Intet Maalstræv i Justitsprotokollen.

 
Det var med stor Hugnad eg las i Bladom um O. J. Høyem sitt Framlegg til Stortinget um Innføring av ein høveleg Skrive-maate med norske Namn; det skal Høyem hava takk og Æra fyre. Det var sannelig et Ord talt i rette Tid, sagde Vestnespresten i Morgenbladet, daa det vidgjetne Skuledirektørforslaget kom fram um, at Aalmugjen sine Born skulde hava danske Taleøvingar i Skulen til Tyning av Heimemaalet deira. Men med di, at det no er uppe myki Røda um rett Skriving av Namn baade paa Folk og Fylke, er eg komen i Hug ei Forteljing i Alexander Kielland si Bok Arbeidsfolk, um korso det bar til ved eit Ting paa Jadren, og dette tykkjer eg Minning verdt. Bonden Njædl Vatnemo¹) er kallad fram fyre Tingbordet. Da Sorenskriveren hørte Angjeldendes Navn, sagde han, Njædel? Hvad er dette for et barbarisk Navn? _ Sagfører Tofte siger da, at det er det samme som Nils (!). Sorenskriveren: Altsaa heder han Nils, hvad mer? Vatnemo. _ Vatnemo? Spurgte Sorenskriveren utaalmodigt. _ I Amtskartet staar Vandmo, indskjød Tofte. _ Sorenskriveren: Ja naturligvis! Hvad er dette? Altsaa heder han slet og ret Nils Vandmo. Vi skal ikke have Maalstræv i Protokollerne. Ved disse Ord saa Dommeren strengt ud over Folket og siden hen paa Amtmanden, som nikkede bifaldende.

Alexander Kielland er ein kvass Rakekniv, men det var og eit tjukt Skinn, han fann fyre seg til aa slengja i baade hjaa Embættesmann og Aalmuge. Bilætet han syner fram er sannt og realt, inkje det mindste ofsat; eg vaagar hugheilt skjota til Vitnes i kvar Landsbygd. Aa for all den Nils Vand- Mo her skulde koma fram! Her er baade

Ener og Stener,
Brynild, Bæruld,
Osulf, Steenulf,
Gjeruld og Gunnuld;

d. n. Einar, Steinar, Brynjulf, Bergulf, Aasulf, Steinulf, Gjerulf, Gunnuld. Me sjaa Gullik og Hellik fyre Gunleik, Gulleik og Helleik, Herløv f. Herlaug, Gulov f. Gullaug og Rolluf f. Rollag. Det finnst snaudt eit norskt Namn, som gjeng fri fyre denne dansk-norske Raaskapen. Eg skal nemna nokre Stadnamn fraa Ryfylke etter Aalmugjen si uttale og den dansk-norske attvedsette: Kvitsøynaa (Hvidingsø), Sjednar-øyadne (Stjernerø), Sunnanaa (Søndenaa), Apaldland (Abeland), Doggskar (Dagskaar), Røykjanes (Røgenæs), Sjovarbø (Skoverbø!). Paa Agder ligg ein Gard heiter Kvitshaug, hjaa Aalmugjen daa, men i Skrift heiter det Qvægshøi. Ja Qvægshøi! Kunde ein inkje ynskja, at alt vaart dansk-norske Qvæg laag inne i Haugen, væl forvara?

I 1842 let Regjeringi ganga ut ei ny Ut-Gaava av Matrikulen. I denne var det gjort Eit stort Framsteg um endaa inkje den norske Skrivemaaten var gjenomførd til Fullnad. Den nye Matrikulen vart send umkring til Innførsla i Kassabok hjaa Fut og Panteregister hjaa Sorenskrivar. Men Gardsnamni kom nok inn i Protokollarne, men dei kom inkje ut atter, for Embættesmennerne vilde inkje bruka dei, men hekk fast i sine gamle danske Traditionar. Den nye Skrivemaate var jo besynderlig vart det sagt. Den nye Matrikulen fekk same Lagnaden som Instruxarne til den fyrre Kyrkjestatsraaden um Bygdemaal i Skulen mange Stader. Regjeringi var lika sæl, elder kann henda nikkede bifaldende. Under det gamle Regjeringssystem vart det stroket tvau av vaare gamle Landsskapsnamn, Robygdelaget (Robyggjaløg) og Bagn, det sidste umbytt med søndre Aurdal. Men Valdresen er so uskynsam, at han held paa Bagdn lika godt. Det var eit sannt Ord Aktor fyre Riksretten talade daa han sagde, at Regjeringi (den fyrre) var unational. Og for ein ubøteleg Daarskap Regjering og Høgre gjorde, daa dei støytte det nationale Partiet fraa seg. Ein annan Daarskap er den, at dei halda seg slik ein Erindsvein som Morgenbladet. Non tali auxilio, non isto defensore! Her er væl baade Forfall og Nedgang. _ Grunnen til den raae Utskjemming av norske Namn kann hjaa mange vera gamall Vane og Uvitugskap, men serleg er han nok aa finna i di, at Vedkomande so inderleg væl skyna, at samstundes dei gjeva norske namn sin fulle Rett, so lata dei upp Døri paa Glytt fyre det forhadte Maalstræv.

Kielland have i so Maate raakat Naglen i Hovudet, naar han læter Brevskriveren segja: vi skal ikke have noget Maalstræv i Protocollen. Namn som Gunleik, Helleik, Tolleik o. s. v. kunde draga etter seg Ord som, Leik, Steik, kveik, veik, peika, steikja, kveikja; Røykjanes, Røyk, Øyk, føykja, røykja, Tveit og veit, sleit, beit, feit, sveitt o. fl. (Tveit heiter paa dansk Tved; Tvedt er korkje Fugl elder Fisk; det er som um Morgenbladetvilde skriva paa dansk-norsk, jei æ en fedt Mikkel). Gardsnamn samansette med Øy, Øyre, braut, Leir, Lauv, Vatn o. s. v. vilde draga faarlegt Fylgje etter seg.

Det som er mest hermelegt er, at vaart Folk gjenom Aarhundrad skal syna slik MagtLøysa og Modløysa, naar det gjelder um aa Standa imot Danskedomen. Eg tykkjer enno finna nokot av det same Huglyndet, som raadde daa Norig i dei lange laake Tider laag som eit mastalaust Vrak slæpat av Dansken. Upp og fram daa Frændar!


¹) Njædl maa vera det gamle Njall, uttalat Njaadl (jfr. Aall, Avhdl.)