[Tidender.] Tiderne vendest.


Me ventad at me skulde faa sjaa nokre fæle Preikur i Morgenbl. yver dei 41 Tingmenn, som vil hava fram det norske Maalet til full Rett. Me ventad aa faa høyra um Frækhedens Triumf og Sandhedens Nederlag o. s. v., me ventad, at det skulde verta ei Buldring yver all Maate og ein Illskeflaum utan Like. For det hev jamt voret so for det Slag Folk, at Maalsaki var det vanvittigste, den største Utopi (Heimløysa), som Folk kunde finna paa, og det var berre, so det rauk av Raabarking og Fjøsopdrætting. Men no hev me mest vondt av Friele, naar me ser korleids hans kaate Mot hev spaknat paa so stutt Tid. Dei skynar det deruppe ogso no, at det duger ikkje lenger berre aa skammskjella, Maalsaki gjeng so likevæl no, veit dei, dei er berre som Bikkja som gøyr mot Maanen, og difor er dei kloke nok til aa draga Horni aat seg, medan det endaa er Tid.

Høyr her kva Friele no i sin Visdom dekreterar:

Finde virkelig voxne Folk, Storthingsmænd og Kommunemænd at deres Skrift og Tale bliver klarere, forstaaeligere og som Følge deraf mere skikket til at gjøre sig gjældende hos Læsere og Tilhørere, om de benytte Landsmaal eller Dialekt som Forretningssprog, da bør det ei formenes dem. Vi tro, at Forholdene her ville regulere sig selv .

Viselig talat beste Friele, da bør det ei formenes dem. Bladet maa nok sutra og segja, at dei for sin Del ikkje vilde finna seg meget tiltalte af at høre Landsmaalet fra vore Prædikestole. Men desverre vert det nok faae, som spør etter Frieles Meining i so Maate lenger.

Meir vrid han seg for det, at Maalet skal verta innført paa alle høgre Skular. Hu for Styggeting, naar dei skal ljota kaupa Maalbøker til dei fine Smaaherrarne og Frøkni sine, og dei skal til aa læra Landsmaal paa same Maaten som dei andre fine Maal, som kvart dannet Menneskje maa hava Kjennskap til.

Aa du fær nok tola det og Friele, for du skal røyna, at det er Bonden, som hev komet til Magti no, og han vil ikkje vita av noko Tull fraa Storingen no lenger.