Fraa Nordre Aurdal.


Me har no faatt Midelskule her i Aurdal; ho er enno privat, men det er Tanken aa faa gjort henne offentlig. Det er aa vona, at denne Skula vil koma til aa gjera nokolite godt. Berre Skade, at Oplysningsverket altid skal gaa Haand i Haand med Danskingsverket! Det er rart aa tenkja paa, at Dansk, Tysk, Engelsk o.s.v. skal lærast i vaare høgre Skular, men Norsk ikkje! Men det er aa vona, at Ervingen vil koma til sin Rett. I det heile er det meg uskjynelegt, kvifor so mange Framandmaal skal vera tvungne Læregreiner ved vaare Skular. Kva Meining er det i, at ingen kan verte norsk Embættsmann utan fyrst aa ha lært ei heil Horg med Utlendingsmaal, baade daude og andre. I Embættet elder i Livet fær han ingen Bruk for mangt av denne Maalkunskap, som har kosta honom so mykje Arbeid og Pengar, og den vil difor meir og meir gaa i Gløymeboki. Av di so mange utrengelege Læregreiner er upptekne i Embættsskulom, vert Læretidi so lang og kostesam, at evnerike, men lite midla Menn ikkje kan gaa den Vegen.
 
Straks fyre Jol hende her den Ulykka, at Bonden Nils Nordaaker bleiv i Strondafjorden. Han var ein Tur nordanfor, og daa det drygde so lenge, fyrr han kom att, for ein avstad for aa høyra etter honom. Einstad paa Strondaisen, or Vegaleidi, fann han Sleden med avbrotne Sjæker, og i Nærmunom hadde Mann og Hest gaatt ned. Dei fekk uppatt Mannen, men ikkje Hesten. Det var myrkt og Snøfok, daa han hadde voret paa Heimleidi, og dette har truleg ført til, at han miste Vegen. So har væl den kaate Unghesten skapt seg galen, skilt seg fraa Sleden og baade han og Mannen vingla i Dauden.

D