Synkverving.


Bjørnson fortel i Verdens Gangnokre Sogur um Folk, som hev kunnat kvervt Synet, og so bed han andre aa fortelja, det dei hev høyrt um slike Trollmenner.

Gamle Folk i Vinje fortel um ein, som het Kjetil Høljeson, som var fraa Fosheim i Bøherad. Han var heruppe aa bygde Brattrud-Bru paa Nesland fyr 50 Aar sidan. Han kunde kverva Synet paa Folk, og dei fortel mange løglege Spikk, som han gjorde. Der kom ein Hestehandlar med ein gild Hest aa vilde selja til Høljesonen. Hestehandlaren kjytte av Hesten sin og let um, at der var ikkje Lyte paa han. Men Kjetil Høljesonen sagde, Hesten var so reint forliten; han skulde gjerne eta han upp, sa han. Folk lædde daa; men Høljesonen sagde, han skulde syna dei, at han skulde eta upp Hesten. So gaadde dei ikkje aat fyr Hesten blei so liten som ei Mus, og Høljesonen tok han og sette han med Haandi fyre inni Kjeften, og det seinste, dei saag, var Rova. Eingong vaagad han med nokre i eit Gjestebod, at han skulde eta upp all Maten, som stod paa Bordet, og det gjorde han, og so aat han upp Fati etterpaa.

Kjetil Høljeson var stor og vælvaksen og uvanleg spræk. Det fanst ikkje mange, som torde prøva Styrken hans; han gjekk Frikar. Daa han bygde paa Brattru-Bru, kom det ein gamal Mann, som het Olav Lodvarson aa vilde yver; men dei hadde ikkje lagt berre eit Tre endaa, og det torde ingen ganga paa. Kjetil Høljeson treiv daa Lodvarsonen under Armen og flaug med han yver Eintree liksom ein Katt, Lodvarsonen sagde sidan, at han hadde alli voret so rædd i sit Liv. Brattrud-Bru yver Tokke-Aai med Nesland er den høgaste Bru i Telemorki.

O.