gud og Sanningi, som Straffi skal raama, so maa ho raama Fornegtingi, inkje berre Spotten. Og Fornegtingi er det ingen, som krev Straff for. Men er det berre Krenkjingi av den religiøse Kjensla aat Menneskje, det er Spursmaal um, so fær Heidningen hava den sama Retten til aa krenkja Kjensla vaar, som me til aa krenkja hans.


Frimerkje for Føring av Folk sameleids som for Brev er det ein som skriv um i Dagbladet. Det var slik med Brev ogso fyrr, at det var dyrare aa senda det langt enn stutt. Men no koster det like mykje, anten det berre gjeng til Grannebygdi hell um Posten ber det Hundra Mil. Kvifor skulde det inkje ganga an paa same Maaten med Folkeføringi, so at naar han betalte Kr. 0.25 t.d. paa Drammensbanen, so kvitte det Banen eit, anten han gjekk ut ved Bygdøy hell vart med radt til Drammen. For at det skulde løna seg paa denne Maaten, maatte Folk reisa 3, 4 Gong so mykje. Og tru dei kom inkje til aa gjera det, naar det vart so billigt?


Alexander Kjelland skriv aat Kyrkjedepartementet og klaga yver det Tapet han maa lida ved det, at Bøkerne hans vert umsette paa framande Maal, utan at han fær nokot for det. Til aa avhjelpa den Skaden, søkjer han um aa faa ei Diktarløn.


I Danmark hev Vinstre voret kløyvt i fleire Parti. No hev dei freista aa faa dei meir samstelte i Motstandet mot Regjeringi; Bergkalladalle Vinstretingmenn ihop og vilde freista faa istand eit Parti Det danske Venstre, det var ogso Stordelen som sluttad seg til det, men ein Del vilde inkje.


Frankrike. Tinget held no paa med aa endra Grunnloven. Det er alt gjort Vedtak um, at ingen Etterkomar av franske Kongar elder Keisarar skal faa sitja i Senatet (Yverhuset).
Senatet kjem vel i det heile til aa verta umskipat nokot meire i Høve med den demokratiske Tanken enn det er no.


Kolerasjuken. Fraa Mandags- til Tysdags Notti døydde det 90 Menneskje av Kolera i Paris. Lækjararne trur inkje Sotti skal spreida seg mykje. Ho held seg no i ein av dei elegaste Bylutarne. Det er mange der, som driv Handel med Fillur, og Folk trur, ho skal vera førd dit med Klutar fra Yport.


Fraa Evje skriv ein l. d. til Vestlandsposten. Fyrre Sundagen var det Drykkjelag paa ein Gard her i Bygdi. Ein Landhandlar og ein Vegarbeidar vilde daa prova Styrkje for Moro; men medan dei drogst vart Landhandlaren sinna, drog ein Kniv og kløyvde Leparne paa Vegarbeidaren og gav honom eit Stikk i Hovudet. Ein, som vilde taka Kniven fraa Handlaren fekk ei Flerre i Haandi. Lækjar vart hentat.

Drykkjen hev divers teket mykje til i Evje no i det siste, serleg bland Ungdomen; det vilde difor vera godt, um baate Foreldri og andre vilde arbeida med Aalvor mot dette Vonden.


En stor politisk Dumhed , kallar ein Høgresvenske det, som skriv i Morgenbl., at Høgre i Norig hev set seg imot de nationale Bestræbelser.


Eit lite Hefte paa Norsk, som heiter Noral kjem ut, sjaa Lysingi. Fær det Avsetning vil det koma oftare.


Fire Kalvar paa eit Aar _ fraa 1ste Oktbr. 83 til 1ste Oktbr. 84 _ hev ei Ku paa Møkjedal i Høyland boret 4 Kalvar; ho fekk Tvillingar baade Gongjerne. Kalvarne var store og velvaksne.


Inman Liniens kgl. Postdampskib City of Montreal, som gjekk fraa Kristiania den 24de Oktober kom til Newyork den 9de November. Alt væl.