Uniformar.


Rosabrev er det Smaaborni likar best; eg hugsa sjøl at dei tyske Sylatrarne med blaatt og raudt paa var so dragande fyr meg, at eg drøymde um deim um Notti. Eg hugsar ogso, daa eg sjølv kom paa Eksisplassen og fek Uniform ilag meg mange hundre spræke Unggutar, daa tykte me ogso det var gjildt, men paa ein annan Maate. Der fekk me store og smaae um kvarandre Klædi utan aa faa prøve ette um dei sat maavite, og me slost um Fillurne; eg saag netupp tvo som slost um ei gamal Brokræde, som saag litegrann skapeleg ut, dei helt kvar i sin Ende _ men det tok en Ende me Rædsle _ Broki remna i tvo og dei laag baade paa Marki med kvar sit Laarstykkje. So laut me heimatte og fara i Kongens Klæde, men der var Rosabrev _ der ein lang Slaap med ei Brok, som ikkje naadde ne paa Tjukkleggen, der ein liten Fyr med ein Frakk som naadde til Knes. Ein gjekk paa Hoseleistom og bar Skorne, ein kunna gjerne bruka sine til Familjebekvemmeleheit. Ein kunna gjera heilt um i Buksunne utan at dei snudde seg, ein annan var som spjelkad og det rimna og gav Ulaat fraa seg for kvar Rørsle. Me saag ut som tyske Musikantarar og Fantar av ymse Slag; men læjandes Andlit var det utyver heile Moen, og me kjende, at eit nytt Liv skulde byrja, me viste, at me var komne med den militære Aand og Tanke, og at me skulde verte heilt gjennemsyra av Korporalitet

Eg kom til aa draga meg dette Bilæte for Augo, daa eg saag i Avisa um at Statsraadarne vaare skulde faa seg Uniformar. Tenk dei skal ganga og sveiva seg med smaa Ambarspyter til Sabelar ved Sida, _ jau dei skal ikkje bera Sverdet forgjæves! Eg tykkjer det vert mest likare dette Billæte enn det fyrste. Aa sjaa alle desse Fridomsmenn med so mange blanke Knappar og Snorer og trikanta Hattar, og Ordenar ogso maavite, det ser litegrann rart ut; men det gjere naturlegvis ikkje noko, naar me veit kven som er innunder; men Rosabrev er det. Uniformar og slike Greidur er fraa den raae Tidi, daa Folk som mest heldt paa aa drepa kvarandre, daa der var Krig og Borgarkrig og Standsskilnad yver det heile. Ei Snor elle ein Knapp skal ein ha, som hev seg litegrand yver ein annan, og hev ein tvo Snorer, so skal Mannen agtast meir enn den som berre hev ei o.s.v. Det er likesom naar ein merkjer Sauderne, for at dei ikkje skal forbytast. Skal me ikkje vera komne so langt enno daa, at det skulde gaa an aa bruka sine eigne Klæde uten nokot Rosabrev? Snorer og trikanta Hattar er vel ikkje til Meinbikse for nokon, men dei syner daa, at Folk endaa er Born og det paa ein Maate som ikkje er den rette aa vera Born paa. Eg skynar ikkje at nokon kann faa eit aalvorlegt Ord fram or seg naar ein er tilfjangla med slikt Skilderi.

A. H.