Frilynne og kristeleg Mildskap

 
er nokot, dei inkje skal hava stort meir en Namnet av, dei som inkje kann vera med paa, at Dissenterarne fær Tilhøve til aa verta Lærarar i Folkeskulen i slike Ting som Sogalære. Det er baade sagt og stadfest, no nyleg ogsaa i Fedraheimen. Er det verkleg so? Ja er det so, daa stend det nokk inkje vidare til med Frilynne og kristeleg Mildskap i vaart Storting; største Parten er imot aa giva Dissenterarne hin Retten. I denne Saki i minsto hev daa Storthinget med eit teket Avskil med sin Fridomshug og sleget seg ilag med Atterstrævet, og deira Kristendom og kristelege Kjærleike vitner denne Saki i minsto det um, at dei hev mindre av baade, dei som talde fyre og som fylgde Odelsthingets Meining, enn dei som fylgde Lagthingets.

Eit Paastand, som fører ut i slikt Far, er inkje myket truande; daa er det nokk trulegare, at heile Paastandet maa koma av Mistyding. Korkje Fridom elder Kristendom krev, at me skal lata Dissenterarne verta Lærarar fyre vore Born i dei Lærdomsgreinar, der Skilnaden i Tru maa koma fram. Kan nokon vera i Tvil um, at Skilnaden i Tru hev nokot aa gjera med det aa læra Borni Historie? Korleids kunde ein Katolik læra Borni i ein evangelisk Folkeskule eit Sogablad som det um Reformationen. Det vil vel segja, at det nokk inkje vil gaa so braadt med aa faa Katoliktrui inn i Folk i eit protestantisk Land. Og det kann dei visst trygt segja; det hev nokk ingen stor Faare. Men kvifyre skal me giva Tilhøve til at Barnehjartat kjem burt i Villa og Tvil, som det endaa inkje magtast aa greida. Skulde Fridomen krevja dette av os? Elder trur nokon, at den kristelege Mildskapen imillom dei kristne Trudomsmeiningarne vilde fremjast ved det, at ein Dissenter vart Lærar i Sogalære i Folkeskulen? Skal tru inkje baade Frilynne og Kristendom helder vilde semjast godt um den Setningi: Full Fred og Fordrag imillom alle; men kvar lyt vera fyre seg der Trui kjem med.

Det skulde inkje talast so, at det korkje er rett Frilynne elder rett kristeleg Mildskap hjaa den, som meiner, at ein Dissenter inkje kan vera Historielærar fyre lutherske Born.

Andr. R .