Stend den norske Sak so overlag laakt?
I
Fedrah.
No.
59 er der ein Maalmann
X.
ute og ropar paa alle Mann i Vaapen, Fedralandet er i Faare:
Maalmennerne fær nokk arbeida no; snart kann det verta for seint
_
ein
svensk Mann heve vortet Professor i Filosofi her.
Vaare norsklynde
Statsraadar kunna ikkje hava vist elder viljat, kvat dei der hava
gjort, meiner
X.;
so vondt kann han ikkje tru deim.
Skulde daa
Norskdomen voret so overlag myket betre stellt, um me hadde fenget
ein
norskføddMann
til at bera fram eit
unorskfilosofisk
System i et
unorsk
Maal? Ikkje trur eg stort paa det.
Men eit veit eg
visst: den Tale, at ein svensk Professor i Filosofi skulde vera ein
Livsfaare fyre den norske Sak, at Norskdomen skulde hava so ynkelig
litet Livskraft
_
den Tale sømer seg illa fyre ein Maalmann.
Og er ho so laak i
Rynom som i Synom, den Trui
X.
heve paa Maalsaki, daa er det vel snarare
hans
Tru
paa Saki enn
Saki
sjølv
, som er i Livsfaare. Og daa vil
eg giva
X.
ei god Raad: kom ut millom det
norskeFolk og sjaa, kor Norskdomen brydder
upp av Grunnen som Gras og Blom i Grovedr um Vaaren, sjaa kor Tusund
etter Tusund fær Augat upp fyre, at dette er deira Livssak; kom ut
millom deim som dagleg liva i den Kjensgjerning, at Livet er
norsk,
just so langt som det er
Liv;
kom ut til oss Bygderne rundt, sjaa og liv med; kom ut til den store
Flokken av deim, som er so vidt
livsprøvde
i den Saki, at dei berre smila til slik Faare;
_
og du skal snart læra aa smila med sjølv.
Med det same vil eg faa
Lov aa segja, at Professor Monrad med sine Statskuptankar longo sidan
er so vel ihelslegen, at det korkje er Helte- elder Riddarferd no
lenger aa sparka til den fallne Fiende.
Vonheim 23. 12. 1884.
Matias Skard.
Publisert