Chr. Bruuns Tale um Maalsaki i Studentersamfundet 28de Februar.

 

(Stutt Ordrag).

 

Han heldt med Prof. Storm, naar han hadde sagt, at Sagen kan ikke afgjøres med Ord; her hjælper ingen Theori, her maa Praxis til.”

 

Og Maalsaki ho gjeng no um dagen ho. Ho vert væl ikkje fullførd i eit Køyr no endeleg, men ho munar jamt og samt. Det er korkje ved Lov elder Ordskifte, Saki vert avgjort, men ute paa Bygderne, og der gjeng den Saki.

 

Rundt umkring i Aalmugeskularne gjeng Saki. Daa han talad um Saki her i Studentersamfundet for 18 Aar sidan, daa var det Skulmeistrarne utigjenom Landet, som var dei verste Motstandarar, men no er Stordelen av dei med oss.

 

Og millom Bønderne var det slik ei Knoting og Dansking for ei Tid sidan, no held dei det for ei Skamm aa knota.

 

Dei, som Prestar skal verta, vil nok merkja, at det er Forandring; rundt umkring paa Prestgardarne vil dei snart kjenna, at den Saki gjeng. Og Norsken vert nok ei Tid Kyrkjemaal, so mange Teologar som no er Maalmenn.

 

Det er skrevet so mykje paa Landsmaalet no i dei siste 30 Aar, at me snart hev ein heil Bokheim. Og me skal sjaa, naar det hev gjenget likeso lang Tid etter Vinje, som det no er gjenget etter Holberg, um me ikkje hev eit blømande norskt Bokliv.

 

Han vilde nemna ein Vandske ved Maalarbeidet vaart, som Storm ikkje hadde nemnt. Den er hjaa Bønderne, som endnu ikkje er komne naame nær langt nok i Aandsfridom og Sjølvstende, dei er endaa altfor mykje fastbundne i Autoritetstru og gamall Skikk og Sed. Dette er den verste av alle Vandskarne, som Maalsaki hev aa strida imot.

 

Ellest meinte han, at det var ikkje vist, um Ivar Aasens Maalform endeleg vart den, som fekk Stordelen av Folket med seg, Austlendingen vilde væl hava meir av sitt eiget med.

 

Naar han trudde, at Maalsaki kom til aa vinna, so var det fordi han trudde, at Bondemagti kom til aa auka meir og meir og dermed ogso Bondemaalet.

 

No var det Strid millom Kapital og Arbeid kringum i heile Verdi, og i den Striden er det væl Arbeidet, som kjem til aa sigra. Men her vert det ikkje Fabrikkarbeidaranne, som kjem til aa støyta ned Kapitalen, men det vert Bønderne. Daa Bønderne nyleg sigrad i Politikken, vart Hovudstaden so forfjettrad, som dei hadde mist baade Nase og Munn. Han trudde, at Kristiania skulde koma til aa

faa fleire slike Forfjettringar, naar BønDerne kjem.

 

Veks berre Fedralands-kjærleiken og Sjølvkjensla i Folket vaart, so vil dei ogso hevda Maalet sitt soleids, at alle Vandskar maa vika undan, og Maalsaki vil vinna fram til full Siger.

 

Frå Fedraheimen 11.03.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum