[Tidender.] Stortinget 10de Mars.
Inst.
Fraa Næringsnemndi
No.
2 vedk. Rikshospitalets Budget (Som Inntekt var uppgjort Kr.
167,500.00, Utgift Kr. 217,950.00), vedteket samrøystes. Innstill.
Fraa same Nemnd um Fødselsstiftelsen og Jordemoderskulen i
Kristiania og Bergen. Som Inntekt var uppført Kr. 21,016.00, Utgift
Kr. 44,576.00 paa det Vilkaar, at der vart gjevet Friplassar til
fatige Elevar fyre Rikskassa si Reikning til Kr. 1200.00.
Berner
vilde røysta imot Kr. 3200.00, som var uppførde til Umvøling av
den gamle Trebygnaden, baade avdi, det var Tanken, daa det nye
Rikshospitalet vart bygt, at Elevarne ved Jordemoderskulen skulde faa
husvær der, og avdi, det vart no berre ei liti Tid likevæl, at ein
kom til aa hava denne Trebygnaden til dette Bruk, daa det var
Meiningi, at det snart skulde rivast.
Thomesen,
Statsraad Sørensen, Advokat Bugge og Statsfysikus Sparre talad imot
Berner. Dei heldt fram, at det endaa var lang Tid til me kunde tenkja
paa aa riva ned den Trebygnaden, so det vart inkje so reint ei
Braanøytesordning likevæl her var Tale um. Dertil kom, at det for
Elevarne paa mange Maatar vilde verta til stort Gagn, at dei fekk seg
Husvær paa
ein
Stad. Daa fleire av dei var fatige, so dei difor lett kunde koma til
aa sjaa meir paa Skilingen enn godt gjorde naar dei skulde tinga seg
Hus, kvar dei kunde, vilde desse Krunor her var Tale um fara væl, um
dei vart brukte paa den Maaten Nemndi hadde fyresleget.
Mot
3 Røyster vart Innstill. vedteki. Innstill. Rfaa same Nemnd vedk.
Sindssygevæsenet:
1ste
Post
:
fyre Aaret 1885-86 for Gaustad: Inntekt kr. 225,120.00, Utgift
Kr. 223,920.00. Til Bokførar Jørgensen Lønstillegg Kr. 400.00.
2dre
Post
:
Eg Inntekt 150,900.00, Utg. Kr. 150,900.00.
3die
Post
:
Rotvoll Inntekt Kr. 134,700.00, Utg. Kr. 134,700.00. At der til
Bygnad av Grisehus,
Likhus og Løda, var uppført Kr. 8100.00 var so drjugt, at der var
Grunn til aa røysta imot, tykte
Rinde. Han vilde daa vona, at der vart tenkt meir paa Sparing i
Framtidi enn det hittil hadde voret,
naar Staten skulde byggja.
_
Kr. 60.00. Lønstillægg aat Lærar Kvam ved Rotvoll.
4de
Post
: Til
Tilsynet ved Sinnsjuke-husi Kr. 7800.00.
5te
Post
:
Til Reisepengar aat fatige sindsSyge til og fraa
Statens Sinnsjukehus Kr. 15000.00. Alt vart samrøystes vedteket.
Innstell. Fraa same nemnd vedk.
den spedalske Sjukdom, vart og samrøystes vedteki. Innstell. Fraa
same Nemnd um Justerstellet.
Inntekter Kr. 90,000; Utgifter Kr. 77,100. Til Rentur og Avdrag
paa Riksskuldi Kr. 4,831,967.
Innstell. Fraa Vegnemndi u mein ny Dampskipspost til Bergen i
Sumartidi, og Natt-træn paa
Nordbanen heile Aaret. Um dette vart dei samde paa den Maaten, at
Postkassa skulde bera Halvdelen
av dei nye Utgifterne. Innstell. Fraa Kyrkjenemndi um nokre
Smaautgifter ved Kyrkje- og Skulestellet, samrøystes Vedtekne.
Odelstinget
hadde Møte straks etter um ei Innstelling fraa Hernemndi um noko
Matpengar aat Underoffiserar.
Publisert