Tidender.

 
Kristiania, den 24de April.

Fedraheimen gjeng jamt fram. Han hev no umkring 1500 Tingarar. Han hev aldri havt so mange. Paa dei tvo siste Aari hev Tingartalet dubblat seg, men no er og Bladet dubbelt so stort som fyrr. Det hev siget innaat mykje baade med Prestar og andre Embættesmenn paa det siste, og fleire av desse skriv i Bladet.

Det var aa vona, at um tvo Aar heretter maatte baade Blad og Tingartal vera minst dubbelt so stort som no. For soleis som Maalsaki no vert sett upp som fyrste Rangs Sak baade av Regjering og Storting, so var det ikkje formykje aa venta, um Fedrah. og fekk sjaa det stiga storom.

Soframt det sig til like jamt, og Folk berre vilde vera lite stødare til aa betala, so skulde det ikkje vara so lenge, fyrr Bladet vilde gjera ei Auking atter.


Folkemøte. Høgskulestyrar Ullmann hev reist kringum paa Bygderne i Romerikje og lagt ut um Politikken vaar. Dei hev ikkje likat dette Høgre, og dei hev havt det annvint med aa senda iveg dei ordramaste Kultarne, til aa freista stagga honom. Bladi ropad ende yver seg, daa dei fekk høyra, at ein so faarleg Kar skulde koma aa agitera. Dei er so skuldlause i so maate Høgre maatru. Dei hev berre havt eit Par Karar eit Aars Tid dei til aa ganga fraa Gard til Gard, og dei kallar ikkje dette for aa agitera, for det skal likesom vera so løynt med det, so dei skal ikkje tala um det maavita. Høgre smyg umkring i alle Rør og Avkrokar dei og kviskrar um Krig og Vantru og torer ikkje leggja sitt fram for Aalmennings Augo, men me brukar ærleg og greid Framferd; det er vaar Ære.
 
 
Kongen er no komen til Stockholm att fraa Utanlandsferdi si. I Berlin var han Gjesten aat den tyske Keisaren; han hadde og ei Samrøda med Bismarck, som varde 3 Korter.  


England og Russland . Dei siste Telegrammi tyder inkje mest paa Fred. Styringi i England hev bedet Tinget um paalag 200 Millionar Krunur. Av dei skal 80 Millionar brukast til Krigen i Sudan og Resten til Herbuing andre Stader.
 
 
Nytt  Trikeisarmøte. Keisaranne av Tyskland, Austrike og Russland skal vera tenkte paa aa møtast i Sumar, vert det sagt. Møtestaden skal denne Gongen vera i Austrike.


Krigen i Sudan . Det hev voret rolegt millom Engelskmennerne og Sudanesaranne no lengje, so Engelskmennerne fær byggja paa Jarnvegen i Fred. Dei køyrer no med Eimvogn 10 engelske Mil inn i Landet, og dei arbeider fort vidare.

For nokot sidan fangad Engelskmennerne 40 Sudanesarar, som var paa Vegen til Osman Digma med 1000 Sauder og Geiter. Dei vart spurde, kvifor dei inkje helder slog Lag med England enn med Osman Digma. Sudanesaranne svarad daa, at dei vilde inkje hava nokot med England aa gjera, fyrr dei fekk full Greide paa, kvat Engelskmennerne vilde der i Landet. Fangarne vart sette paa Frifot att.


Turkiet. Baade i London og Petersburg hev det voret gjort alt mogelegt for aa faa Turkiet til aa taka Parti under ein Krig millom England og Russland; men Sultaten hev sagt, at han vil halda seg utanfor. Dette er til stort mein for England, daa det inkje slepp inn i Svartehavet med Krigsskipi sine og lyt soleids for det meste berre halda seg i Østersjøen.
 
 
Kanada. Uppreistmennerne hev framleides Vinningi.
 
 
Kvendesaki. Fleirtalet i Kyrkjenemndi skal hava vortet samtykt um aa innstella til Tinget, at Kvendi ogso skal kunna veljast inn i Skulekomisjonen.


Utnemningar. Prest i Gjerdrum A. G. Flood er utnemnd til fast Hjelpeprest ved Domkyrkja i Bergen. Hjelpeprest N. S. Magelsentil Sokneprest i Balsfjorden. Hjelpeprest L. P. Gill til fast Hjelpeprest i Førde. Hjelpeprest R. Nordtømmetil Sokneprest i Kolvereid. Kand. S. Schjelderup til Hjelpeprest i Øystre Toten. Buraasjef G. Jessen til Postmeistar i Skien.


Sigurd  Slembe av B. Bjørnson spilar dei no paa Teatret. Det er tilsaman tri Stykkje og dei brukar tvo Kveldar til aa spila det alt. Det er gjort store Kostnader med aa faa sett upp dette Stykkje paa Teatret, det er noko av det gildaste som Teatret hev synt fram paa lange Tider; det er slik ein Bunad, og slike Landskap baade med Maane og alt som er, so ein heiltupp maa bisna. Det er unge Bjørn Bjørnson, som hev fenget sett det upp so gildt, det er han som spilar Sigurd Slembe sjølv, han gjer
det framifraa godt.


Brand, dette Stykkje hans Henrik Ibsen hadde snaudt nokon tenkt kunde lata seg spila paa Teatret. Men Teaterstyrar Josephson han freistad i Stockholm, og det gjekk framifraa godt ogso. Ibsen skriv eit Brev og takkar honom, han er overlag sæl for dette Tiltaket aat Svenskarne.


Maalsaki i Sogn . I Vik i Sogn hadde dei eit Møte um Maalsaki, skriv Sogns Tid . Det var Menighedsmøde skulde vera. Men der vart Staak. Prost Ingier var Ordstyrar og han og
Doktor Meyer hamrad laus paa Maalsaki so hardt dei kunne. Dei trur det var Meiningi aa faa
sprengt Vinstreforeiningi med detta, daa det er nokre Bønder, som ikkje er Maalmenn. Men dette nyttar nok ikkje, segjer Innsendaren. Vinstremennerne i Vik bit ikkje paa ein slik Krok.


I Aasnes i Saaler hev det voret Buslit, som hev skadt mange. Det var Isak Sætre, som det fyrst ramlad i hop for; det skal vera umlag 1 Million, som han ikkje kann greida. Det skal vera Handelsvaagekast i Sverike og Finland, som var Skuld i Buslitet.


Vestlandsposten hev skrivet mykje greidt um Maalsaki paa det siste. Soleis hevdar han i eit Stykkje, at fulle Meiningi aat Maalmennerne er den, at kvar ein skal skriva etter sitt eiget Bygdemaal, det er berre ei viss Form for Rettstavingi, som Normalmaalet gjev, det er ikkje noko nytt Maal anna det som vert talat kringum i Bygderne.


Ny Maate aa sløkkja Eld paa . Det er ein Benzen, som hev funnet upp ei Slag Væske, som han hev paa Flaskur, og naar du kastar nokre av dei Flaskurne burti der det brenn, so at Flaska spring, so vert det ein Gas, som sløkkjer Elden, um han er utruleg stor. Dei hev prøvt Greidurne baade i Kjøbenhavn og her og funnet at dei er høvelege.


Lauvduskar  V inneheld: Bjørnasogur. Røykstova: (Av Gorm Gaular). Den siste Timen. (Umsett fraa fransk av Jonas Nannestad). Jonsok-Minne. (Av Torbjørg Voss). Sjers-Sjøen. (Umsett fraa fransk av Ingjald Kjennerud). Aatgjerd for Tykkjeløysa. (Av Lathans). Fraa Hardanger. Holl-Sakris. (Av Gorm Gaular). _ Tryms-Kvædet. (Umsett fraa Gamallnorsk). Det sterke og det milde Ord. (John Lie). Stev. (Tormod Knutson). Ymse Hugdrag. Elskhug. Vera Mann, Dropen. (Jørund Telnes). Sveinkallvisa. (Av Gunleik Aase). Paaskesong. (H. G. Heggtveit).


Vor Ungdom, Tidsskrift for Opdragelse og Undervisning, udgivet av H. Trier og P. Voss, 1ste og andre Hefte inneheld:

Institutbestyrerinde N. Zahle: Om Oprettelse af en Statsskole for Kvinders Uddannelse til Lærerinder. _ Adjunkt L. Schmidt, Horsens: En Anmeldelse. _ Cand. phil. A. Boysen: En Anmeldelse (Franke, praktisk Tilegnelse af fremmede Sprog). _ Cand. mag. P. la Cour, Askov: Om historisk Undervisning i Mathematik. _ Lærerinde A. Fenger og Forstanderinde K. Lønborg: Louise Stremmes Skrivesystem. _ Genremaler, tilsynshavende ved Tegneundervisningen i de off. Skoler i Kbh. C. F. Andersen: Slutningsbemærkning til Hr. Tegnelærer Jannicke. _ P. Voss: Det norske maalstræv. _ Sløidskoleforstander Aksel Mikkelsen, Næstved: Det legemlige Arbeides Betydning for Opdragelsen. _ Exam. Lærerinde K. Frederiksen: Realisme i Undervisningen. _ Litterat N. J. Nørlund: Om Forholdet mellem det ethiske og det æthetiske. _ Lærer R, P. 
Rasmussen: Den berlinske Folkeskole. _ Lærerinde A. Brosbøll: Nogle Bemærkninger om en Mønsterskole i Brüssel. _ Sognepræst J. L Bang, Langaa paa Fyn: Folkeskolevæsnet i Storhertugdømmet Baden. _ Rektor C. W. Ludv. Horn, Hamar: Om uddannelse af lærere i mathematik og naturvidenskaber ved de høiere skoler. _ Cand. phil. E. Slomann, Veile: Indianerskoler. _ Folkehøiskoleforstander Matias Skard, Vonheim ved Lillehammer: De store forbogstaver. _ Pædagogisk litteratur: Matias Skard: Skolens udvikling (S. W. Hofgaard). _ Henrik Jæger: Dansk-norske digterværker til skolebrug (Kr. Lassen). _ K. A. Schneekloth: Dansk Sproglære (E. Sloman). _ A. Hedin: Om Latin-Herraväldet (P. Voss). _ J. Aars og N. Grøterud: Den græske moduslære (Bast. Dahl). _ B. Gundersen: Den politiske
geografi (L. Schulerud).


Nora. Tridje Hefte av Nora, som kjem ut i næste Vike inneheld: 1. Livsdraumen, Dikt av Heyerdahl. 2. Speidaren, Forteljing av Alphonse Daudet, umsett fraa fransk. 3. Um Biavl av Alf. 4 Songen hennar Sønnøve etter B. Bjørnson ved Ingvar Bøhn. 4. Det vaarar av M. T. 5. Knapnaali og Synaali. 6. Nytt i Maalvegen. 7. O. J. Høyems Katekjesumskrift.


Utvandringi. Inman Liniens kgl. Postdampskip City of Berlin gjekk fraa Liverpool den 7de April og kom til Newyork den 17de April med dei som reiste fraa Kristiania den 4de April. Alt væl!


Stockholms Arbeidarforeining skal koma til Kristiania paa Lysttur, naar det lid ut i Juni. Andre Arbeidarforeiningar kann og faa vera med.


Arv paa 54 Millionar . Ein Svenske, som døydde for nokot sidan i India, skal hava latet etter seg 54 Millionar Krunur, som Slegtningarne hans i Sverike kjem til aa erva.


Ulukke paa Island . Ei Snøfonn tok med seg 15 Hus av ein liten By ved Seydisfjord. 24 menneskje mistad Livet.


Den engelske Kronprins hev tenkt paa aa koma til Sverike paa Jagt no til Hausten. Han hev lengje havt Hug til aa gaa paa Elgjagt, og no hev Kongen bodet honom til seg paa ein 
Jagttur ved Hunneberg; dei hev no gjort istand Vegar i Skogen, so det skal vera lettare for den høge Skjotaren aa koma fram. Prinsen skal og vera med paa ein Jagttur etter ville Svanur.


General Grant skal vera i Betring, segjest det no.


I Rusland skal det staa ille til med Pengestellet. Mange bankar og mange Kaupmenn hev spilt upp, ved mange Fabrikker hev Helvti av Arbeidaranne fenget Avskil, og med kvar Dag som gjeng kjem det mindre og mindre inn i Statskassa.


Eit Hende i eit fransk Sjukehus. Ein Mann som var sjuk av Feber vart med ein Gong galen. Han sprang fraa Sjukepassaren og nedgjenom Tropperne, og daa han saag, det kom Folk etter han, tok han til aa hyla aa bera seg, sprang utgjenom Glaset, tok Tak i Takrenna og kom seg uppaa taket. Ein Mann gjekk etter honom og var so heldug aa naa i han; men Sjukingen hadde ingen Hug til aa fylgja med. 
Han sette seg til Motverje og Enden vart, at han reiv seg laus og datt utfor Taket og slog seg ihel. Han som skulde faa honom ned rullad og nedetter taket, men han var so heppen aa faa fatt ei Takrenne, og der heldt han seg daa fast til dei kom med Stige og fekk honom ned att.


I Grækenland hev det voret Jordskjelte fleire Stader.


Lauseld. I Chicago brann det upp eit Hotel; paalag 60 Menneskje vart innebrende.