Høgre

 

arbeider no sume Stader av alle Livsens Krafter fyr aa vinna Folk fyr seg til det komande Tingval. No deilar dei ut Traktatar og sender Fædrelandet fritt til Folk i store Mengder, og no arbeider dei med alle mogelege Midel. Me Vinstremenn bør helder ikkje halda oss rolege; me bør fylgja Høgre sitt Døme. Naar Høgremennerne er so kvate og annsame i sitt Bakstræv, skulde ikkje me daa, som kjempar fyr ei god Sak, arbeida av alle Krafter? Gjer me vaar Skylda so kann me vera visse um, at det komande Val vil faa eit heppet Utfall; men gjer me ikkje det, daa kann det koma til aa ganga klent. Me bør soleis spreida ut dei frilynde Bladi, laana ut vaare eigne Blad, naar me hev leset deim, og daa serlegt til slike, som berre les Høgrebald. Gode Vinstre-smaaskrifter lyt me senda ut. Vestlandsposten hev no nyss gjevet ut eit litet politisk Skrift, som heiter: ”Høire, Folkefriheden og Kongemagten”. Den er aa faa i Vestlandsposten’s Ekspedisjon fyr 5 Øyre Stykket einkiltvis. Fyr ei Kruna kann ein faa 25, fyr 3 kr. 100 og fyr 25 Kr. 1000 Stkr. Tvo Kr. og derunder kann sendast i Frimerkje. Vestlandsposten kjem ut i Stavanger.

 

Jau, her er mykje aa gjera. Fleire Høgremenn er vel berre lette aa venda; fyr Høgre kann so godt bruka Kristendomen si Maska, og soleis so er fleire einfelde Saaler narad reint upp i Stru og innbilt at Vinstrepolitikken er ukristeleg o. s. v. Vestlandsp.s Traktat ville her spreida Ljos yver mykje, den

burde kvar ein lesa. Naar slike, som stend so klent, berre fekk vita Sanningi, so vilde dei straks forlata Høgre.

 

Difyr so maa der arbeidast, og me Maalvener bør ikkje arbeida minst. Tenk korleis det vilde ganga med Maalsaki, den landsvigtuge Saki, dersom Høgre kom til Magti; daa tore det vel verta ”Raabarking” og ”Fjøsuppdrætting” aa faa høyra, dersom me kravde nokot fyr Saki; men ved Vinstrestyringi kann me vona aa faa Saki fram til Siger. Det er ikkje noko aa bry seg um, at Høgre no av alle Krafter strid mot Saki; dei er so faa, at dei kann ’kje stana ho lell no. _ Men kom dei berre til Magti, daa tore me faa sjaa noko anna.

 

Det Valet som stend fyre hev ovmykje paa seg. Paa det stend det, um me skal faa behalda dei gode Tilstand, som me fekk ved Styringsskiftet den 26de Juni 1884, elder um vaart Land skal faa ei ”Eventyrstyring” att og dei ulukkelege Tilstand, som me nyleg hev gjenget ut av. Difyr so er det kvar ein sann Fedralandsven si Skylda, aa stydja den nye Styringi vaar og arbeida med Trott og Dug fyr vaar store og gode Sak.

 

Arbeider me med same Ihug som Høgre, so tarv me ikkje tvila paa vaar Siger. No hev Høgre 31 Tingmenn og Vinstre 83; men daa vilja me nok faa fleire endaa.

 

O. K. O.

 

Frå Fedraheimen 25.03.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum