[Tidender.] Danmark.


Skjotarlagi heldt Møte Sundags Kvelden Kl. 8 ½ i Kjøbenhavn. Styret er høgre og det hadde komet med Framlegg um, 
at ein skulde hava voret Medlem av Samlaget i 6 Maanader, fyrr ein fekk vera med og røysta; Vinstre vilde inkje ganga med paa dette, og difor melde dei seg inn i mengdevis for aa standa imot. Høgre paa si Sida gjorde og alt dei kunde for aa melda inn Medlemer; men det ser ut til, at dei inkje hev kunnat skikka so mange som Vinstre, daa Styret tok attende Framlegget sitt. Ialt vart det ved det Tilhøvet innmelde 1400 nye Medlemer. Vinstre hadde fraa fyrst av tenkt paa aa faa nokre Plassar i Styret; men daa Styret hadde teket Framlegget sitt attende, kom Vinstre med Framlegg um, at Styret skulde uppatveljast, og det vart daa gjort.

_ Estrup hev no komet med Framlegg um, at han vil styra etter sitt eiget Budsjet-framlegg, dersom det inkje vert nektat i baade Tingi. Stort lenger kann vel inkje Skammløysa gange. Han veit, at der sit mange Høgremenn i Landstinget, so han hev Von um aa finna Medhald der, og so vil han inkje bry seg um korkje kvat Folket elder Folketinget vil. Han styd seg berre paa Kaksarne; men det kann henda dei vert veike Styttur med Tidi.

_ Paa eit stort Folkemøte i Kjøbenhavn uttalad Folket seg sterkt imot det Lovbrot, som Høgrebladi lovar skal koma. Den gamle Folketingsmann Alberti sagde sama Gongen: Det gjer meg vondt, at eg i si Tid røystad for, at Kristian den 9de skulde verta Tronfylgjar. Det er den einaste Avrøysting, som eg hev Grunn til aa angra paa. Desse Ordi vart mottekne med godt av Folket.