Tidender.


Kristiania, den 17de Februar.

Krigen i Sudan. Dei segjer no, at Gordon vart skoten, daa han skulde gaa til den austrikske Konsul. Den austrikske Konsul i Kartum vart og drepen og den græske vart fangad. Dei er no komne etter, at dei Bodsendingarne, som Engelskmennerne no og daa hev fenget fraa Gordon, inkje hev voret ækte. Dei Speidaranne, som Engelskmennerne hev sendt ut, hev haldet med Mahdien og boret falske Bod til Engelskmennerne. Naar det soleids heitte seg, at Gordon skulde hava sagt, at han kunne greida seg i Kartum eit heilt Aar, so er det nokot, som Gordon aldri hev sagt. Han skal tvertimot hava sagt, at han inkje trudde paa Folki sine, og at han var umgjeven av Svikarar paa alle Kantar, so han trudde inkje han fekk njota Livet rett lengje. At Mahdien vilde faa Engelskmennerne til aa tru, at alt stod so væl til i Kartum, kom av di, at han vilde narra dei so langt inn i Øydemarki som mogelegt, daa han hadde Von um aa tyna dei dess lettare der. Alt den Tidi, det kom sikre Meldingar fraa Gordon og Kartum, sagde ein Ægyptar til ein Engelskmann, at naar Mahdien inkje hadde teket Kartum, so kom det av, at han inkje vilde taka den Byen endaa. Men naar dei Krigsfolki, som England sende til Sudan var komne so langt inn i Landet, som han vilde, daa skulde Byen takast. Og soleids gjekk det og.


Kvat Elektresiteten kann gjera . Maandag 8 Dagar sidan Klokka millom 9 og 10 um Kvelden tok det til aa blaasa hardt ved Aalborg, Jylland. Samstundes saag dei ein blaa Loge paa Vatnet ved ein Plass tett ved Byen. Vinden førde Logen mot Land og yver eit 2 ½ Aln. høgt Gjerde og spreidde honom der til alle Kantar. Dei blaaraude Flammerne regnde no nedyver ein Kolhaug og nokot Halm, men tendrad inkje. Vinden tok tri Kulur av denne Logen og førde upp mot Taket av eit Hus. Den eine av dei var so stor som ei Valnot; ho gjekk yver Taket og raakad Oksli aat ein Mann, som gjekk paa den andre Sida av Huset. Ho spreidde seg daa i utallege Straalar og vart burte. Klædi aat Mannen fatad inkje helder; han kjende berre litet Grand Svidlukt. Daa Logen hadde brunnet i 5 Minuttar, vart alt burte.


Illvoren Gris . Paa Abildskov i Jylland hev dei en Raane, som for nokre Dagar sidan var vorten utslept. Sonen der paa Garden vilde jaga honom inn i Grisbingen att med ein Svolk; men Grisen vart rasande, rende mot Guten og reiv honom overende og beit honom stygt i den eine Foten. Guten brydde seg inkje stort um dette; han sprang inn paa Loven etter ein Høygaffel (Neip) og vilde freista aa jaga Raanen med den; men inkje fyrr vart Dyret Guten var, fyrr det rende mot honom med open Kjeft. Guten freistad aa verja seg; men det var faafengt. Grisen reiv honom ikoll og beit honom stygt, mest i det eine Laaret. Guten laut no sjaa til aa berga seg, og det var med Naud og Neppe, at han kom seg inn gjenom Kjøkendøri. Um Kvelden, daa Guten skulde leggja seg, saag dei, at han var so ille medfaren, at det hekk Kjøttrevlar fast i Klædi hans. Smaa Klædefillur var og sette so djupt inn i Kjøtet paa honom, at det hadde sine Vandskar aa faa det ut att. Det laut koma Hjelp fraa Grannegardarne, fyrr dei fekk fanga Grisen.


Ung Udaadsmann . Ein 12 Aar gamall Gut i Beaconsfield, England, hadde nyleg fenget Refsing, fordi han hadde teket eit 6 Aar gam
alt Barn or Vogga og lagt paa ein Omnsrist, so det brende seg forderva. No sit Guten fast att, fordi han hev teket ein 5 Aar gamall Gut, bundet honom til ein Stolpe og latet honom staa soleids ei heil kald Natt.


Snøfonner hev gjort mykje Ugagn i Sweits og Landet derumkring. Soleids fortel Bladi i Sweits um eit Hende fraa Landsbyen Grosonrello: Rapelli, ein Offiser hadde voret, og Kona hans og den 14 Aar gamle Dotter deira budde der. Kona var sjuk, og Sundag 14 Dagar sidan medan Mannen og Dottri var hjaa henne i Sengromet, kom det ei Snøfonn over Landsbyen. Ho knuste Huset hans Rapelli og han sjølv vart ihelslegen med det sama. Dotteri fekk den eine Foten klemd inn millom 2 Bjelkar og vart hengjande med Hovudet ned og kunne inkje koma laus. Moderi som og var hart inneklemt kunde røra den eine Armen so vidt, at ho med Fingrarne naadde i Haaret aat Gjenta; men nokor Hjelp kunde ho inkje gjeva. Gjenta skreik og bad um Hjelp alt ho vann; men det var ingi Hjelp aa faa. Daa ho hadde hengt so i 30 Timer døydde ho. Moderi hadde utan Tvil og stroket med, dersom ho inkje hadde fenget Tak i ei Høne med den Handi, som laus var. Ho hadde strøypt Høna og so haldet Livet i seg Kjøtet; Fjøri hadde ho dekt Akslarne sine med, so Snøen inkje skulde drysja ned paa nakne Hudi. Ho laag no soleids i 60 Timar; daa kom det Hjelp; men daa hadde ho mist Vitet.


General Grant er hardt sjuk.


Kjærleiken er so mangeslag . Huseararne, eit Folkeferd i Asia, frir paa ein rar Maate:

Dei, som vil fri til ei Gjente, møtest paa ei stor Slette. Dei sit alle paa gilde Hestar og er utan Vaapen. Gjenta møter og upp paa ein gild Hest, og so tek Friingi til. Gjenta rid avstad, og naar ho tykkjer, at ho er komi langt nok, slær ho ut med Armarne. Far hennar gjev daa eit Teikn til Friaranne, og so rid dei etter, den best som best vinn. Den, som naar i Gjenta og fær slaa Armen um Livet hennar, han vert daa den lukkelege, og Gjenta lyt gifta seg med honom, anten ho vil elder inkje. Det varar inkje lenge, fyrr ein ser, kven Gjenta vil skal vinna, daa ho freistar aa rida fraa dei andre. Ein, som saag paa ei sovoret Friing melder: Friaranne var den Gongen 9; men daa den hadde haldet paa i 2 Timar var dei att berre 4. Dei andre hadde lotet gjeva seg. Dei 4, som att var, heldt saman, og bland dei var og den, som Gjenta vilde hava. Men so datt Hesten hans ikoll, og Gjenta viste no inkje si arme Raad. Dei 3 Andre kom nærare og nærare, og alle ropad dei, so hardt dei orkad: Eg kjem Rosa mi! Eg er Guten din! Men Gjenta braasnudde Hesten sin og no bar det som Vinden burt imot der Kjærasten hennar heldt paa aa reisa Hesten sin. Daa Forfylgjaranne hennar saag det, skulde dei braasnu dei og; men i Skundingi støytte tvo av Hestarne so hardt saman, at baade dei og dei som paa sat, datt ikoll. No log Gjenta, for ho meinte nok ho kunne greida seg fraa honom som att var. Men han hadde ein rask Hest og um inkje lengje var han so nære henne, at han rette Armen ut for aa taka henne um Livet. Men Gjenta braastanad Hesten sin og lagde seg flat etter Hesteryggen, so det inkje vart nokot av Fangslingi. No sette ho avstad att, og um inkje lengje naadde ho den ho vilde. Han var no komen paa Hesten og slog Armen um Midjen hennar, so han hadde vunnet.