[Tidender.] Fraa Utgjevaren av Nora.


Salet av fyrste Heftet gjekk overlag godt fyr seg. Det kom inn mange Tingarbrev fraa ymse Stader, og til Slutt hadde me fengjet Vederlag fyre alle Utlegg. Nokot um Senn fekk eg og Spurnader etter andre Heftet, og mange sagde, dei likad godt Boki, difyre sendte dei no Pengar til fleire.

Eg vil no faa segja dei Takk, alle dei, som hjalp til.

Samstundes bed eg dei, som hev sendt Pengar inn til andre Heftet, orsaka, at dei til dess ingi Bok hev fengjet. Det vart Ugreidur med Prentaren. _ Ho er komi no. Og so vilde eg beda Maalvennerne taka seg av Heftet, so det kunde verta seld ei høveleg Mengd av det Landet ikring.

Prisen er den same som fyrr, og det er enno Raad til aa faa fyrste Heftet. _ Eg vil beda so mange som hev Hjarta og Hug fyre Maalsaki, senda Pengar fyr baade Hefte snarast. Fyre 25 Øyror fær Ein deim baade fritt i Posten.

Skriv berre til Utgjevaren av Nora, Christiania