Til Lærarne i Romsdals Amt!


I Sogn og i Trøndelagen og paa Austlandet vert til Sumaren Kursus i Landsmaal for Lærarar. Skulde Lærarar i Romsdals Amt synast Vegen til hine Kursus vert for lang og for kostasam, so hadde eg tenkt aa giva dei, som ynskte det, eit litet Kursus paa 14 Dagar elder so paalag etter nærmare Avtale med gratis Undervisning i Landsmaal og Oldnorsk. Eg tenker, at det var best aa begynda den 24de August. Hus og Kost er vist aa faa for rimeleg Betaling paa Gardarne næmast Prestegarden. Dei, som ynsker aa koma, gjer rettast i aa melda seg med det fyrste og fyreslaa den lagelegaste Tid,

Aukra Prestegard, Ytre Rosmdalen 17.3.85.
Alf Baartveit .

Verdens Gang, Vestlandsposten, Søndmørsposten, Romsdals Budstikke og Romsdalsposten vil eg beda um aa taka upp dette.