[Tidender.] Ei Avretting


skulde det vera i Fengslet i Exeter, England. Det var ein ung Mann, som heitte Lee, som var dømd til galgen, fordi han hadde drepet eit Kvinnfolk. Rettingi skulde haldast i eit Vognskjol; dei hadde gravet eit 10 Fot djupt Hol i Jordi og lagt ei Falldør yver, Reipet var bundet um ein Bjelkje. Daa Lee kom ut av Fengslet og vart leidd til Rettarplassen var han roleg og gjekk stødt. Dei batt for Augo hans og lagde reipet um Halsen; men daa dei skulde taka Fall-luka undan han, sat ho fast og det var Uraad aa faa henne til aa slaa ned. Dei tok daa Reipet av fangen og førde honom burt i Enden av Skjolet, medan Falldøri vart ordnad; men helder inkje daa dei prøvde andre Gongen slog ho ned, og Fangen vart ført inn i Fengslet att. Luka vart endaa ein Gong stelt; men helder inkje daa dugde ho, Avrettaren balad i 6 Minuttar med aa skulde løysa Luka, han trampad paa ho og gjorde ellest det han kunne; men ho sat fast, og den dømde, som hadde stadet so lengje og ventat paa, at det skulde opna seg under han og Livet hans verta utsløkt, vart no ført attende til eit Venterom i Fengslet. No tok Rettaren til aa gjera istand Luka, og no skulde det daa verta gjort. 
Den dømde vart hentat att og fekk Reipet um Halsen; men helder inkje denne Gongen dugde Luka. Alt dei trampad paa ho og arbeidde med ho, so sat ho like fast og Fangen vart tridje Gongen førd aat Fengslet att. Han hadde fyrr voret roleg; men no var han mest daud av Rædsla. No vart Falldøri for fjorde Gongen istandgjort: men daa dei kom og skulde henta den dømde, negtad Underdomaren aa lata Avrettaren faa honom, daa han endaa ingi Trygd hadde for, at det inkje vilde ganga likeeins, som det hadde gjenget dei tri Vendurne fyrr. Underdomaren tok til London og talad med styringi um Saki, og dei fekk Droningi til aa naada den dømde med livsvarugt Fengsel, for dei viste at Folket vilde verta uppargat, um Mordaren enno ein Gong skulde lida dei Pinslurne, som fylgjer med Rettingi. Bladi i England talar hardt um framgangsmaaten aat Rettaren og krev, at den, som hev Skuldi for at inkje alt var rettelegt stelt, skal faa Straff.