[Tidender.] Gamall Spilemann.


Noregs gamlaste Spilemann trur eg vist maa vera Sveinung Knutson Maanekaasi. Han er fødd paa Plassen Maanekaasi i Siljord i Februar 1800 og var nettupp 85 Aar no i Februar. Det er lysteleg aa høyre kos vænt Gamlen spilar enno. Han heve spila mange Dansar jamvæl no i Vinter. Sveinung er ein fælande upplyst Mann, te ikkje vera meir lært; i Historien trur eg knapt nokon Seminarist greier honom. Det er ei stor Moro i aa høyre paa Gamlen naar han tek te aa fortelja gamle Sogur, som heve raaka honom i Ungdomen. Han minnest væl han heve spila i 300 Gjestebo i si Ti. Det fyrste Gjesteboe han spila, daa var Sveinung umkring 18 Aar. Av Slaattane hans kann nemnast Gangaren Ekkja paa Ve, og Hallingen Filleværen. Det er Slaattar som duger kann ein tru.

Enno er Gamlen frisk og gjeng i Ukvile som ein Hein.

Olav M...