[Tidender.] Avganistan.


Det engelske India (Forindia) ligg sunnanfor Avganistan, og Russen hev no herteket alt Landet nordanfor, so han no stend ved Grensa paa den Kanten. Som me hev nemnt fyrr, so hev England set mindre blidt paa det, at Russland ok seg so langt sudover, og Russen lovde daa, at han inkje skulde gaa England for nær. Likevæl segjer dei siste Meldingarne, at den russiske Her hev gjenget yver Grensa av Avganistan, og at det inkje er utrulegt, at han kjem i Basketak med Avganaranne.Dersom dette syner seg aa vera sant, so er det trulegt, at den engelske her i India skundar seg nordover for aa taka til seg so mykje som mogelegt. I India kjem det ut eit Blad, som heiter Schemsi, og er skrivet i det persiske Maal. Det hev fenget ei Brevsending fraa herat, der det stend millom annat:

Emiren (Styraren av Avganistan) hev gjevet Paabod um, at Vegen millom Herat (Hovudstaden i Avganistan) og Peshaver (ved Grensa av India) skal vølast alle Stader, der Vøling trengst; alle Trebruerne skal stydjast med Bjelkar og gjerast so sterke som mogelegt. Og etter som Folk segjer, so skal Grunnen vera den, at ein Krigsher fraa India, som er ventande, skal kuna koma fram so fort som mogelegt. Denne Heren skal fyrst koma til Kabul og sidan til Herat, der han skal verta verande. Fraa andre Kantar vert det sagt, at Russen vil hava Avganistan, og at han vil skunda seg so mykje som mogelegt for aa faa fat i Herat fyrr den engelsk-indiske Her fer setja seg fast der. Folket her kjenner seg i Slegtskap med Persaranne, endaa dei inkje hev ganska sama Trui, og dei hev inkje Hug til aa verta korkje Russarar elder Engelskmenn, difor ser dei med mindre blide Augo paa baade dei tvo Magterne. Helder inkje vert det likt av Folket her, at ein Jarnveg millom Merw og Herat, som det hev voret rødt um, skal koma istand, daa dei kjenner seg støde paa, at Russen daa vilde koma til aa senda so mykje Varur hit, at vaare Kjøpmenn, som tok Varurne sine fraa India, vil koma til aa verta utsvelte. Ellest er Handelen millom Merw og Herat, som for eit Par Aar sidan var baade stor og blømande, mest stansat no, sidan Russen tok Merw. Engelske Insjeniørar reiser no gjenom Landet, dei tek upp Landkort og granskar Landslaget umstendelegt.