Fraa Kristiansands Seminar.


Seminaristerne held Samtalemøte kvar Laurdagkveld. Der talar dei no om kvat, som kann falla. Dei kan somti vera livlege til aa ordskiftast, so det er ein Lyst aa høyra. Sist Laurdagskveld samtalad dei um Maalsaki. Dei var gode Maalvenner var det likt til; der var inkje ein einaste som talad mot Maalsaki. Alle var norsk-norske. Ingen _ ialfall av dei som uttalad seg _ var for Knutsons-Maalet.

Det vart framhaldet, at Seminaristarne hadde ei av sine største Uppgaavur i Maalreisningi si Teneste.

Semianristarne vilde hava Lærebøkerne i Skulen yversette i ei meir forstaaelig Form _ paa Landsmaal.

Daa Ordskiftet var slutt vart eit Vedtak gjort soleids:

Forsamlingi uttalar som si Meining, at det norsk-norske Maalstræv er fult berettiget samt at me som tilkomande Lærarar skal arbeida for aa faa det norsk-norske Spraak innført som Skriftspraak .

Den 20/ 1 85.
T. A.