Ein ny Tingmann i Aust-Upplandet.

 

Kapt. Alb. Jacobsen hev no flutt ifraa Aust-Upplandet elder Hedemarkens Amt, so det vert ein Tingstol tom etter honom.

 

Det hev voret Skikken her i dette Fylket, at kvart Bygdalag hev havt sine Maalsmenn i Tinget.

 

Det er tri (elder fire) slike Bygdelag her; Heimarkja, Fjellbygderne, og syndre Østerdalen, Saaler og Odalen.

 

Det er ellest ikkje meir enn 17 Aar sidan Fjellbygderne fekk ein Mann fram, men no paa det siste hev dei havt tvo; Heimarkja hev ogso havt tvo, syndre Østerdalen hev ikkje havt nokon, og Utbygderne hev havt Jacobsen, som paa det siste hev voret meir Bymann enn Bonde.

 

Det er ganske merkjelegt at dei smaae og fatike Fjellbygderne hev havt slik ein Fyremun framfyre Storbygderne i Glaamdalen. Og denne Fyremunen nyttar det vist ikkje aa taka ifraa dei helder. Fjellbyggen fær nok raada endaa eit Tak han. Men ein Ting, som det daa skulde nytta for Storbygderne det var aa faa fram ein Tingmann av sine eigne.

 

I Glaamdalen er dei rikaste og megtugaste Bygder i heile Landet, og Østerdølen skulde væl vilja hava Ord for aa vera storætta Folk og hava Manndom og Sjølvvyrdnad umfram andre.

 

Men daa tykkjest det vera armodslegt, naar dei ikkje kunne hava ein einaste Mann paa Stortinget av sine eigne, men maatte leita millom Embættsmenn og sovorne, som væl kann vera dugelege nok til aa tala og skriva for seg og slaast i Politikken, men dei kann aldri repræsentera dei store Interessurne retteleg elder hava den Vyrdnad med seg, som desse Bygderne er tente med.

 

Me hev nok av Embættesmenn og Umbodsmenn og Smaabrukarar i Tinget fyrr, men den som syndre Østerdalen kunde senda med Ære, det skulde daa væl helst vera ein Storbonde.

 

Elder kanskje det skulde sannast som dei heldt det for Fjellmennerne, at utpaa Bygderne der duger ikkje Folk til anna enn aa vera rike, eta og drikka og feita seg?

 

Me fæler ikkje for at dette skal sannast, den Tid syndre Østerdalen hev ein Storbrukar, som er det høvelegste Tingmannsemne, som nokon kunne vilja hava. Me meiner Helge Væringsaasen i Elvrom.

 

Det er ein av dei fremste og gjævaste Bønder me hev i Landet, kunnug og vitsam som faae, vælkjend og vyrd i heile Fylket, stor Forrettningsmann, god Arbeidarven, god Maalven, hev Sans og Samhug for alt godt og gagnlegt Arbeid, som er uppe i Landet, Fagna-mann i alle Maatar.

 

Folk vil kanskje undrast paa, at dei hev høyrt so lite Tale um honom til Tingmann fyrr. Og det er sant; det er eit Mein ved honom, som hev gjort, at han ikkje hev vortet sett paa Lista _ han hev ikkje teket seg Røysterett endaa.

 

Men me tykkjest ikkje kunna tvila paa anna, enn at naar Folkekravet gjordest sterkt, so maatte han ikkje vilja draga seg undan lenger, men taka Røysterettsbrev, so han kunne veljast.

 

Difor manar me upp Veljaranne i Aust-Upplandi og Østerdølen serskilt:

 

Fram med Helge Væringsaasen!

 

Frå Fedraheimen 25.04.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum