Tidender.


Kristiania, den 21de November.

Avhaldsmenn og Sedugskaps Vener heldt eit Møte um Tyrsdagen for aa samraadast um, kvat dei skulde gjera for aa vinna fram sine Meiningar i Styringi. Stordelen meinte, at dei var for veike endaa til aa setja nokot igjenom aaleine, dei maatte halda seg til den politiske Flokken, som det var mest Hjelp aa faa av, og det maatte væl helst vera Vinstre, for Vinstre var dei fleste og dei megtugste, og de hadde voret so umsynsfulle, at dei hadde sett upp ein Avhaldsmann paa Lista si til Kommuenvalet, Lækjar Nissen. Difor vart det vedteket, at Avhaldsmenn helst burde stydja den Lista og røysta saman med Vinstre. At Morgenbl. inkje likar det, er nokot som alle kann vita.


Eit Folkemøteskal Vinstre halda i Gymnastikksalen paa Festningi, um Maandagen. Sakførar Blehr, Professor Schjøtt, Chr. Bruun og Lækjar O. Nissen skal tala. Det gjeldt um aa ruska litevetta i Kristianiabuen ogso no, daa Kommunevali stend for Døri, dei skal haldast 4de Desember; og daa vert det fyrste Gongen, at dei nye Røysterettsreglar fær syna sine Verkningar. Det ser inkje ut som um Høgre hev nokor stor Tru um at dei skal faa sine Menn fram meir, for um den Høgreforeiningi som dei freistad aa grunnleggja paa Ordi aat Daae og Heuch o. fl. hev dei inkje laatet eit Ord, anten um kor mannsterk ho var hell annat; dei hev væl inkje fenget so mange med seg, at dei torer nemna Talet er det Von. Og det var inkje det Grand aa undrast paa, um Kristiania ogso tok til aa bruka Vitet, for dei maa væl skyna, at det er ingi stor Von um aa faa sine Krav fram, naar dei skal hava baate Regjering og Storting imot seg, for aa ganga som Rovediltarar berre etter nokre Grosserarar og Morgenbladstrævarar vert dei inkje for feite av paa Lengdi.
 

Høgreprestarne her i Landet hev havt det annvint med aa tolka Evangeliet paa 23de Sundag etter Trinitatis. Fyrr 26de Juni 1884 heitte det, at Styringi var innsett av Gud, og at me difor var skulduge aa lyda henne som Guds Tenar. No sist daa ein slik Prest talad um det Emne, høyrde ein litet til, at Styringi var Guds Tenar; men det var eit annat Bibelspraak, som daa kom dess sterkare fram, og det handlar um, at ein skal lyda Gudmeire enn Menneskje.

Ein Høgreprest kjem aldri i Beit, um Tiderne skifter aldri so mykje. x.


Til Minning for Landmenn. Fraa Holla Sokn ved Skien, skriv dei til Bratsbergs Amtstidende: Brukseigar Aall paa Ulefoss lid Skade paa Buskapen sin. Han hev alt lotet slagta 3 Kyr, og 2 er so sjuke, at dei truleg lyt sama Vegen. Dyrlækjaren segjer, at Kreturi er forgiftade. Det hev gjenget soleids til: Krubburne i Fjoset hev nyleg voret maalad med ein Farge, som det er mykje Mynje i, og i Mynja er det sterk Gift. Kreturi hev truleg komet til aa sleikja i seg nokot av Maalingi og paa den Maaten fenget Gifti i seg.


Vitugt. Ein Underofficer sagde til ein Læregut: Gjer heilt um, so skal du faa sjaa, at Ranselen heng som ein Tiggarpose paa Ryggen din.