Skuggsjaa.

 
Dei grunnlovstruepaa Hønefos hev haldet eit politisk Møte. Baate Formannen, Hr. O. Færden som heldt fyrste Talen og L. L. Daa bar seg med Graat og ille Laat for, at Høgre paa ein so skammeleg Maate hev faret den Vegen Høna sparkar. Det heile som kom fram var mest berre ei Umskriving av nokre av Versi i den Visa, som Høgre hev sunget paa etter 26de Juni. Sume av Versi var sungne utan Umskriving og, det vart heilt kjende fraa Solør og Festningi; men Talararne meinte vel, at store Sanningar inkje kan nemnast ofte nok.

Fyrste Talaren var som sagt Hr. Bonde O. Færden. Han meinte, at me hev havt ei stor Umvelting her i Landet i Aar, steggleg stor Umvelting. Men, etter som eg kann sjaa av Morgbl., so nemner han inkje nokot um, kvat som var velt um; berre at denne Umveltingi var ein Uting. Men han trengde no helder inkje ganga so hart inn paa dette; eg tenkjer me minnest det godt nok alle saman: Prestarne med sine eggjande Rødur, Morgenbl. med sitt Trykk og sine juridiske Distingsjonar, Statskup, slipte Sverd og ladde Kanonar o.s.v. o.s.v. Men Kararne dugte inkje til aa køyra fram, som dei hadde tenkt, Statskupsvogni veltad, og ut i Søyla bar det med alle, som i var. Det var Umveltingi, og eg er einig med Talaren i, at dette var ei stor Umveltning _ for Høgre. Eg er og einig med honom i, at Stellingi daa vart klaar for dei, ja eg trur ho vart so klaar, at det er vandt ho nokon Sinn kann verta klaarare.

Ellest ser det ut for, at Hr. Færden inkje tykte det var verst det, som hadde hendt. Det var verre Ting ventande fraa Vinstre. Dei hev soleids paa sitt Program inkje nokot mindre enn: Sereige i Ækteskapet, Disenterloven og Husmannsloven. Aa faa det fram vilde vera aa støyta um Forfatningi, meinte han. Forfatningi vart altso fyrst umstøytt i Vaar, og fær Vinstre fram det dei no vil, so vert ho umstøytt ein Gong til. Det var vondt fyrr, no vil det verta verre, og eg kann nok vera sams med Hr. O. Færden i aa ynka Forfatningi, dersom ho skal faa ein Umstøytt so rett som det er. Det vert vel inkje store Bitar att av henne um nokre Aar daa, er det Von.


Men Hr. O. Færden tenkte seg um, og han fann, at med denne siste Umstøyten var det inkje so faarlegt. Kommunestyri i Landet hadde sagt nei til baade Disenterloven og Loven um Sereige og Husmannsloven, og det var for Talaren eit Merkje paa nokot godt. Og det er rimelegt; Høgre er eit kristelegt Folkeferd, difor maa dei vel hava all Grunn til aa vera glade for, at Disentarne framleides lyt betala Skatt til Skularne vaare, og endaa tek me fraa dei Retter, som dei hev havt fyrr. At Folk segjer nei til Husmannsloven og, maa i Sanning gleda ein Mann med kristeleg Medkjenslefor Smaafolk, daa Husmannen hev det so godt som det er, at han inkje kann ynskja seg det betre. Som det no er, kann ein snild Bonde svelta og jaga Husmannen sin mykje verre, enn han vilde gjera med Hunden og Hesten sin, og skulde den paatenkte Husmannsloven koma istand, so vilde ein Mann, som viste sitt kristelegeSinnelag paa ein sovoren Maate koma til aa bøta elder verta sett fast, og det, lyt me vel alle vera einige i, vilde vera det verste, som kunde timast _Husmannen. Og kor maa inkje alle me, som er gode Borgarar gleda os yver, at Loven um Sereige fekk sin fortente Dom av Kommunestyri. Skulde det ganga, som nokre Vinstremenn vilde, so vart det heretter Dags Uraad for ein Ungkar aa taka seg fram, um han var komen aldri so mykje paa Knei _ utan han vart so faavitug, at han tok til aa arbeida. Nei no er det, som det skal vera: me brukar Pengarne vaare til Bayer og Tobak og meir slikt, og naar me so er Fant, so gjifter me oss paa ein kristelegMaate med ei rik Gjente, og so legg me i Veg paa nytt Lag att. For me er kristelege, og me vil inkje støyta um Forfatningi.

Av Hr. Ludvig Daa fekk me bland mange andre vituge Ting vita, at Norges Grundlov er lig et havareret Fartøi, idet mange af dens vigtigste Bestemmelser er satte ud af Kraft: Eg skynad det inkje med det sama, for eg hev aldri voret tryggare paa, at Landsens Lov, baade Grunnloven og andre Lovar, vart heilt og fult hevdad; men daa eg tok til aa tenkja meg um, so fann eg, at H. Daae hadde Rett. Etter som Høgre hev talat og skrivet um Forfatningi, so kann det snaut slaa feil, at dei med Grunnloven hev meint Fakultetsbetenkningi og Lovarne for Novemberforeiningi, og at dei tvo i denne Forfaldets og Nedgangens Tid er sette ut av Kraft, det er skrasikkert.

Daae hadde Rett.


Til Slutten kom Hr. Daae med nokre Ord, som syner greidt og klaart, at baade han og alle Høgremenn meinte det aalvorlegt med det, at ein skal agta og æra Styringi, anten ein likar ho elder inkje. Fyrr hev Professoren fortalt oss, at Venstres Ledere var komne inn i Kongens Raad, og no fortalde han, at Venstres Ledere er Ulve i Faareklæder . For ein djup Vyrdnad for Styringi Daae kann syna, korleids Tiderne enn er! og Høgre hev synt den nett paa sama Maate like sidan 26de Juni.

Men Ulve i Faareklæder er inkje korkje Daae elder Høgre, det skal me gjeva dei Ros for. Dei hev fyrr fortalt oss, at dei er nett det motsette av det, som Vinstre er, og det er og so sant, at dei inkje turvte segja det korkje til meg elder nokon annan. Eg hev iminsto tenkt, baade daa eg las, kor truande Professoren talad mot oss Vinstre paa Møtet i Porsgrunn, og daa eg høyrde um Kanonarne og Sabelslipingi og alt det andre, som dei tok seg for, og som saag ut for aa tyda paa Graabeinen, at Høgre tedde seg som Faar i Ulvepelsar. Ulvepelsarne tedde dei fram lenge; men daa dei skulde visa seg i all si Velde, daa saag me alle, at Faaret laag gøymt under.

Det var og det, som var Grunnen til, at det gjekk, som det gjekk, sagde Morgbl. i Sumar.

Avhaldsvenerne heldt eit Møte i Arbeidarsamfundet for aa røda um kven dei skulde stydja ved Kommunevalet. Under dette kom Skulestyrar Qvam fram med, at Høgre inkje gjer nokot for Upplysningi. Morgbl. er svert so uppøst for det, som ventelegt kann vera. Det er eit sterkt Stykkje, synest dei der uppe i Vollgata, og det sama tykkjer eg. Kven er det vel som hev arbeidt for Upplysningi her, dersom det inkje er Høgre. Hev dei kanskje inkje sendt ikring baade Daae og Y. Nielsen og Rustad og Skaar og Grosserar Gulbrandson og Sten fraa Bygdøy og m.fl. for aa upplysa Folk um det rette og sanne? Vandrar dei inkje ikring fraa Hus til Hus med Uppropsskrifter og Budstikken og Fædrelandet for at vort arme forblindede Folk skal faa Tilhøve til aa læra den sunne og sanne Upplysning aa kjenna? Og endaa kjem Skulestyrar Qvam og segjer, at Høgre inkje hev gjort nokot for Upplysningi! Sanneleg! Morgenbl. hev all Grunn til aa segja, at slikt er uvitug Tale.


_ r _.