[Tidender.] Stortinget


hadde Møte Onsdag og igaar. _ Dei valde Blilie inn i Lagtinget i Stadet hans Løberg. Helleland var no komen, han er sett inn i Næringsnemndi No. 1.

Presidenten bad um Kr. 1500 til aa trykkja og umdela alle Grunnlovsframleggi, som er framsette; det fekk han.

Dei hadde fyrst for seg Statsutgifterne med Ferskvasfisking. Soleis gav dei Kr. 1200 til kunstig Fiskeutklekking og Kr. 2000 til Aaensires Laksefiskeri, mot at det vart gjevet Kr. 3000 paa annan Maate. So var det nokre Pensjonssaker, sume vart sende Regjeringi til betre Gransking.

Kr. 17000 vart gjevet for at Dampkanonbaaten Laugen kunde fara til Finnmarki so ei 12 Vikur.

So var det Utleggi til Sjøheren. Det heldt dei paa med i heile Gaar. Foosnæs tykte, at Utleggi var drjuge, i Røyndi var det kravt Kr. 300,000 meir for næste Aar enn det er no. Men han vilde ikkje gjera noko Avkorting lel no, daa han trudde, at Regjeringi hadde sett det so laagt som mogelegt. _ Wisbæch ankad paa, at det var sett for laagt.

Statsministar Sverdrup hevdad kor stor og vigtug Sak Sjøheren vaar var. Det kunde ikkje ganga an aa knipa so paa Utleggi no, soleis som under den fyrre Regjeringi. For med eit slikt Budsjett kunde ingi Regjering faa noko gjort, og fekk han ikkje noko meir Pengar, so kunde ikkje han styra det Departementet lenger. Allvist var det Nybygging det trengdest noko til. Um rett var, so kunde ein der trengja Kr. 800,000, og det var vanskelegt aa faa gjort noko med det halve av dette. Ellest naar sume ankad paa, at det var for mykje andre at det var for lite, som Regjeringi kravde iaar, so trudde han dette synte, at han hadde funnet Jamnen.

Jacobsenmeinte, at heretter burde ein berre halda seg til Torpedostellet og slutta med aa byggja Kanonbaatar, han vilde ynskja, at den nye Kanonbaaten som no var paatenkt, maatte verta den siste.

So vart dei serskilde Postar i Innstellingi vedtekne utan noko større Ordskifte.