Or ei Kallsbok.


(Eit lite Tillegg).
 
(Del 3 av 3. Fyrste delen.

Det vart upptekje gale, det eg skreiv um Kallsboki i Gord, lydest det ut til. Kos det heng i hop, forstaar eg ikkje; for eg uppfatta det so, at Hallingen var so urettvist og uvyrdent medfarne, at ikkje ein einaste Halling eller Gording vilde ha misforstade Stykkje mit, langt mindre harma seg over det.

Stykkje mitt var eit Forsvar for Hallingenmot ei etter mit Skyn heilt igjenom urettferdig Skulding for

Stivhed, Stolthed, Stridighed, Mistenksomhed, Hensynsløshed, Hevngjerrighed, Slagsmaal, Udskeielser, Drukkenskab, Utugt og Pengebegjærlighed.

Etter dette maa ein ny Prest, som kjem aat Kalle elder ein Framand, som læs det, reint verta forfæld. Hallingen maa daa vera dei fælaste Folk paa Guds skapte Jord, erso alt detta er Sanning! Som innfødd Halling læt eg ikkje ei slik Skulding sita paa meg; sjølv um Gordingarne kann gjera det, eg kann det ikkje. Hadde endaa Forfattaren av Kallsboki vore likso streng mot sine Fyremenn, skulde eg sjølvsagt ha tagt still; men han brukar den gamle Regelen: Hengja dei smaa og lata dei store gaa, og det burde ein Prest ikkje gjera. Han burde ha kjent til baade hi ovsterke Kjempa og seg sjølv so mykje, at han ikkje hadde neist Folke for Feil, som Prestarne so vist ikkje kann segja seg fri for. Det var som Halling eg vart harm (kor eg eig heime, kann vera plent det sama), for det var Hallingen, som var skamskjent ( Hallingensværste moralske Fiende er Drukkenskab o. s. fr.) Kann Gordingarne tola slikt, so tarv daa ikkje dei andre Hallingarne gjera det¹).

Det var ikkje mi Meining aa lasta Prestarne elder skriva nokon Karakteristik over dei. Skulde eg det ha gjort, hadde det vorte ei onnor Leksa. Daa hadde eg lote umtala ogso mange andre Ting, millom anna og det gode, som dei har gjort. Soleis vilde eg um Forfattaren av Kallsboki ha sagt umpass: Han var ein dugeleg Prestemann, preika godt i Kyrkja, levde eit sedugt Liv, hadde eit vakkert og sømelegt Hus og retta paa mangt baade i Skule og Kyrkja. Men eg hadde ikkje Høve til aa draga fram alt, som kunde segjast. Eg tok berre eit Par Døme, eit fraa den fyrste og eit fraa den siste for aa syna, at Forfattaren hadde tekje imist, daa han dømde Aalmugjen so groveleg hardt, men snudde og vende Ordi um sine Fyremenn (og seg sjølv), som dei ingjen Feilar hadde havt. Det eg fann harmelegast var, at ikkje den same Maalestokken var lagt paa dei, som paa Aalmugjen. Det var det eg meiner og meiner enno: Skal Hallingen skuldast for Drukkenskab, Slagsmaal, Hensynsløshed o. s. fr., so lyt ein skulda hi ovsterke Kjempa for det sama, for han drakk og slost likso godt som nokon Halling i dei Tider. Skal Hallingen neisast for Pengebegjærlighed, Mistenksomhed, Stridighed o. s. fr., so lyt den, som gjerer det, sjølv vera seg fri; men det er snaut nokon Gording, som trur, at Forfattaren av Kallsboki kann segja seg heilt fri for Pengebegjærlighed, Mistenksomhed, Stivhed, Stri-dighed. Det var berre detta, eg vilde syna fram. Dertil kom so det, at Karakteristikken over Hallingen er so usann og urettvis og Domen over ei Menigheit so ukjærleg og hard, at eg ikkje kunde forsvara aa tigja til slikt. Men Prestarne vilde eg ikkje døma; eg har ikkje imot nokon av dei. Eg er berre harm for det, som staar i Kallsboken. Mot det vaagar eg til aa protestera, og Hallingen skal eg forsvara, naar han vert utan Grunn paatekjen.

So er det meg fortald, at sume seta Skuldi paa den noverande Presten, avdi han ikkje har læst inn Kallsboki, men late Folk faa sjaa ho; det maa vera Argskap og Hat, som sett ut slikt; for ei Kallsbok er, ikkje anna eg veit, ingi løynd Bok. Rett som det er, ser ein Stykkje or hi og den Kallsboki i Bladom.²)


¹) Eg ser, at Kyrkjesongar Berg er rædd for aa verta skulda for Stykkje mitt. Kva meinar han med det? Han tarv ikkje vera rædd; alle veit, at han ikkje er nokon ægte Halling. Men kannhenda det er vondt Samvit, han tenkte vel paa i fjor. Det var leit.
²) I fyrre Stykkje er nokre Misprentingar: Ny Vedkjørsel _ for ny Indkjørsel; feim aat _ f. finnaat; torde ikkje kjøpa _ f. timde ikkje.