Tidender.
Kristiania,
den 5te Desember.
Holbergsfesten
vart mint i Kristiania mange Stader. Paa Universitetet heldt dei ein
gild Fest, Prof. Dietrichson hadde skrivet nokre Vers, som Ole Olsen
hadde sett Musik til, og med Musikken spilad og Studentarne song, kom
Finfrægdi innskridande med J. Sverdrup i Fyrienden. Professor E.
Sars heldt so Festtalen.
Paa Kristiania Teater
spilad dei Erasmus Montanus og eit Festspil som H. Jæger hadde
dikta, og ein Song vart upplesen til Slutt, medan ei stor Stytte av
Holberg stod baki, og heile Skodespilarflokken stod uppstelt, alle
klædde i Bunad fraa Holbergs Tid.
I Arbeidarsamfundet heldt
Den liberale Forening Tevassfest, ei Gjente, Gina Krog,
heldt Festtalen um Holberg, Tingmennerne Quam og Konov talad ogso.
Paa dei fleste Skularne hadde dei ogso Tilstellingar.
Byen var prydd med Flagg.
Det vart Høgre
som vann lel i Kristiania ved Kommunevalet. Det var paalag 1400
Vinstremenn og yver dubbelt so mange Høgre, som sende alle sine
Herar, jamvæl gamle Pensjons-Gubbar, som inkje kunde gaa. Hellest
hev Vinstre vunne mykje sidan Stortingsvali, daa var det 3 Høgremenn
mot 1 Vinstremann, men no er det berre 2 mot 1.
I
Formannskapsvalet
i Trondheim vann
Høgre, som hadde 570 Røyster, Vinstre hadde 470. Valet visar
hellest, at Vinstre hev vakset i Trondheim sidan siste Valet, og
gjeng det fram paa same Maaten vil det snart koma i Fleirtal.
Maalsaki paa
Vinstres Program
. Styret for Austagder
(Nedenes) Vinstresamlag hev gjort eit Sendebrev iveg aat
Smaaforeiningarne, der det stend millom annat:
Med Hensyn til de
enkelte Sager skal vi udtale, at til No. 3 (Folkeskolens videre
Udvikling) bør tilføies:
Ligesaa
bør der arbeides henimod det Maal, at Landsmaalet stilles paa lige
Fod med det nuværende Skriftsprog.
Av A. O. Vinjes
Skrifter i Utval
er no utkomet siste
Heftet av andre Bandet; dette Heftet inneheld: Slutningi av
Ferdaminni fraa Sumaren 1860. Studentferdi til Kaupenhavn i 1862.
Husvære i og ikring Kristiania. Fraa Valdris og Sætrarne. Dei tvo
Gardemenn. Elsk og Giftarmaal. Ei Fjellferd. Fraa Ferder i 1869 og
70. Paa Sjaa.
Vinje vert no
gildaste Karen lel han. Dei lyt falla alle desse andre Bokskrivaranne
vaare, der han kjem. Og det vert inkje for gamalt endaa, det han
skreiv. Det er den heimlegste Diktaren, me nokonsinn hev havt. Og
so bondelugom som han er!
Er du inkje Medlem av Det
Norske Samlaget, no maa du endeleg nytta Tidi no, daa du kann faa tvo
store Band av Skrifterne hans, 1300 store Sidur for berre 5 Kronur.
Men skunda deg, dette Godkaupet varar berre til Februar ut.
Danmark.
Tinget og Styringi vert inkje samde um, korleids dei skal stella med
Landsens Pengar, og Ministeriet
Estrup
hev trugat med aa laga ein Finanslov paa eigi Haand. Dette hev
Estrup gjort fyrr; men det er reint ulovlegt. No nyleg heldt det
frilynde Samlag i Kjøbenhavn eit Møte, og der heldt Storhandlar
Neijendam ein Tale og sagde, at Folket no burde væpna seg for aa
gjeva Styringi ein Vink um, at Folket inkje vilde tola, at Styringi
for fram paa nokon ulovleg Maate. No hev Styringi lagt Sak mot
Neijendam og skuldar honom for, at han arbeidar for aa faa Folk til
aa gjera Uppreist, og no hev dei haldet det eine Forhøyr etter det
andre nett liksom det var ifjor Vinter her hjaa oss, daa Saki hans
Hol var framme. Faatalsstyret er seg sjølv likt, anten det er i
Noreg elder Danmark.
Belgia.
Det hev voret eit Studentarmøte i Brüssel. Studentar fraa Holland,
Frankrike, Danmark, Spania, Italia og Rumenia var med. Dei gjorde eit
Vedtak um, at Loven mot framande burde endrast. Victor Hugo vart
utvist av Belgia i 1871 og store Tenkjarar fraa andre Land hev vortet
burtviste baade fyrr og sidan, og det var inkje væl.
Holland.
Det hev no voret Val. Vinstre var inkje samstelte, difor tapte dei so
mange Plassar, at Høgre (Katolikkar og Kalvinistar) fekk eit
Fleirtal paa 2 Røyster i 2dre Tinget; i 1ste Tinget hev dei frilynde
sitt gamle Fleirtal paa 26 Røyster mot 12. Det kjem snaudt nok til
aa verta Ministarskifte, daa Ministeriet
Heenskerk
inkje høyrer korkej til det eine elder andre Partiet, men gjer alt,
som Tingi vil.
Publisert