Til Storthinget.


I den siste Mannsalderen, fraa ikring Femti-Aari, elder um ein vil rekna fraa Firti-Aari, daa Henrik Wergeland diktad Langeleiken paa Valdersmaal og daa Ivar Aasen skreiv sine fyrste Visur paa Sunnmørsk, hev det voret uppe i Landet eit Arbeid med veksande Magt for aa faa det norske Folkemaalet upp til Bokmaal jamsides med det almindelige Skriftsprog, som Landet tok i Arv paa dan danske Tidi.

Arbeidet gjekk her som i andre Land, der ein slik Maalstrid i seinare Tid hev voret uppe, fram av ein uppvaknad og sterk national Sans, som kravde heilt aandelegt Sjølvstende og vilde vinna att for Landet alt som var tapt av folkeleg Vyrdnad og Rett i lange laake Tider. Gjenom Kav og Strid vaks det seg sterkt, og er no ei Reisning, som hev vekt Hug for Norskdom og folkeleg Upplysning vidt um i Landet. Sterkast stend Bondeungdomen fylkad um Saki, og det hev vortet til eit Krav, som mange Nordmenn samlar seg um no: at Folkemaalet bør hava full Fridom og Rett jamsides med Bokmaalet .

Dette Kravet er i Grunntanken godkjent av Statsmagterne, med di at det i 1878 vart fastsett av Regjeringi etter Vedtak av Storthinget, at Folkemaaelt skulde vera Undervisnignsmaal i Landsskularne.

Men denne Avgjerdi, som i seg sjølv var eit sannt Vælgjerds Verk mot ei stor Yvermengd av Ungdomen i Landet, kunde ikkje vera annat enn halvgjort Arbeid. Dette viser seg i sjølve Storthingsvedtaket av 1878, med di det hev voret naudsynlegt aa setja inn eit saavidt muligt i den same Avgjerdi, som i Grunntanken godkjende Folkemaalets Rett.

Det er vaar Meining og vaar Bøn, at Statsmagterne no, i Samhøve med dei Tankarne, som er framsette i Statsminister Sverdrups Skuleframlegg, maa gjera det dei kann til, at denne Retten for det norske Folkemaalet, kann verta heilt ut godkjennt. Me bed um, at all den Urett og Ufridom, som Folkemaalet enno lid av gamle Vedtak og gamle Vanar, maa takast burt, so vidt Statsmagterne kann gjera det.

Og dette er ikkje berre vaar Bøn. Fraa alle kantar av Landet kjem det i denne Tid Vedtak og Avgjerder, fraa Lærarmøte og fraa Folkemøte, som alle gjeng ut paa det same: lat dei tvo Maali koma paa like Vilkaar; lat ikkje vaart heimlege Maal, Fedramaalet, som Bonden hev visst aa verja og vara fraa gamall Tid, lida Urett av det seinare innkomne, som for so mange i Landet er eit framandt Maal, og eit Maal, som ikkje vil høva!

Dersom Avgjerdi av 1878 skal koma i 
Verk, maa dei, som skal vera Lærarar, gjevast Tilføre til aa faa den Rettleiding i Folkemaalet, som dei kann turva. Hertil krevst, at Undervisning i dette Maalet kjem inn paa Lærarskularne. Like eins trur me, at det maa skipast so, det for dei Lærarar og Foreldre, som vil hava Folkemaalet i Skulen, vert gjevet ut Skulebøker paa Landsmaal, i den Formi og paa den Maaten som Regjeringi finn rimeleg etter Samraad med kunnige Menn, og so, at Folk sjølve kunna velja.

So hev me tenkt, at det bør vera so, at det stend fritt for alle, som hev med Statselder Kommune- elder Kyrkjesaker aa gjera, Embættsmenn elder folkevalde, aa bruka det Maalet, dei sjølv finn høvelegt, Bokmaal elder Landsmaal, i Skrift som i Tale, til offentleg Bruk. Dette maa, etter vaar Meining, avgjerast, ved Lov elder paa Embættsveg, daa det hev synt seg, at Autoritetarne ikkje altid vil godkjenna annat Maal enn sitt eiget i offentlege Saker.

Det vil vera vigtigt av nationale Grunnar, at dei ulike Maali, som er uppe i Landet, ikkje kjem til aa skilja Folket fraa kvarandre meir enn naudsynlegt er. Av den Grunnen er det sjølvsagt, at Ungdomen paa Landet maa læra aa lesa det vanlege Bokmaalet; men av same Grunn trur me, at Ungdomen i Byarne bør faa nokot Kunnskap um Folkemaalet. Dette maatte væl gaa for seg so, at det vert paalagt alle offentlege Skular aa bruka nokre av Timarne i Norsk til Øvingar i aa lesa Landsmaal. Um dette hev Skulestyrar P. Voss i Kristiania skrivet ei Utgreiding i Vor Ungdom for 1878, som me viser til og sender fram som Vedlag.

Um desse Ting vender me oss med gode Voner til Norigs Thing, og vaart Ynskje er, at Storthinget, um det finn Grunn i dei Tankarne, me her hev framsett, vil vedtaka eit Framlegg, ei Uppmaning til Regjeringi um aa fremja denne Saki paa beste Maate, gjenom Forslag til Lov elder paa Embættsveg, ettersom det best maatte høva, og me vil foreslaa, at Storthinget sender fram til Regjeringi dette Brevet med eit slikt

Vedtak:

Storthinget ynskjer, at Regjeringi vil sjaa til kva som best kann gjerast for at det norske Folkemaal, i dei Maatar som i dette Brevet er ummeldt, kann faa full Rett og Fridom jamsides med Bokmaalet.

Kristiania 14 Februar 1885.

Nils Juel. L. Liestøl. H. E. Berner.
I. M. Ueland. L. M. Bentsen. O. Berge.
Hans Øverland. I. O. Lange. Hjalmar Løberg.
T. Jørstad. I. Hvamstad. O. Jullum.
O. Thomesen. Olaus Eskeland. Hans Saakvitne.
Peder Rinde. Joh. Holmesland. W. S. Dahl. 
Olaf Sveinsson. M. A. Aarflot. L. Hektoen.
I. Olafsen. O. L. Holm. W. Konow.
V. A. Wekselsen. O. I. Sørum. P. A. Sønju.
N. Kolbenstvedt. N. I. Sørensen. Lars Oftedal.
Albert Jacobsen. Elias Melvær. Edv. Liljedahl.
L. Blilie. J. Reitan. John Lund.
M. Mortensen. K. Kirkhorn. Nils Melhus.
A. Quam. E. M. Havig.