Boksjaa.


Fortuna, Roman av Alexander Kjelland, Gyldendals Forlag.


Denne Boki fortel vidare um den Huslyden, som me vart kjende med i Gift, den fyrre Boki hans Kjelland, og det er difor mange Ting som heng ihop med den; det er forvitnelegt dette aa likesom raaka att dei, som ein hev vortet kjend med fyrr og faa sjaa dei i andre Høve. Men Boki er daa slik, at ein ikkje endeleg treng um aa hava leset den fyrre fyr aa fylgja med.

Det er um Huslyden aat Professor Løvdahl det handlast no ogso, men Sonen Abraham, som veks upp i Gift, hev vortet fullvaksen og gift Mann no og er Styrar av Fabrikken Fortuna. Framifraa grumme, vælseda og vyrdande Folk, baade rike og fine, Folk som alting fell seg og lagar seg væl for. Men dette Livet er innholt, og det kan inkje løyna seg paa Lengdi; det bognar, og alt lyt fram, naar Kjelland legg Silkjehandskarne sine paa dei _ den gylde Hamen sig av dei so fint, all denne Dygdi og Drustleiken vert inkje annat enn Fjom.

Det er ein annan Huslyd, som ogso er skildra, Høkeren (hev voret) Kruse og Kjeringi hans, og dei tvo Sønerne, den eine Sakførar og den andre Prest (Morten Bakstrævar, som han heitte paa Skulen, i Gift).

Aa for ei gild Kjering ho Madam Kruse, det er eit Menneskje som alle maa verta glade i, so hyggjeleg, klok og fin, og ei Kjering med To i ogso, greidt vilde ho hava det. So mykje som ho heldt av den tykke Morten, so vart det daa forgale lel, naar ho fekk rette Skynet paa honom. For han var nok inkje fødd til aa vera Prest Stakkaren, men som Høker hadde han vortet ein av dei fyrste.

Morten var tyk og svær og legte aldrig andet end Krambod, han mistede aldrig en Kobberskilling, og før det blev fastslaaet, at han skulde studere; _ thi det blev fastslaaet, Jørgen kunde ikke staa sig, naar Amalie Cathrine tog paa med de mange Ord _; men før den Tid stod Morten med Faderen i Kramboden og handlede for Alvor.

Og hvor mangen Gang hadde ikke Jørgen med Beundring seet den seige Sikkerhed, hvormed den Lille tog Tobaksrullen, maalte ud efter Mærkerne i Disken og afskar Tobak for to Skilling saa akkurat i Mærket, at var det ikke indenfor, saa var det ialfald slet ikke udenfor.

Hu, det er nok fleire Høkerar me hev til Prestar enn den tykke Morten, men han var no vist av dei verste. Der han snikte seg inn Bakvegjen aat Løvdahl, der han trudde seg til aa faa so ovstore Rentur for Pengarne sine; men so gjekk det galet, det vart Buslit, og Presten kom att kvit i Andlitet og berre ropad Mine Penge _ mine Penge. Men det var inge Pengar aa gjeva honom att. Min kjære Pastor, segjer Løvdal. De ved selv, at jeg i dette Øieblik desværre ikke er istand til at skaffe dem disse Penge. Men jeg skal gjøre noget andet for Dem _ noget, som kanske kan være væl saa godt og gavnlig for Dem.

Hvad er det? _ skynd Dem _ De ved en Udvej! _ aa Gud være lovet!

Jeg vil bede Jesus, at han vil hjælpe Dem.

Præsten tumlede bagover, somom de havde slaaet ham med dette Navn i Ansigtet.

Han likad nok inkje den Raadi, var det visandes for. Men det var fyst, daa han heldt Preika si om de ti Tusinde Talenter; om den stygge Magt, Pengene har blandt os, at Mor hans fekk rett Tak paa, korleids det var laga med Grumguten sin.

Boki handlar um Buslit (Fallit), inkje berre i Pengevegjen, ogso i det aandelege. Men det finst her friskare Krefter ogso. Og som vanleg hjaa Kjelland vert inkje Arbeidsmannens Kaar hell gløymt. Han er glup til aa fortelja Kjelland, frisk og leikande lett i Laget, det er som med Smørkringla hans Øystein, tek du ein Bit, er du inkje god til aa sleppa Boki, fyrr du er ferdig. Men han er likevæl den av Sogeskrivaranne vaare, som skriv minst norskt. Det er Fransk og Dansk han hev bygt Stilen sin paa, men so er han ogso so formfager og felleleg for Bymannen, som det helst er Kjelland sigtar paa, og dei maalesa det han skriv, og Haad og Hæding gjeng i dei, som um det var smurt; det hev dei godt av.

Saki er væl den, at Kjelland hev for fin Maalsans til aa bruka det Kraakemaalet som t. D. Bjørnson skriv, og so hev han inkje lært Landsmaalet.

Men so hag ein Mann skulde me gjerne vilja unna det, at han kunde Norsk, for han hev den Adelen i seg, at han inkje vilde misbruka so gjævt eit Maal som vaart _ nokot me inkje vilde segja um alle vaare norsk-danske Bokmenn.