Tidender.

 
Kristiania, den 10de Marts.

Krigen i Sudan . Dei engelske Soldatar sankar no saman ved Byen Korti; det er Meiningi at dei skal liggja i Sumarleger der og kjem væl til aa halda seg i Ro til Hausten. Ellest tek Varmen alt til aa verta leid nok for dei, og Veersjuke og Tyfus skal alt hava rivet burt inkje so faae av Engelskmennerne. England bur seg framleides til aa halda fram med Krigen. No for Tidi held dei paa aa skipa ein Her i Suakim. Han skal vera paa 10000 Mann, 15000 Kamelar, 3000 Muldyr, 1000 Hestar og ein Del Ægyptarar, som skal vera Drivarar og Køyrekarar. Jarnveg millom Suakim og Berber skal byggjast.


England og Russland . Me nemnde i fyrre No. at det tok til aa fløkja seg i hop millom dei tvo
Landi. No ser det ut til aa greida seg att. Den russiske Utsending i London hev av Styringi i Russland fenget Paabod um aa forsikra Styringi i England um, at Russen inkje vil gjera seg til Uven med Engelskmennerne. Det segjest og, at Føraren for den russiske Her ved Avganistan hev fenget Paabod um inkje aa ganga lenger mot sud. Ellest er Russland litet aa lita paa. For ei Tid sidan vart England og Russland samde um, at Utsendingar fraa baade Landi skulde reisa til det indre av Asia og fastsetja grensa aat Avganistan. Russland skulde daa inkje senda Krigsfolk over den fastsette Grensa. No hev dei engelske Utsendingar alt lenge voret paa Plassen, men dei russiske er endaa inkje komne, og inkje er det utsjaaande til, at dei skal koma helder. Siste Meldingar segjer, at Russland hev tingat 3 nye Krigsskip i Amerika.


England og Tyskland hev havt eit kvast Ordskifte med kvarandre. Bismarck hev i den tyske
Riksdag brukt harde Ord mot England, og Lord Granville hev i det engelske Underhus voret likso drug mot Tyskland. Grunnen til det er, at dei tvo Landi ser surt til kvarandre kvar Gong det eine av dei tek eit Landstykke i Sudhavet. No ser det likevæl ut for, at Floken millom dei er løyst. Grev Bismarck, eldste Son aat Rikskanslaren, hev no voret i London med Bodsending fraa Styringi i Tyskland, og Styringi i England segjer no, at ho er nøgd med den Utgreidingi, dei hev fenget av Grev Bismarck.


Amerika. Den nye President i Sambandet, Grover Cleveland, hev no yverteket Æmbættet sitt. Det var daa eit stort Folketog (150000 Menneskje), som helste honom med Fagnadrop. Cleveland køyrde saman med den avgjengne Presidenten Arthur, til Regjeringsbygnaden, Kapitolium. Fraa ein Talarstol, som var upp-reist utanfor, heldt Cleveland ein tale. Han heldt i den fram, at Æmbættsverket burde ordnast so, at inkje dei politiske Hensyn var dei avgjerande ved Val av Embættsmenn.


Rusland. Riksraadet hev gjort Framlegg um, at ingen Utlending skal hava Lov til aa kaupa seg Jord ved Gull-lagi ved Stillehavs-strandi. Framlegget er godkjent av Keisaren.
 
 
Bjørnstjerne Bjørnson er inkje frisk att endaa. Takomtil er han nokso bra, men han fær smaa Tilbakefall rett som det er, so han kann inkje arbeida med full Kraft.


Johannes Haarklou hev gjevet Søknad til Tinget um aa faa Pengehjelp til aa halda Folkekonsertar for. Budsjettnemndi kjem no med Framlegg um, at han skal fa Kr. 1200.00 til dette.

 
I Folkeskulen var det i 1880 3780 Lærarar og 578 Lærarinnur.

 
Kyrkjesongar Berg i Gord bed oss fortelja, at det ikkje er han, som hev skrivet Stykkjet Or ei Kallsbok.


Ulukke. For nokre dagar sidan hende ei Ulukke i ei Kolgruve ved Newcastle, England, og 40 Menneskje vart drepne. Gruva er 172 Famner djup og svært vid nedi. Nokre Arbeidarar skulde ned i Gruva og var nettupp komne i Heisekorgi, daa dei høyrde eit Brak ned i 
Gruva. Dei skynad straks at det var hendt ei Ulukke og 3 modige Menn let seg heisa ned for aa sjaa, kva det var. 2 av dei vart snart kvelte av Kolgass, og den tredje bergad seg med Naud og Neppe. Kolgassen hadde fatat og var Skuld i Sprengjingi. Ei Lukke i Ulukka var det, at det den Stundi Ulukka hende, var langt færre Arbeidarar i Gruva, enn der jamnaste plar vera.


Den engelske Kronprinsen skal vera tenkt paa aa gjesta Irland no i Vaar. Um det skriv irske Avisur paalag som so: Den Tidi er no forbi, daa dei irske Ulukkur kann verta lækte ved ei kongeleg Vitjing. Kva vil Prinsen i eit Land, som sukkar under Fatigdom og som er plundrat og utsoget av Godseigarar? Me vil inkje sjaa nokon kongeleg Halvgud verta dyrkt av umklædde Polititenarar i gaturne i Dublin. Lukkeligvis er det endaa ei god Stund fyrr me skal bu oss til aa taka imot honom, og fast me inkje er tenkte paa aa vera grove mot honom, so vil me likevæl segja, at dersom Talerkenslikkaranne i Kongeborgi vil freiste aa visa honom meir Æra, enn Landet i det store og heile vil vera med paa, so vil det inkje vanta paa dei, som vil segja imot. Landet er vaart, og Prinsen skal faa vita det.


General Grandt , Presidenten i Amerika var, er sjuk. Han skal hava Kreft i Tunga, og Doktoranne trur, at han inkje kann liva meir enn eit halvt Aar til. Likevæl arbeider han stødt og stendugt paa eit stort historisk verk; fyrste Delen er alt ferdug og snart den andre og. Det skal vera Tobaksrøykjing, som er Upphav til Sjukdomen hans.


Mahdien. Det stend ingenting i Koranen um at nokon Mahdi skulde koma, men ei gamall 
Segn segjer, at Mahomed eingong sagde, at ein Mahdi skulde koma og frelsa Mannaætti. Det hev no i lange Tider komet den eine etter den andre og sagt, at dei var Mahdien, dei hev gjort Undergjerningar og ført blodige Krigar, men nokot meir hev det ikkje vortet med dei. I Fyrstningi av dette Aarhundradet, daa Franskmennerne hadde herteket Ægypten, var det ein Ægyptar, som gav seg ut for aa vera Mahdien. Han samlad mange av sine Trudomsbrøder um seg og tok til aa kriga mot Franskmennerne. Han sagde til Soldatarne sine, at naar han kastad Støv paa dei franske Kanonurne, so vilde inkje Krutet fengja i dei, og Soldatarne hans, som trudde honom, stormad djervt mot Franskmennerne. Men Franskmennerne fekk nok Krutet til aa brenna, for Ægyptaranne vart nedskotne i Mengdevis, og det var snart slutt med heile Reisningi. No for Tidi er det ein Mahdi i Tripolis, og han kallar Mahdien i Sudan ein falsk Profet.


Nihilistarne. Natt til 26de Januar d. A. heldt nokre Nihilistar i Petersburg Møte. Politiet kom paa dei og fengslad flestalle av dei. Seinare vart 5 Nihilistar fengslad, og 3 av dei var Studentar.