Haardusken. Ei Forteljing fraa Italia, etter Rosenthal-Bonin. [Forteljing til Utklypp]

 
-20-

lagat med alt dette, og kvifor var det at eg laut klippa av Dykk Haaret?

Ditta turkad snart Taarerne av seg, ho saag paa honom straalande av Glede.

_ Eg skal fortelja Dykk det altsaman. Eg hev lotet gjort so, for at De skulde sleppa Hemni fraa ein illhugad Bedlar; men no er det ingen Faare. No vil heile Byen verja Dykk, og han vil ikkje tora gjera Dykk det Slag.

Og no fortalde Ditta alt saman fraa fyrst til sist. _ Og kann du saa tilgjeva meg? _ sagde ho.

_ Tilgjeva? takka deg vil eg gjera av mit heile Hjarta. Sanneleg er du ikkje so klok og tenkt som den likaste Sakførar. Berre Skade for det væne Haaret, som eg hev klypt av deg.

_ Aa det veks nok til att _ meinte ho. _ Naar ein kann faa den ein vil berre ved aa klyppa av seg Haaret, so er det ikkje noko dyrt Kaup.

Pieteranton vart gruveleg arg, daa han høyrde det, som var hendt. Han strauk til Byen paa Timen og tok til aa skjella ut Bønderne, fordi dei hadde voret so styvne, for det var greidt, meinte han, at Ditta og Ljoshotten, som var no ein Skarv paa alle Vis, hadde voret samstelte um detta i Fyrevegen. Men der kom han inkje langt, Bønderne vilde inkje vita av nokor Ugreide no, daa dei sjølve hadde greidt dette so godt, og daa Pieteranton ikkje vilde gjeva seg, vart Endskapen den, at han fekk slik ei Rundjuling, at han vart liggjande fjortan Dagar etterpaa. Og etter dette vart han so bljug, at han aldri torde syna seg i Byen meir, men gjekk lange Umvegjer, naar det var noko.

Gamla Ceprano vart snart forlikt med Maagen skulde verta. Tri Vikur etter var det Brudlaup, heile Palenella og mest heile Palene var til Stades, og det var mykje Skjemt og Gaman.

Desse Hendingar kann ein vita spurdest vidt umkring, og gjorde, at den gamle Skikken vart kjend. Endaa skal han nok sitja i hjaa Folket der, men det er nok ikkje stødt, at det fær so god ein Utgang, som her i denne Soga.


-17-
 
anton og agta seg for aa taka paa honom for aa hemna seg; for daa saag han snart Avferddagen sin, no daa han hev heile Byen imot seg.

So fall ho paa Kne, sukkad og bad, at alt maatte ganga godt og væl.

Kararne gjorde ikkje Vegen lang til Palene. Daa dei var framkomne, gjekk det fyrst inn ein for seg sjølv berre, sette seg ved eit Bord og fekk seg eit Glas Vin. Um ei liti Stund kom det ein til, og so heldt det paa, til Stoga var reint full med Folk, som alle hadde store Knivar hengjande i Beltreimi og saag morske og illhuga ut.

Lugano var ein hugheil og urædd Mann, men likevæl tyktest han, at dette saag berre ymist ut. Han tok til aa gruna paa kva dette skulde tyda, daa det braadt reiste seg ein av dei, kom burtaat honom og sagde:

_ Don Ernano, De hev klypt Haaret av paa ein av vaare. Er det ikkje so, at De hev gjort det Meistar?

_ Jau _ det kann væl henda det _ kom det i Langdraget fraa honom.

_ Hev De Haardusken?

_ Ja, det hev eg _ svarad Lugano.

_ So vis oss honom _ kom det igjen strengt og kvast.

Lugano gjekk burtaat Skaapet og tek fram Haardusken hennar Ditta, _ Her er han _ sagde han.

_ Kjenner De Gjenta? _ spurde dei vidare.

_ Ja, det er Ditta Ceprano, eg hev kjent henne lenge.

_ Væl! Vil De gifta Dykk med Gjenta _ spurde den hin og gjekk tett innaat Lugano.

_ Gifta meg med henne? Med Ditta Ceprano? _ Lugano vart so reint forstøkt, at han viste ikkje kvat han skulde segja, berre drog seg eit Par Stig attende.

_ Ja vil De? _ Og ei tjuge store Knivar flaug upp or Slirurne, og alle Kararne var umkring honom, so at kvar han saag,
 
 
-18-

var det berre ville Augo og blanke Knivar, og dei trengde honom inn i ein Krok, so at han slapp korkje att elder fram.

_ Seg ja elder nei! _ ropad dei.

Lugano stod reint som forfjettrad og saag fraa den eine til den andre. Det var inkje Spøk her, det skynad han væl. Dei gløste rangaugom og stod med myrke og morske Minur kvar ein. 
Han tottest berre kjenna det, at so nære Dauden hadde han aldri fyrr voret.

_ Men segje meg daa _ stotad han fram.

_ Inge Rødur her Mann! Svar stutt og greidt paa det, me spør um. Vil De taka og gifta Dykk med Ditta Ceprano fraa Palenella, som de hev skoret Haaret av, elder inkje? Svar paa Flekken, at De vil, elder so _ og dei mette til med Knivarne aat honom.

Med ein Gong lyste det upp i Augo hans Lugano, han drog Anden, turkad Sveitten av Skallen og sagde smilande:

_ Ja det er greidt, at eg vil, gode Menn, hjartans gjerne; berre ho vil _

_ Ho skal vilja _ skreik dei imot honom med djup Aalvore. _ Lovar De daa høgtideleg her for oss alle, at De vil gifta Dykk med Ditta i vaar Kyrkje, med vaar Prest, sosnart De kann, i minsto fyrr denne Maanaden er ute?

_ Ja, ja det lovar eg _ sagde han skjott.

_ So er det væl _ sagde han, som Ordførar var for Flokken. _ De gjorde klokt Mann, for De kann forlata Dykk paa det, at ellest hadde De ikkje sluppet livande ut ifraa oss. _ Og dermed stakk alle saman Knivarne i Slira atter, sette seg ved Bordi og fekk seg eit Par Liter med Vin, drakk med Lugano kvar ein og ynskte til Lukka, og so gjekk dei med venlege Helsingar ut atter og strauk beinast heim.

Det var endaa i god Tid paa Dagen dei kom heim til Palenella; dei gjekk straks aat Stoga hennar Ceprano. Gamla gret og bar seg endaa for den Skurk og Skarven, den Røvaren, som hadde


-19-
 
gjort slike Styggeting. Men Ditta sat nokso vælnøgd ved Bordet og aat Kveldsmaten.

_ Me hev gode Tidender aa melda _ ropad ei ti, tolv Stykkje paa ein Gong til henne. _ Han vil, han hev lovat det høgtideleg, at han vil gifta seg med deg, fyrr Maanaden er ute. Hav godt Mot, du hev fenget atter æra di, Byen vaar er flekklaus. Det er ein klok og vælvyrd Mann; han er jamngod med kven det skal vera her i Byen vaar.

_ Ja eg er nøgd _ svarad Ditta. _ Eg takkar Dykk alle saman; De hev gjort væl imot meg, eg skal minnast Dykk det. Og naar ein saag paa Gjenta, kunde ingen segja annat, enn at ho saag sæl ut.

Denne Kvelden var det meir Liv og Røre i den vesle Byen enn det hadde voret paa lenge, Alle Folk var byrge av Byen sin, som um dei hadde vunnet ein stor Siger. Dei stod i Flokkar, rødde og log, og sprang og kjætte og galnad seg; det vart ikkje stilt, fyrr det leid langt paa Natt.

Dei hadde ikkje so mykje som eit Hot paa, at ei sløg Evadotter hadde narra dei til aa ganga Ærend for seg og slegjet dei med deira eigne Vaapen for aa fri seg for Aatak fraa ein hatad Bedlar og berga honom som ho elskad, og som ho utan Faare kunde gifta seg med.

Ditta sov so trygt og godt den Natti som ho ikkje hadde gjort paa lenge.

Tidleg andre Morgonen var ho alt paa Vegen til Palene og stadnad fyre Budi hans Lugano. Han sjølv stod nettupp burti Kroken og kokad Kaffe og gaadde ikkje aat, at ho kom inn.

_ Don Ernano _ sagde Ditta med mjukt og bedande Mæle _ tilgjev De meg?

Lugano snudde seg: _ Ditta, Ditta _ sette han i _ men kjære seg meg daa Gjente, kva alt dette skal tyda? Er det sant? Maa eg daa verkeleg ægta Dykk?

_ Er det so fælt daa? Eg trudde, eg tenkte _ ho vart berre standande og supa etter Anden.

_ Aa nei, ikkje det endeleg. Eg er ovsæl, av di eg skal faa slik ei gjæv Gjente  _ kjære graat daa ikkje Gjente, Lukka er komi yver meg som Regn fraa Himmelen. Det var ingi onnor, som eg vilde hava enn Dykk: men eg skynad aldri, korleids dette hev gjenget til. Ei Lukka, som eg aldri kunde drøymt um eingong, og so vert eg tvungen til det med tjuge Knivar. Korleids er det