Vinstre-Gudstenest


kallar Morgenbl. det, at Vinstreforeningi i Rollag hev paalagt Styret sitt aa faa Presten Oftedal til aa koma dit og preika. For ein Gong Skuld lyt eg halda med Morgenbl. her. Det er inkje væl aa blanda ihop Politikk og Kristendom; me skal inkje gjera paa samme Maate som visse religiøse Samlag, dei held seg til ein viss Politikk; eit politisk Samlag skal inkje paa same Maaten halda seg til eit visst religiøst Merkje. Var det endaa for aa merkja ut, at Vinstre heldt seg til Pietisme i Motsetning til Grundtvigianisme elder annat, at Venstreforeiningar driv med aa kalla Preikarar til Bygdi, so var det daa ei Meining i det, um det og var inkje til aa rosa. Men no er det af Interesse for god Kristendomsforkynning i det heile, for Oftedal preikar berre Kristendom. Men daa gjer dei gali, naar dei gjer sovoret til ei Vinstre-sak, det ser ut som gjort for ein Ordsauke berre, og det batar inkje Kristendomen. Lat dei faa Oftedal til aa koma nokon kvar Staden, dei har sanneleg berre godt av det. Men lat dei bjoda honom som private Menn, og inkje gjeva Tilføre til Skilsmaal og Strid.

Gjorde Oftedal rett, so reiste han aldri etter Innbjodingar fraa politiske Samlag.

bd.