Maalsaki


hev nok fleire Vener paa desse Kantar, enn mange vil tru. Talet paa Lagsmenner i Det norske Samlag fraa Stavanger By og Amt skal vera meir enn dubbelt so stort no som fyr eit Aar sidan, og dette er helder ikkje det einaste Merkje. Paa Lærarmøte og Vinstremøte vert Saki uppteki til Samtal og vinn meir og meir Folk fyr seg. Paa eit Lærarmøte fyr Jadren paa Bryne Station no Nyaar vart der eit heilt Basketak um dette. Fleirtalet av dei, som der var _ og der var mange baade Prestar og Lærarar og Bønder _, røystad fyr Maalsaki, endaa der vart sterke Motlegg baade fraa Prestar og fraa Høgrekompagniet Aanestad & Grude. Vinstreforeiningarne, som hev rødt um, kva Vinstre vil elder um Vinstres Program, som det heiter i det fine Maalet, hev som sagt komet innpaa Maalsaki _ sume iallfall, Der var i Forslaget til Program framsett Krav um meir Skule. Burt paa Madla vilde dei attaat dette hava meir Undervisning i Norsk , og krevja, at all Læring i Skulen skulde ganga paa Barnet sitt Maal . Paa liknande Maate hev Vinstreforeiningarne i Stjernerøy, Aardal, Rennesøy og Haa framsett sine Krav, medan Time Foreining krev en videre Anvendelse av Landsmaalet i Undervisningen. _ Meir veit me ikkje idag aa melda fraa Vinstresamlagi; men me er glade fyr det, som er, og so segjer me:

Det er rett, Visntremenn! Maalsaki er ei stor Sak, som vil hjelpa Bonden fram og alt det, som er norskt. Naar Kravet um Retten til aa bruka norskt Maal kjem nedanfraa ifraa Bonden sjølv, daa kann det aldri slaa fel, at det lyt koma nokot ut av det. Og naar Kravet kjem so, at ein vil hava Rett fyr norske Born til aa verta upplærde paa norskt Maal i norske Skular, daa vil ingen kunne negta, at det lydest retferdugt, og det inneheld Umbot so store og vidtrekkjande, at baade Framgangen i Skulen og Framvokstren av alt heimslegt i Livet vil muna mykje meir enn fyrr.

Godt skulde det vera, um Lærarar kunde faa læra seg meir upp i Landsmaal, so dei betre kunde bruka Maalet paa Skularne. Det er mange, som gjerne vil bruka det, men ikkje kann, og dei burde faa Hjelp.


(Vestlandsposten).