Um Kyrkjestellet.



Kor fager skal Guds Kyrkja staa
og for hans Aasyn Ynde faa,
naar alle Hjarte samde er
og i den same Tanke slær:
aa elska Gud og halda fram
i Broderkjærleik, Fred og Sam.
 
 
I mange Ting hev me gjort store Framstig i dei seinaste Tider. Det hev komet nytt Liv i Landet, Folket hev lært aa hevda seg sjølv og hev arbeidt seg upp ein Styremaate, som er av dei beste i Verdi.

For Politikken hev her vaknat ein aalmenn Hug, eit aalment Arbeid.

Men korleids er her med det kyrkjelege Stellet? Er me likeso langt komne paa den Leidi, stend me like so høgt der, hev me der naatt det same frie Sjølvstyret?

Ein skulde venta det. Ja ein skulde venta, at me var komne mykje lenger der enn i det politiske. Den Flokken, som Kyrkja samlar, skulde væl vera den beste og fremste av alle Samfund, som tenkjast kunde. For der er det dyrare Hugmaal og sterkare Samband, meire Kraft og Kveik enn i kvart eit verdslegt Samfund. Kyrkja skulde væl standa som den reine Møy millom alle sine Systkjen, bjart og ljos, straalande ut yver heile Mannaheimen, den druste Drosi, som alle andre Samfund maatte bøygja sine Kne framfyri.

Men korleids er det?

Tykkjest ho inkje fyrr aa maatta løyna sitt Andlit av Blygsla, sigande ned for Heimsens sterke Aandar. Tykkjest inkje dei digre Murar aa standa her berre som Vitne um gamall Stordom, som inkje snart kann koma att? Tykkjest ho inkje aa likna eit Plagg med Bot utanpaa Bot, so at det gamle Tyet snart inkje held Sting meir?

Kvifor skal me løyna det lenger, at Kyrkja vaar er i Nedfall?

Ja samanlikne berre det religiøse Livet vaart med det politiske; samanlikne Riksskipnaden vaar med Kyrkjeskipnaden vaar _ eg tenkjer Folk tarv inkje tenkja seg um lenge, fyrr dei segjer, kvat det er av dette som stend høgst og som er lengst framkomet.

Medan me ser Vokster og Framgang paa alle andre Leider, so stend Kyrkja sturande og magtlaus, ho vinn inkje meir enn aa verja seg mot Aagrip og stydja under sine Murar, ovundsjuk paa dei Magter, ho maa ganga og tena som Træl.

Men det er inkje Kyrkje aa kalla for, fyrr ho stend paa den fremste Plassen, høgt yver alle dei andre Samfundi.

Det er not eit langt Arbeid fram for Kyrkja. Det er meir enn eit Manns _ hell Dagsverk som trengst for aa reisa ho upp att i full Glans, det maa fleire Ætter til. Aller minst munar det, um noko Prestar kjem ihop og freistar med ei ny Bot paa det gamle Klæde.

Arbeidet maa gjerast meir fraa Grunnen, skal Bygningen standa traust. Inge Teoriar hjelp her, ingen Stormanns Kraft; det er med livande Steinar (1 Petr. 2, 5) at Huset skal byggjast, det skal veksa upp or kvar kristeleg Mann og Kvinna si Trong og samfengde Arbeid.

Det er den frie Samanslutning av kristelege Menneskje, som einast fortener Namn av Kyrkje.

Og fyrr ein kann venta nokot større kyrkjelegt Arbeid, maa her fyrst vera eit sterkt og livande kristelegt Liv.

Naar Kyrkja er i Nedfall, so kjem det seg av det, at det kristelege Livet er i Nedtall.

Moralen vaar er klein, Trui veik og trivlande, Forkynningi veik og utan større personleg Aalvor og Kraft, og den teologiske Vitenskapen magtar inkje aa fylgja med Tidi, men hev stadet i den same Skora aa kalla, i fleire Hundrad Aar, so at vil ein lita paa den, fær ein nok venta lenge.

Nei nokot større Aalvor med Kyrkjeumvøligni kann her inkje verta Tale um, fyrr her vert full, fri, sterk personleg Kristendom i Landet. Det er berre dei mindre Kyrkjesaker me til daa fær driva med og so fyrebu det større Arbeid til sidan.


A.