Nasjonal Vitenskap.

 
Det er med vaar norske Vitenskap som med so mykje annat godt: han er ikkje til. Han er berre under Til-emning. Der er Tiltak paa fleire Kantar, men ikkje noko heilt. Difor gjeld det for oss, at me steller væl for denne unge og litt vanskelege Voksteren; for inkje nokot Folk kann liva eit sterkt og friskt Aandsliv utan ein sjølvstendig Vitenskap.

Millom alle vitenskapelege Læregreiner er det Filosofien fyrst og fremst, som skal vekkja og utvikla vitenskapeleg Aand. Filosofien er Læra um all Vitenskaps rette Maal og rette Framgangsmaate. Gjenom Filosofien skal Ungdomen læra aa sjaa Samanhengen millom dei mange Læregreiner, Meiningi med den vitenskapelege Gransking, og Grunnen i dei Framgangsmaatarne, Vitenskapen brukar for aa naa fram til sine Slutningar. Utan Filosofi vert Studentarne aandlause Fagfolk, Eksamenshestar, som pugar seg fram fraa Prøve til Prøve for aa koma i Embætte; dei lærer sine Leksur, fordi det maa til, men vert mang ein Gong likso arme paa Aandsdaning, likso arme paa Syn og Sans for aalmenne Tankar og menneskelege Hugmaal som um dei ingenting hadde lært. Av slike Studentar fær me nok ingen Vitenskap, og naar dei vert Embættsmenn, so vert dei innestengde Kontorfolk, som berre duger til aa vera i Vegen for det aalmenne folkelege Aands-arbeid.

Me hev berre eit Universitet. Ved det Universitetet hev me ikkje Filosofi utan til Andre-Eksamen, og det vert ikkje stort. Likevæl kunde det gjera god Mun, dersom me hadde Lærarar, som kunde fyredraga Filosofien paa ein slik Maate, at unge norske Studentar kunde forstaa det, og faa Hug og Sans for vitenskapleg Tenkjing. Men no hev det i lange Tider voret so, at den Filosofien, Studentarne hev skullat læra, det hev voret ein gamall underleg tysk Filosofi (Hegelianisme), som dei unge Gutarne ikkje kunde koma inn i paa so stutt ei Tid, og som dei helder ikkje kunde bry seg so mykje um, fordi dei fraa alle Kantar fekk vita, at denne Filosofien var gamalldags og avlagt. So vart det til det, at Studentarne ikkje lærde noko Filosofi. Ja dei puggad seg fram i det Faget som i alle andre. Og so vart det som me alle veit; _ me kjenner vaare Embættsfolk, og me kjenner vaar Intelligens; der er ikkje mykje Filosofi der, _ og helder ikkje mykje Aandsdaning.

_ Det viste seg paa ein annan Maate og, at det var smaatt med Filosofien vaar.

Det vart ein filosofisk Professorpost ledig. Og so fanst det i heile Landet ikkje ein einaste Mann, som hadde vist seg aa kunna so mykje Filosofi, at ein kunde segja, at der var Mannen.

Folk hadde sett Filosofien i Gløymeboki. Dei trudde at Filosofi ikkje var annat enn denne gamle tyske Filosofien, som etter Vinjes Ord er Talemaatar og Sky og Skodd, og som ingen for Aalvor kunde finna paa aa leggja seg etter.

No hev me fenget ein svenskProfessor i Filosofi. Mannen heiter Wikner og skal vera ein god og gild Mann.

Som Filosof var han so ukjend her i Landet, at ikkje eingong den gamle Filosofien Monrad visste um han. Ingen hadde høyrt det Namnet. Kanskje er han so ung, at Namnet hans ikkje hev fenget Tid til aa spreida seg? Nei, Mannen er yver sine 40. Han hev voret Lærar (Docent) i Uppsala i yver 20 Aar. Og han hev skrivet Bøker. Dei fleste er væl ikkje filosofiske; men han hev daa skrivet um Filosofi og. Likevæl hev Mannen ikkje voret kjend utanfor Sverig.

Nokon Stormann i Filosofien er han daa væl altso ikkje. Og skulde ein taka ein Utlending til Lærar i det Faget, so maatte det daa ha voret ein Mann, som var nokolite framifraa.

Men Svensken Pontus Wikner er innsett som norsk Professor i Filosofi, og det utan Prøve elder Konkurrence.

Dei kunde ha gjort som mange trudde dei vilde gjera: latet Posten staa ledig so lengje, og so brukt Løni til aa senda ein av dei unge, som hadde søkt Posten, ut i Verdi for aa læra og utvikla seg, _ slik som dei hevgjort no likevæl. Men nei, dei tok Svensken, _ som er 40 Aar gamall, og som ikkje hev nokot Namn. Det er ikkje eingong nokon som veit, kva Slags Filosofi han fær med. Det hev vortet upplyst, at han ikkjeer Bostrømianar, og det er svært godt; men stort meir veit ein ikkje.

Det er mange, som undrast paa dette.

Hadde det vort so, at me sjølv hadde havt den rette Mannen, elder hadde det voret so, at me hadde kunnat faa ein stor og framifraa utanlandsk Tenkjar, daa vilde det voret rett og rimelegt aa hasta med Utnemningi.

Men no var det ikkje so, og daa hadde det ingen Grunn for seg aa hasta.


Kvi hev dei daa gjort det?

Tru dei, at det skal gaa lettare for Ungdomen aa læra FIlosofi og faa vitenskapeleg Aand og Sans, naar dei fær læra Faget paa Svensk?

Nei det trur dei visst ikkje.

Helder ikkje trur dei, at Ungdomen hev Bruk for ein svensk Professor i Filosofi for aa læra svenskt Maal. Me hev tvo svenske Teater her i Byen; der lærer den studerande Ungdomen so mykje svensk, som han treng um for det fyrste.

Ja, kvi hev dei gjort det daa?

Me veit ingen Grunn, naar det daa ikkje skulde vera den, at dei visste, at det liberale Sverig vilde lika det.

Dei hev kanskje tenkt, at Saki i seg sjølv ikkje var so stor. Og daa kunde ein altid gjera Svenskarne dette Aatviket.

Pontus Wikner skal vera ein god Mann. Han hev ikkje komet fram i Sverig, endaa dei i Sverig hev tvo _ elder tri _ Høgskular. Dei svenske Vinstrebladi talad godt for Mannen og sagde, at han var ädel og älskvärdog studenternes älskling, og Sveriges Baldur. So vart det til det, at Pontus Wikner, som ikkje kunde koma fram i Sverig, fordi han ikkje var Bostrømianar, han laut faa seg ein Professorpost i Norig.

Dei segjer det, at naar Svenskarne kann taka nordmenn til Professorar, som dei tvo Gonger hev gjort, so kann me og taka Svenskar.

Ja. I mindre Fag, som Kunsthistorie elder Jus. Og helst dersom me var ein so gamall og fullvaksen Nasjon som den svenske. Naar Nordmenn kjem til Sverig som Professorar, lærer dei aa tala og skriva paa Svensk. Naar Svenskar kjem til Norig, so ... ja so hev me ikkje noko norskt Maal aa læra dei. Dei kunde prøva aa læra Dansk, og so fekk me Foredrag paa Dansk-Svensk Ja-ja! ein fekk finna seg i det.

_ Men i desse Tider og under vaare Høve aa setja ein svensk Mann til Lærar i Filosofi, naar daa ikkje den svenske Mannen er reint ein Stormann, det er der ikkje god Meining i. Det kann me ikkje forstaa, _ utan Grunnen skulde vera den, som me her uppe hev nemnt; men det skulde daa væl vera slutt med det no, at norske Saker vart avgjorde etter Ynskje fraa gode Venner i Sverig?

Me veit, at slik ein Ting gjer ikkje Sverdrups Ministerium upp att. Me hev undrast nok paa, at det kunde gjera dette.

Men ingen kjenner Framtidi.

Um den Dagen kom, at me fekk eit nytt Høgreministerium, so kunde det kanskje faa Hug til aa gjera slike Ting; for me veit, at Høgrefolk ikkje plar bry seg stort um det nasjonale. Og naar dei daa drog inn svenske Menn ved Universitetet, og gjorde dette einaste norske Universitetet til eit svenskt Underbruk, til Hjelp for svenske Lærde, som ikkje vann seg fram i sitt eiget Land, og naar Vinstre daa vilde klaga, _ so kunde dei svara som so:

Sverdrups Ministerium gjorde det same. Og der var ingen av Vinstre, som sagde nokot daa! _

_ Det bør ikkje eit Høgreministerium kunna segja.

Difor skal det her vera sagt, at Vinstre ikkje likar det, som her er gjort. Me held paa Sverdrups Ministerium, fordi det i alle store Ting styrer etter Folkeviljen; men denne Tingen likar ikkje Vinstre; _ og det skal vera sagt.