[Tidender.] Underleg Fugl.

 
Paa ei Plante i Sudamerika held det seg ein merkjeleg rar Fugl. Av Skapnad er han paalag som Hønsefuglarne og av dei liknar han Fasanarne mest. Men han skil seg fraa dei i Klørne og i Beinbygnaden; i det liknar han inkje nokon annan av dei Fuglarne, som liver no, men helder Krjupdyri. Han legg Egg, men ligg inkje so lengje paa dei, som andre Fuglar. Naar ungen er komen or Egget, liknar han inkje nokon Fugleunge, men ser ut som ei liti Øle elder Firfisle. Han hev fire Bein og Tæer paa Føterne, men inkje nokor Slag Fjør elder Vengjer. Han kryp ikring paa alle fire, som ei onnor Firfisle.

Um eit Bil tek Ungen til aa faa eit annat Skap: andre og tridje Taai veks ut og vert større enn dei andre, so veks det Fjør paa dei og sidan paa heile Kroppen, og det vesle Firbeinet vert smaatt um senn til ein Fugl.

Denne Fuglen hev voret sjeldan aa sjaa, og Folk hev inkje vist stort um honom fyrr i fjor, daa ein amerikansk Naturforskar talad nærare um honom paa eit vitenskapelegt Møte.