[Tidender.] England


Dei faae Venerne, som Salisburyhev i Underhuset heldt seg svert spake, daa Røysterettsloven var framme der. Sume trur, det kom av, at dei viste det var faafengt, og at Salisbury sjølv vilde tala des hardare og des meir, naar Loven kom til Yverhuset; men andre trur, det kom av, at Lordarne no er rædde og inkje vaagar annat enn gjeva etter. Ellest er mange av dei radikale misnøgde med, at Høgre hev gjort so litet av seg no i det siste. Dei radikale saag helst, at Lordarne sette seg imot Valloven no og, for dei veit, at Folket inkje vil gjeva seg no, og at Yverhuset i det Tilfellet vilde verta reint avskaffat.

Kor stor Medkjensle ein engelsk Lord hev med sine Medmenneskje, hev me eit godt Døme paa i desse Dagar. Paa ei Øy paa Vestsida av Skottland, Skyeer det eit Herregoss, som heiter Kilmuir. For nokot sidan var ein Macdonald Eigar av det; men i 1857 vart det selt til Major Fraser for 1,422000 Krunur. Men Leiglendingarne paa Øyi skynad snart, at dei tapad paa Bytet. Fraser likad inkje Smaaplassarne, men aa brjota Semjurne, det vaagad han seg inkje til. Men kvar Gong han hadde Tilhøve til det, sagde han upp Smaaleigararne utan aa bry seg det minste um, at Leigaren og at Federne hans hadde rudt Plassen fraa uminnelege Tider. Aakerlendet, som høyrde Landsbyarne til, vart gjort mindre og mindre, og Folk tok snart til aa lida Naud. Mange av dei mindre Komunerne gjorde Fraser reint folketome og Folket laut flytja til Byarne, der det var Svolt fyrr. Dei som inkje vilde forlata Fedrajordi si vart utjagade som dei skulde voret Udyr og dei hadde inkje nokot annat Val enn anten aa døy av Svolt elder forlata Landet. Dei, som var att, laut bitala so store Avgifter, at det var raadlaust aa klara det. Dei laut bitala for 6 Kyr, der dei berre kunna føda 4 o.s.fr. og Fraser vilde inkje visa Rettferd paa nokot Sett elder Vis. Folk fann seg lenge tolugt i dette; men daa dei tykte det gjekk altfor vidt vart dei samstelte um inkje aa bitala Leiga. Fraser svarad med aa segja upp 71 av dei; men daa Utkastingi skulde ganga for seg, sette Leiglendingarne seg til Motverje, og det saag so ille ut for Fraser, at han vart nøydd til aa setja ned Leiga. Men no var Folket so utarmat, at dei inkje endaa kunna bitala, men han vilde inkje slaa av meir. Dei, som inkje er nøgde kann gaa sin Veg, var alt han svarad, naar Folk klagad seg for honom.

No i Mai skipad dei eit Samlag i Skotland, som skulde hava til Uppgaava aa arbeida for, at Landloven vart betre. Nokre Menn fraa Kilmuir var og med, og dei vart uppsagde av Fraser. Men daa Utkastingi skulde taka til, sette Leigararne seg til Motverje mot Politiet. Sidan hev det vortet verre og verre, so Fraser no hev lotet beda um Soldatar for aa hjelpa seg. Dei frilynde Bladi hev no teket til aa umtala Saki, og dei gjev Fraser Skuldi for Ugreida. I Underhuset hev Styringi fenget Spurnad um, kvifor ho sende Soldatar til Skye.


Innanriksministaren svarad, at Folket i Kilmuir hadde forbrotet seg mot Loven, og at Styringi vilde taka seg av Saki. Saki kjem snart fram att i Underhuset, og daa skal me segja nærare fraa, korleids det gjeng.