Fraa Stavanger.

 

Bladstyrar! Her i Stavanger hev me eit Samlag av unge Goodtemplars no sidan Nyaar. Detta Samlaget hev me kallat “Brage”, det skal fremja Dugen aat Medlemom til aa snakka fyre seg; so skal me og lesa upp av dei nyaste Diktarverki og faa eit og annat Utlegg av ymse Ting. Fyre aa verta med i detta Laget maa ein vera Goodtemplar; men elles hev det ikkje nokot med Goodtemplarordenen aa gjera. _ Det eg vilde fortelja, var det, at me her nyst dryfte Maalsaki. Det var makalaust, kor einige alle daa var i, at det baade trongst og vilde vera hugnadlegt aa faa bruka vaart eige Maal, so me slapp gaa paa Laan. Me hadde Saki fyre oss i tvo Møte. Fyrste Møtet var det Saki i det heile; men andre Møtet heldt me oss til dei Vedtaki hans Høgskulestyrar Dahl. Daavart me samde um, at me vilde vera med paa deim. Detta skulde daa eg skriva um og fortelja.

 

Same Kvelden var der og ein Flokk, som skreiv seg som Tingarar paa Fedraheimen.

 

Og so ei venlig Helsing fraa Ungdomssamlaget ”Brage”.

 

Jens Tvedt, Formand.

Den 10de Februar 1884.

 

Frå Fedraheimen 25.02.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum