Toneheimen.

 
Livet er jamnast graatt, ofte vonlaust, somykje av det smaa, so lite av det store! kaldt og nakje ikring deg, lite vænt i Bokheimen _ lat so Auga att, eg veit ei heil Verd, der det er godt aa vera: Toneheimen! Spelaren læt sjølv Augo att, han er alt inni det ljose Riket, Tonarne fær lokkande umkring, ljose og milde, tunge og klagande.

Lat oss gaa med inn i den blide Verdi; der skin Soli, der er grønt i alle Dalar; alle kjende og kjære Andlit nikkar deg i møte! hjarta opnar seg, som lengje hev voret tilsnørt, Sorg og Saknad fær du sleppe ut paa dei vide Vollar. Alle dine hugmaal, alle dine ljose Voner sveiper deg inn og flyg med deg lett som en Fugl burtigjennom Lufti, _ til den raudgylte Fjelltoppen, der du gjætte, naar du var liten, der du saag Heimen din ifraa; _ langt burti Skogen er Tjørni, der du og vesle Systri rodde i Maaneskine. _ Du haukad utyver Sjoen og Tonarne fær vekjømeleg dragande fraa den eine Aasen til den andre rundt heile Vatnet, liksom all Saknad skulde ha fengjet Maal og sukkat ut av sitt fulle Hjarta. Aldri høyrde du vænare Tonar ute i Verdi, der Ljoskronurne skein paa dei bleike Andlit. Heile Naturen opnar Munnen sin fyr si Sut: men Glede og Von er blandad inn i Røysterne. _Ser du dei vide Vollar med grønt Gras og blide Blomar! Aasen med Bjørkeskog, Fuglarne leikar, Vaar smetter millom Greinerne; Fjellsidurne med myrk Furuskog paa, der Kreturi gjeng, derifraa Bjøllurne ber Klang utyver _ so vænt um Notti. _ Kva er det som grip deg inn i djupaste hjarta ditt, so du lyt hauke ut, _ det ljomar millom alle Aasarne. Du kjenner deg skyld med Naturi, du er sjølv Blomen av Skapningi, difor grip Røysterne aat Naturi so djupt inn i Barmen din, difyr høyrer du Tonarne svara deg utav Berget, dei same som er løynde i djupaste Hjarta ditt.


A. H .