[Tidender.] Danmark.


Han likar seg vist godt Estrup no, for no hev han inkje vandt um aa faa Pengar. Og han tek til seg munalegt. Statsraadet hev soleids gjort Vedtak um, at Krigsministaren skal faa 860,000 Krunur til aa kaupa Kanonur og byggja Festningar for, Innanriksministaren 200,000 krunur til Kristiansborg Slott, som brann og 100,000 Kr. til ein Stasjon paa Norrebru o. s. v. Dette er altsaman Pengar, som Folketinget negtad.

_ Skjotarlagti hev inkje Styringi nokon Samhug med. Ho ber seg aat mot Skjotarlag og einskilde Menn nett liksom Selmer her hjaa oss. No hev Styraren for Ollerup Høgskule og fenget Paabod um aa melda seg ut av Riflelaget, elder so skal han mista Statstilskotet til Skulen. Med dette er daa Styringi ferdig med alle Folkehøgskular i Svendborg Amt. Justitsministaren hev gjevet Amtmennerne Paabod um aa skaffa Greide paa, kor mange frilynde Skjotarlag det er i kvart Amt og kor mange Medlemer det er i kvart Lag.

_ 50 Sokneraadsmedlemer fraa 21 Sokneraad i Amti Veile og Skanderborg hev havt Møte i Horsens. Dei vart daa samde um, at Komunerne inkje skulde bitala Skatt no under Lovløysa, utan dei fekk serleg Paabod um det fraa Amtsraadi.

_ Ei undarleg Høgbrotssak er framme no. Soknefuten i Hammer, Jens Madsen, er sett under Tiltale for nokot, som han sagde um Kongen i _ 1877.

_ Det hev voret haldet tvo store Folkemøte i Kjøbenhavn. Det eine var eit Høgremøte og der var det paalag 5000 Menneskje tilstades. Dei vart samde um eit Uttal, der Skuldi for det politiske Uføre vart lagt paa Folketinget og Vinstre og bad Styringi halda fram, som ho stemner. Daa dei skildest, ropad dei hurra for Kongen og Estrup.

Det andre Møtet vart haldet av Sosialdemokratarne og der var det tilstades millom 50 og 60,000 Mann. Tvo av Folketingsmennerne heldt Talar, og dei tok inkje paa Estrup med Silkehanskar. Mot tvo Røyster vart Møtet samstelt um eit sovoret Uttal mot Ministeriet:

Forsamlingen erklærer, at de av Ministeriet Estrup udstedte provisoriske Finanslove strider mod Grundloven, og at dette Ministeriums Forbliven ved Magten er en yderligere trusel mod Folkets Rettigheder. Forsamlingen opfordrede Folkethinget til skaanselløst at kjæmpe for Ministeriet Estrups Fjernelse og for Hævdelsen av Folkets Suverænitet, udøvet gjennem dets Repræsentanter. Den nu reiste Bevægelse vil føre til Fremskridt i politisk og social Henseende; den skaber Forstaaelsen av betydningsfulde Reformers Nødvendighed. For disse kjæmpper Socialdemokratiet; men de kan kun gjennemføres, naar den nuværende Kamp er endt med Folkets Seir. Derfor udtaler Forsamlingen, at den forlanger en af Folkets Valg udgaaet Regjering.

Møtet sluttad med eit Leve for Grunnloven og: Ned med Estrup!

_ Dei hev inkje Jury i Danmark helder, og korleis Retten vert vareteken, naar ein einskild Mann skal halda Folks Liv og Æra i sine Hender, fær ein eit godt Døme paa, naar ein høyrer, kvat som hev gjenget for seg for dei danske Domstolarne:

For nokre Aar sidan vart ei Gjente skuldad for aa hava født eit Barn og drepet det. Gjenta vart dømd til mange Aars Tukthus, og Bestemor hennar, som var skuldad for aa hava raadt Gjenta til Utgjerningi, vart dømd fraa Livet; eit annat Kvinnfolk, som dei trudde var medvitande, vart og dømd til Straff.

Den siste hadde alt sonat og Bestemori var vorti naadad med livsvarigt fengsel og sat saman med Dotterdotri i Kristianshavns Straffehus. Daa had Bestemori, at Saki skulde granskast paa nytt Lag og ho sagde, at baade ho og Gjenta var saklause. Fyrstundes vilde inkje Øvrigheiti bry seg um Kjeringi; men tilslutt gjekk dei med paa, at Gjenta skulde verta undersøkt av 2 Lækjarar.

Og baade Lækjaranne var samstelte um, at Gjenta aldri hadde født nokot Barn.

No vart det vitelegt for Folk, at Retten hadde teket fælande imist. Dei dømde hadde gjenget ved aa hava gjort Ugjerningi; men det gjekk for seg paa den Maate, at dei hadde det so vondt i Varetegtsfengslet. Domaren er og kjend for aa vera ein stor Graabein mot Folk, som er saksøkte.

Saki hev vortet vidspurd, og alt det Øvrigheiti hev freistat paa aa dylja ho hev inkje hjelpt nokot.