Haardusken. Ei Forteljing fraa Italia, etter Rosenthal-Bonin. [Forteljing til Utklypp]

 

-16-

 

til Gjenta. Men detta drygde, og det kom ingen Gut. Korleids kunde dette hanga ihop? Folk tok til aa undrast og murra _ skulde det daa vera mogelegt, at det var nokon, som berre hadde gjort det paa Gant, ein som berre vilde bæda Gjenta og ikkje vilde taka henne. Men var det so Tilfellet, so skulde han sanneleg ljota taka henne ogso. Kven det so er, so skal han ikkje sleppa fraa detta, det skal aldri spyrjast um vaar By; han skal taka henne, um det so skal standa um Livet. _

 

Folk øste seg reint upp og trugad med knytte Nevar, og meinte paa det, at ei slik Skjemsla skulde dei alle vera samstelte um aa hemna. Dei trengde seg umkring Ditta, som endaa sat like stød paa Muldyret: _ Kven hev gjort det? Kven hev gjort det? _ skreik dei fraa alle Sidur. _ Veit du det, so skal du segja det; slikt skal ikkje gaa utallaust. Han skal gifta seg med deg; ja det skal han; elder so skal han døy! Kven var det? Kven var det?”

 

_ Det var ein fraa Palene _ svarad Ditta med klaart Mæle.

 

_ Fra Palene? Ja han skal døy, gjer han ikkje si Pligt _ skreik dei i Munnen paa kvarandre. _ Kven var det i Palene?”

 

_ Handlaren, Don Ernano _ svarad Ditta.

 

Han? Han? Framandmannen? Ljoshotten, Lauparfanten?”

 

_ Ja det er det same, kven det er _ skreik andre _ døy skal for vaare Hender, soframt han ikkje vil gjeva deg atter Æra di. Kom Karar paa Staden, take med Knivarne Dykkar, me vil av og tyna den Skarven.”

 

_ Ja, ja _ skrall det ifraa tjuge Strupar, og um ei liti Stund var det alt ein Flokk paa Vegen til Palene.

 

_ No fyrst hoppad Ditta ned og sette Muldyret paa Stallen og gjekk so beinast inn i Romet sitt, utan at ho talad eit Ord til Moder si.

 

Ho seig ned paa Sengekanten og drog Pusten djupt.

 

_ Aa ja Gudskelov, no kjem daa ingen til aa slaa honom ihel, fordi han gifter seg med meg _ tenkte ho med seg sjølv _ no vil dei tvinga honom til det; og han vil ikkje bjoda av. For hava meg vil han gjerne, det veit eg; og no vil nok ogso Pieter-

 

 

-13-

 

Steinmuren. Tidleg andre Morgonen var ho ferdug, men ikkje lagad ho til Aabiten, ikkje helsad ho paa Moder si; ho var bleik, og umkring Munnen var det eit fastare Drag enn ellest. Ho berre vaskad seg og flettad Haaret, so for ho straks til Stallen og sadlad paa Muleselet, men til stor Undring for Moderi lagde ho ingi Klyv paa, berre hoppad upp sjølv og drog nedetter Vegen til Palene.

 

Eselet traavad kjapt. Men daa det endaa var tidlegt, tog ho seg ei Kvild midvegjes, let Muldyret faa beita framved Vegkanten og lagde seg sjølv ned i Graset. Ho studde Hovudet mot Handi og let Augo sviva paa det vida. Ho laag soleids og drøymde og duste eit Bil, det seig ein Smil yver Andlitet, og tilslutt vart det so løglegt for henne, at ho maatte lægja ende ut. Ho reiste seg upp, slengde seg paa Eselet, og um ein Times Tid var ho i Palene. Ho stadnad framfyre Budi hans Lugano.

 

_ Aa, er Gjenta so tidleg ute idag atter – var Helsingi hans, med di han ansad paa, at ho ingi Klyv hadde, lagde han til:

 

_ De vil væl hava igjen Sviblarne Dykkar, kann eg tenkja? Moder Ceprano sjølv vil _

 

_ Nei eg kjem ikkje i slik Ærend idag, Ernano _ sagde Ditta fort, ho kunde snaudt berga seg for Laatt _ det er Haarskjeraren eg skal raaka idag. De er daa Barber, rakar og klyppar Haar. Eg vil beda Dykk um aa klyppa av Haaret mitt.”

 

_ Kvat for nokot? _ ropad han reint forstøkt _ det væne Haaret? Det kann daa aldri vera Aalvora det lel; det er eg ikkje god til aa gjera!”

 

_ Er De Haarskjerar, Don Ernano? _ spurde Ditta, fast i Maalet.

 

_ Ja det stend nok so paa Tavla mi, og eg skjer Haaret ogso paa den, som vil hava meg til det, men _ men _ vil De selja detta væne Haaret daa?”

 

_ Det kann vera det same, kvat eg vil med det; nei eg vil ikkje selja det helder. Men no kjem eg til Dykk, for at De skal gjera som eg vil _ sagde ho, og han høyrde at det var Aalvor i Maalet.

 

 

-14-

 

_ Maa eg daa verkeleg _ spurde han, han var endaa uviss og viste ikkje kvat han skulde tru um detta.

 

_ Ja de maa, um de vil_ var Svaret hennar. Og dermed steig ho skjott inn i Budi.

 

_ Um De viste, kor vondt det gjorde meg! _ byrjad han atter _ er det ein Lovnad daa? _ spurde han.

 

_ Aa ja noko slikt, men for meg meir _ det var Svaret han fekk.

 

_ Er det so Dykkar faste Vilje daa _ vaagad han seg fram med endaa ein Gong.

 

_ Vil De, elder vil De ikkje, Don Ernano? _ sagde Ditta, og lagad seg halvegs til aa ganga.

 

_ Ja, naar det endeleg maa so vera, er det ikkje onnor Raad daa. De fær berre setja Dykk daa! _ sagde han og gjekk inn i Kleven etter Ambodi si.

 

Med det same kom det tvo Menn inn i Stoga og sette seg til.

 

_ Du hev Arbeid, Ernano _ sagde den eine, og so gliste dei og saag burtpaa henne, som sat paa Stolen midt paa Golvet.

 

_ Er ferdug straks. _ Berre lite Grand, veit eg _ sagde han halvhøgt og bøygde seg nedaat Ditta, og tok ytst i Haarfletta hennar.

 

_ Nei, Snaudklipping skal det vera. Heilt innaat!”

 

Han maatte taka aat; varsamt fatad han um dei digre Fletturne, og klemde paa med Soksi, det gjekk smaatt og seint, og Ditta saag i Spegjelen framfyre seg, korleids han riste paa Hovudet alt i eino; endeleg fekk han Haardusken laus, og vart standande med honom i Handi reint forkvifsad.

 

_ Farvæl og takk for Arbeid _ sagde Ditta, sprang upp fraa Stolen og kastad paa det snaude Hovudet, og ute var ho, fyrr han kunde sansa seg, han saag berre Timdi av henne, daa ho traavad burtetter Gata.

 

_ Nett Gjente _ sagde dei hine tvo _ hadde De kaupt Haaret hennar?”

 

 

-15-

 

_ Eg veit aldri eg _ svarad han _ det er slik ei underleg Gjerd paa denne Gjenta, at ein vert ikkje klok paa henne.”

 

Men han var som reint fortullad etter dette, han var skjelvande i Handi og maatte agta seg, at han ikkje skulde skamskjera dei tvo, som vilde rakast. Og daa dei var gjengne, vart han sitjande att med Haardusken i Handi og gruna paa, kvat Meining det kunde vera med detta. Kvar skulde han so gjera av Haaret? Han viste væl av, at Gjenturne plagad fara med ymist Tull og Vas, Lovnader og Paafund, men Ditta, ho som var so stød og vitug jamt _?

 

Nei kor mykje han tenkte, so skynad han ikkje detta. Endeleg lagde han Haardusken inn i eit Skaap; men heile den Dagen vart han berre gangande og sviva og undrast, var ikkje Kar um aa taka noko fyre seg til aa gjera.

 

Det var høgst Dags Leite, daa Ditta kom attende til Palenella. Ho kom ridande inn i Byen med Skautet i Handi, som ellest var so imot all Kvendesed, i Staden for dei store lange Fletturne saag ein no berre Haarstubbarne atti Nakken. Det for som ein Elding gjenom Byen, at Ditta hadde vortet ”avhaarat”. Og dei som ikkje fekk spurt det paa annan Maate, dei maatte skyna, at noko var paa Ferde, etter den Maaten, som Gamla Ceprano tok imot Dotter si paa. Det vart ein Yl og ein Skrik paa Gamla, som var yver alle Grensur. Ho slog Henderne isaman, reiv seg i Hovudet, englad og svor, so dei høyrde det lang Veg. Ditta sat ganske still paa Muldyret sitt og høyrde paa all denne Læta, og leet Ungarne kringsetja henne og hausta og hæda so mykje som dei vilde. Ringen um henne vart større og større, baade Menn og Kvendfolk gav seg til aa standa bisna og glaapa.

 

Det var snaudt nokon, som ikkje unte henne dette, ho som allstøtt hadde gjenget so kaut paa det og vraka for Endes. For no var dei visse paa, at Guten som hadde gjort dette, ogso var der paa Flekken med Haardusken i Handi og kravde Retten sin

 

Frå Fedraheimen 18.02.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum