Her og noko um Dissenterloven.


Sovidt eg veit, hev eg inkje set ein av Dykk, som hamrar paa Dissenterloven, den som Lagtinget vilde ha, at De hev raakat Saumen paa Hausen.

De skriv liksom at Lagtings-vedtaket skulde gjeva Folk Paalegg um aa taka Dissentar inn i Skulen, elder liksom Dissentarne skulde faa ein Rett her til aa koma inn i Skulen og verta Lærarar i alle Fag berre inkje i Religion.

Men kjære væne, det er inkje soleids.

Var Loven so, at Dissentarne fekk ein Rett til aa trengja seg inn der _ ja so var Loven galen, so hadde De Rett til aa laata, som De gjer.

Gode Folk, Loven gjev inkje Dissentaren her nokon Rett, han paalegg ingen aa taka Dissentarar inn i Skulen.

Men Loven gjev Folket gjenom sitt Skulestyre Rett til aa velja ein Dissentar, som dei trygt torer sleppa inn, til aa undervisa i dei verdslege Fagi.

Loven forbyd Dissentaren det, som skal og maa forbjodast honom ettre Grunnloven, det vil segja Religion.

Men meir bør inkje Loven forbjoda helder, enn det, som er naudsynlegt. For det er inkje anna ein Dissentar skil seg ut fraa Statskyrkja i enn i Meiningarne um Læra og Livet.

Kvi maa han daa inkje i alt det andre vera jamgod med oss andre gode, skikkelege Staskyrkjefolk?

De segjer: Ein Dissentar maa inkje hava Historie. Han kunde leggja inn i det Sermeiningarne sine.

Til det svarar eg: Kann eg inkje gjeva ein Dissentar Historie, so vil eg inkje ha honom i Skulen.

Historia skal staa der som ein Prøvestein paa Mannen. Folk vil verta vakare um kven dei set inn i Skulen etter Lagtings- enn etter Odelstings-vedtaket.

Vert Odelstings-vedtaket Lov, so segjer Folk: No kann me sova hugheilt, for no hev me ein paragraff kring Historia. Lat no Jøde, Kvæker, Katolokk og kven som helst setjast inn i Skulen, no naudar det inkje.

Vert derimot Vedtaket aat Lagtinget Lov, so segjer Folk: No lyt me vera vake um kven me sett inn. Me kann no inkje taka inn andre enn dei, som inkje er faarlege i Historie.

Eg meiner det: Lat Folket gjenom Skulestyret sitt raada for kven dei vil setja inn i Skulen, og forbyd inkje Folk anna enn det, som etter Grunnloven trengst.

Gjev Folket Fridom her, so hev det Andsvaret og. Gjev inkje lenger slike Formyndarlovar, som gjer, at Folk kann somna inn paa Paragraffar forutan nokor Kjenning i seg av Andsvar.

Gjer Folket fullmyndugt i Skulesaker so skal De sjaa, at dei stend paa Vakt kring Skulen sin.

Det er noko, som Utviklingi krev.

Ein Ting hadde eg og Hug til aa spyrja um. Er no alle me Statskyrkjefolk so framifraa reinliva, godlynde og truande Kristne daa, so at inkje nokon av dei, som hev skilt Selskap med oss i nokon Maate kann standa Maal med oss?

Er det fordi, at me er so gudfryktige, reinferlege, skikkelege og umfram i alle Maatar _ er det for det, at alle desse Menneskje hev skilt Lag med oss?

Aa nei. Eg tenkjer at mange av oss, som enno sit herinne i denne velsignad Statskyrkja, mange, som vil taka det litt aalvorsamt med si Kristentru, Sed og Liv, at mange av oss mangeigong hev ei sterk Kjenning av, at det er ein motburdleg Blanding av Statskristendom og _ Ufysne, som me her stend
uppi. Kyrkjehus og Horehus, Skulehus og Fyllehus stend ofte Side um Side.

Og so er der daa Menneskje, som tykkjer, at det inkje er til aa halda ut i eit slikt Sam fund. Dei ser seg um etter eit Samlag, der dei finn litt meir Helgedagsljos og litt meir kristeleg Folkeskikk _ og so gjeng dei ein vakker Dag burt til Presten og bed honom aa strjuka dei ut av Statskyrkjeboki.

Med ei Gong so vert dei daa ubrukelege for det statskyrkjelege Liv. Det er noko, som segjer seg sjølv. Den heilage Statskyrkja kann sjølvsagt inkje helder faa Lov til aa velja nokon av desse til aa læra Borni sine Religion.

Men Historie daa? - Hu, hu nei. Det kunde smitta paa Borni. Tenk um Borni ei og onnor Gong skulde faa høyra det, at vaar Statskyrkje inkje er rein i si Lære og sitt Liv. Det var fælt! _ Noko slikt tykkjer eg, at dei maa koma til aa tenkja paa dei, som set seg litt meir inn i Tingen.

For ein Dissentar er inkje altid ein Kar, som hev rang Tru. Nei her er inkje faa,som hev den sama Tru, sama Læra, sama Bibel og sama Sakrament, men som hev skilt seg ut fraa Statskyrkja av andre Grunnar, som fyrr nemnt. Ein slik var Presten Munk eigong, ein slik er so vitt eg veit ein Prest
Wettergreen o. fl.

Og der er Utsyn til, at me kanskje i Ettertidi kann faa fleire slike Dissentar. Ja kanske det kunde høva, at dei beste Kristne finn paa aa traa ut. For det er inkje ulikt til, at Statskyrkja kann søkkja meir og meir ned i tom Vanetru _ ja kanske Vantru og Usedskap.

Og so skulde inkje ein Skulekrins, ein Skulekommissjon, elder eit Skulestyre kunnataka ein slik Dissentar til Lærar i Historie. Det skulde staa ein paragraff i Vegen for dei, som sat att i Statskyrkja, so at dei inkje i Folkeskulen eingong maatte ha ein slik Dissentar til aa undervisa i dei borgarlege Fag!

Slikt tykkjer eg peikar av burti _ Pavenotti, um inkje noko verre!
 
O. S