Den sjaunde Salmen¹).

 
1. Eit Ihugskvæde af David, som han song fyr Herren fyr Ordi av Benjaminiten Kusch si Skuld.

2. Herre min Gud, eg gøymer meg i deg, berg meg fyr alle deim, som forfylgjer meg, og fri meg,
    3. so han inkje, lik ei Løva, skal riva Sjæli mi sund; han krasar, og ingen friar.
      4. Herre min Gud, heve eg gjort detta²), heng dar Urett ved Henderna mine, ²) som Kusch skuldar meg fyre.
        5. heve eg gjort honom nokot illt, som held Fred med meg, og heve eg klædd min Motstandar naken utan Grunn,
          6. so giv ein Fiende maa forfylgje Sjæli mi og gripa og trakka ned i Auren Livet mitt og lata Æra mi bu i Govet! _ Sela. _
            7. Statt upp, Herre, i din Vreide, reis deg imot Illskeflaumen fraa mine Motstandarar, og vakn upp og hjelp meg, du, som heve sett Retten.
              8. Lat ei Horg med Folkeslag standa umkring deg, og far yvir henna tilbakar til Høgdi.
                9. Herren skal døma Folk _ Herre, døm meg etter mi Rettvisa og etter min Heilskap.
                  10. Berre Vondskapen hjaa dei Gudlause vilde taka Ende! og giv du vilde lata den Rettferdige standa stødugt! Du røyner fulla Hjartor og Nyror, rettferdige Gud!
                    11. Mitt Skjold ligg paa Gud, som frelsar deim, som heve eit ærlegt Hjarta.
                      12. Gud er ein rettferdig Domar, og ein Gud, som er harmfull Dag etter Dag. Vender han²), inkje um, kvesser han³) Sverdet sitt; han heve spennt Bogen sin og gjerer honom ferdig.
                        13. Og han medar paa honom med Bane-Vaapen; Pilerna sine gjerer han gloande.
                          14. Sjaa han⁴), ligg barnsjuk og fær Vesalldom: han gjeng med Ulukka og fær Lygn.
                            15. Ei Grav heve han gravet og holat ut og fell sjølv i Holet, som han gjerer.
                             
                            16. Ulukka, som han veld, kjem tilbakar paa hans eiget Hovud, og paa Kruna hans fell hans Vald.

                            17. Eg vil takka Herren etter hans Rettvisa, og syngja um Namnet aat Herren dan Høgste.


                            ¹) Salme 1 _6 er umsette i Fedrah. for 1878 _79.
                            ²) dan Gudlause.
                            ³) Gud.
                            ⁴) den Gudlause.