Maalsaki.


(Sogns Tid.)

No ei Tid frametter hev ein ofta i Bladi set Vedtak um Maalsaki fraa alskens Møte kring i Landet. Navnleg er det daa gerna det aalkende Uttalet fraa Lærarmøtet i Sogn, dei hev røystat for.

Slike Vedtak kann vera bra nok; men Maalreisingi vert daa ikke gjort berre med det. Det beste, som kann gjerast for Maalsaki, er derimot, at kvar, som kann, alstødt brukar Maalet i Tale og Skrift, og at dei, som ikkje kann, lærer det. Og den Mann t. d., som tek til aa skriva norsk, medan han fyrr skreiv dansk, gjer etter mi Meining større Gagnsverk enn den, som paa eit Møte kjem Med Framlegg um, kva som burde gjerast for Maalsaki. Likaeins meiner eg, at den som fær tie av Landsens Menn elder Kvinnur til aa tala og skriva norsk istadenfor dansk, han er i den Vegen betre enn den, som fær hundradtil aa røysta for Resolusjonen fraa Sogn.

Men vil dei i Samtalemøti gjera Vedtak um Maalsaki, so kunde det no til eit Brigde vera paalag so:

Me lovar oss sjølve og kvarandre, at me vil tala og skriva det norske Heimemaalet vaart, alt me kann og at me vil arbeida trulegt paa aa aa læra det betre og betre.

Maalbladet Fedraheimen vil me alle halda, og Maalbøker vil me kjøpa etter som Raadi er til.

So vil me og alle etter Evne og Tilføre gjera vaart til, at andre kjem til aa kunna bruka det norske Maalet i Tale og Skrift, og at dei tingar paa Fedraheimenog kjøper Maalbøker.

I Februar 1885.

Gunnar.