Um Diktarløner


skreiv Fedraheimen sist eit Stykke, som eg ikkje i alt kann vera med paa.

Det kann ikkje gaa an aa blanda Kiellands Sak i hop med eit Spursmaal, som for det fyrste, ikkje er uppe, og som for det andre, um det var uppe, ikkje kjem Kielland ved.

Fedraheimen kann ikkje meina, at Kielland skal lida, fordi det ikkje no for Tidi ervnokon Landsmaalsforfattar, som hev Statsløn.

Den Saki, som no er uppe, maa avgjerast etter sine eigne Grunnar. Her spyrst um ingen utan um Alexander Kielland. Hev han, etter det han hev skrivet, Rett paa Diktarløn jamsides med dei, som fyrr hev fenget, so skal og maa Kielland hava. Men Alexander Kielland hev slik Rett.

Han hev Retten so heilt og fullt, at eg trur kvar Mann i Landet, som hev fylgt noko med, vilde kjenna det som ei Skam, um ikkje Kielland no skulde faa Diktarløn.

Paa nokre faae Aar hev han skapt ei Rad av Kunstverk, so formfine og klaare, so tankesterke og eldfulle, at ikkje eldre han er, stend han heilt godkjend, av Aalmenningen, av Kritiken, av dei andre Storskaldarne, som ein av vaare alrabeste. Faae hev vunnet meir Kjærleik enn han, elder vekt meir Argskap. Mest kvar ei av Bøkerne hans hev vekt aalmennt Ordskifte um aalvorlege Ting, og dei Bilæti, han hev format, eig me no alle Mann som Stykke av vaart eiget Aandsliv. Nytt Emne hev han funnet, og for det nye Emnet hev han funnet si eigi Form, so fin og fast og so sjølvstendig, at du kjenner han paa den fyrste Lina, endaa han aldri legg seg etter aa vera sermerkt. Utan Alexander Kielland vilde eit stort Strok av Livet hjaa dette Folket ikkje vera komet upp i Bokheimen. For denne, og dermed for heile vaar Aandsutvikling, hev han vunnet inn nytt Land.

Det skal han hava Takk for. Vaar Takk hev han; men han skal hava Takk av Landet.

I heile Norden er Namnet hans uppe og Arbeidet hans kjent og vyrdt som Arbeid av Beste Slag. No tek han og til aa verta kjend i dei store Landi. Eit litet Folk som vaart hev ikkje Raad til aa fara vyrdlaust fram mot so gode Gutar.

Han skriv paa Dansk; men det kann ikkje me Maalmenn segja noko um. For Kielland er Bymann. So lengje me hev tvo Maal i Landet, maa me finna oss i det. Maaltvang skal her ikkje vera korkje for Bymann elder Bonde.

_So sagde Fedraheimen noko um Diktaranne vaare og Fritenkjarskapen. Fedrah, ser ut til aa meina, at Diktarar som Bjørnson, Ibsen og Kielland hev gjort Fritenkjarskapen til Hovudsak, og med Fritenkjarskap synest Fedrah. aa meina den Ting aa motarbeida Kristendomen (gaa Kristentrui inn paa Livet). Det skulde soleis vera Meiningi, at desse Skaldarne hev gjort det aa motarbeida Kristendomen til Hovudsak i Diktingi si.

Eg trur no ikkje, at Fedrah. hev tenkt elder meint dette. Men Ordi fell slik, at ein kunde tyda dei paa den Maaten. Og det vilde vera galet.

Hovudsaki for alle Diktarar er, som me veit, aa skildra Menneskjeliv. Gjenom Skildringi kann dei faa fram Tankar. Det hev vaare Diktarar gjort, mest i seinare Tid. Men det, som daa hev voret Hovudsaki for dei, hev væl, naar me skal segja som det er til, voret det aa friska Folk upp til Sjølvtenkjing og Aalvor og sterkare og strengare Moralitet. Personleg Sanning, i Tru som i Liv, det er Kravet, dei hev reist. Um dei sjølve for sin Part ikkje trur paa Kristendomen, so hev dei sagt dette so vidt tydeleg, at kvar Lesar veit elder forstend det, og kann taka seg i Vare. Men aa døma det sterke og store moralske Arbeidet, dei hev lagt ned i so mange gode og aalvorlege Bøker, som berre Fritenkjarskap, kann væl knapt fraa kristelegt Standpunkt vera rett elder vitugt.

Alexander Kielland, som me her serskilt hev for oss, um honom veit alle, at han hev sine eigne Meiningar i mange Ting. Og dei segjer han og, naar han so synest. Det kann helder ikkje nytta aa negta, at han hev voret leid baade med Provsten Sparre og Presten Martens, og like eins med Morten Bakstrævar. Og han hev voret ein Spottegauk mot Statsraad Bennechen, og mot Konsul With og mot Professor Løvdahl, og mot mange andre pene Folk, som baade gjeng i Kyrkja og alt. Men den same mannen tek Hatten av seg, so snart han møter Kristendom, som er ærleg. Han hev skrivet Skipper Worse, og der hev han skildrat Hauges Venner paa ein slik Maate, at sjølve Fædrelandet maatte segja det var fagert gjort. Men vil nokon vita, kva det er, som hev voret Hovudsaki for Kielland, næst etter det aa hyda all Humbugen, so er det væl det: aa fortelja dei, som hev det godt i Verdi, korleis det er for dei, som hev det vondt. Og det skulde væl ikkje vera so imot Kristendomen. Alexander Kielland bør hava Diktarløn. Berre av Bøkerne sine liver ingen Mann her uppe, og Kielland hev tapt nok paa det no, at me ikkje hev havt Semja med Utlandet um Rett til aa umsetja Bøkerne aat kvarandre.

Maalmennerne maa vera med her. Dei skal vera med paa alt, som kann vera Landet til Æra; og i det heile er me so sterke no, at me hev Raad til aa vera rimelege.

Dei kristne, som hev so mykje Tru, at dei hev Mod til aa vera rettvise, vil og vera med. Det vilde vera vondt, um det skulde koma til aa spyrjast, at det norske Storting i 1885 negtad ein av vaare fyrste Diktarar den Studning, alle fann at han hadde Krav paa, fordi den same Diktaren ikkje trudde likeeins som Kristiania Biskop.

Arne Garborg .