Tidender.

 
Kristiania ,den 24de Marts.

Fraa Stortinget. Fredagen hadde dei for seg ein Spurnad til Regjeringi fraa Berner. Han vilde hava Greide av Justitsministaren um, korleis det var lagat med Fødselsstiftelsen, og han vilde daa faa fastsett Tidi for naar dette kunde gjevast. Stang meinte at det var best aa senda Saki til Konstitusjonsnemndi, daa det her var ein ny Skikk, som maatte granskast væl, fyrr noko vart sett vist for Framtidi. _ Sidan hadde dei for seg Hamnestellet. _ So var det ymse Pengesaker til Kunst og sovoret. Haarklou fekk 1200 Kr. til aa halda Folkekonsertar. Til Domkyrkja i Trondheim gav dei Kr. 40,000 og til ei Utstelling i Antwerpen Kr. 10,000. _So var det Framlegget um suspensivt Veto i Grunnlovssaker . Det vart forkasta. Ordskiftet var ikkje langt um den Saki. Av Høgre var det berre Motzfeldtog Horgen, som talad, og av Vinstre Steen, S. Nielsen og Jacobsen. Nielsen meinte soleis, at noko Ordskifte um dette kunde ikkje trengjast. Tinget kunde nytta Tidi si betre enn aa røda um slike Vetogreidur. Motzfeldt vilde endeleg vita kvifor det skulde vera so ubeleiligt aa tala um dette no. _ Jau vart det svara, det trengst ikkje, me hev havt Riksrettsdom um dette og fenget ny Riksskikk no. _ Næringsnemndi No. 2 hadde innstelt paa Kr. 6000 til aa avhjelpa Misbruk av sterk Drykk . Mindretalet i Nemndi vilde hava Kr. 8000 og for det siste talad baade Statsraad Blix og andre. Kr. 8000 vart vedteket (25 heve heldt paa, at Kr. 6000 var nok).


Kristiania Arbeidarskule hev no byrjat. Mange Universitetslærarar skal halda Fyredrag. Um Sundagen var det Opningsfest for Skulen. Prof. Weisse heldt Talen.