[Tidender.] Herloven.


No hev Stortinget fengje Framlegg fraa Regjeringi um Herloven. Det er same Grunnen i dette, som i Stortingets Vedtak av 1881. Alle, som er heilskapte og friske og føre til det, skal læra aa bruka Vaapen, so dei kann vera med aa verja Landet, um det trengst. Den Loven, som no gjeld, er likeeins i dette. Alle lyt no tena i Heren. Men det nye Framlegget stiller det nokot annleis, enn det hev voret fyrr. Heren skal delast i tri Flokkar. Den yngste Flokken kallast Lina, den andre Landeverja og den tridje Landstormen.

Alle skal standa 5 Aar i Lina, so skal dei flytjast til Landeverja og standa der i 4 Aar og deretter i Landstormen i 4 Aar. Kjem det Krig, so lyt Linefolket fyrst ut. Dei kann førast utum Landet. Trengst der større Krigsstyrkje, so kann Landeverja takast, men dei maa inkje koma utanfor Landebytet. Gjeld det paa, so lyt Landstormen ut, men han maa helder inkje utum Landet.

Kvar Syldater, som vert utskriven til Fotfolket elder som Byrsekar, skal stande paa Moen i det heile i 114 Dage. No er det 140. Soleids vert det 26 Dage mindre enn no. Unggutarne skal vara 42 Dage.

Hestkaranne og Kanonkaranne hev og fengje Avslag i Upptemjingstidi.

Dette vert daa inkje so liti Lette for Folk. 
Der er Tale um, at Stortinget vil brigda noko paa Framlegget og faa stelt det so, at Byrsefolket kann bruke 12 Dage av Tenestetidi for det fyrste Aaret til øvingar i Heimbygderne, kver i det Herad elder Tinglag. Der skulde daa vera ein Underofficer og læra deim. Dette kunde daa takast Aaret i Fyrevegen elder paa den laglegaste Tid for Folk ettersom Tilstandet var i Bygdi. Kann Stortinget faa dette igang, so vilde det vera ein stor bate for Folk og so skulde der koma Liv i dei unge Gutarne. Dei vilde læra dubbelt so fort, som dei no gjer, og ganga til Verket med Lyst og Hugnad. Daa vilde det inkje vara mange Aar fyrr Øvingstidi kunde minkast ned mykje meir. Naar Byrsurne var i Bygdi, so vart der laga Skjotarlag og kvar Gut vilde temja seg upp so han inkje turfte stande med Skam, naar han kom fram til den store Sigersamlingi. Underoffiserarne vilde faa meir Vyrdnad for seg sjølve og meir Vyrdnad av Bygdefolket. Der vilde koma Kapping millom Bygderne, so naar dei unge Gutarne kom fram paa Moen, vilde dei møtast so livande og brennhuga, at dei gamle Offiserar aldri kunde hava drøymt um so store Framstig.