Fraa Vik.


Kristiania, den 26de Mai.

Vernepligtloven i Odelstinget . § 1 Landvæbningen skal bestaa af 3 Opbud: Linjetropper,
Landværn og Landstorm, herunder indbefattet det til disse Væbningsklasser hørende Trænpersonale.

J. Dahl talad imot, Jacobsen kallad § 1 for Grunnlaget for Loven, men meinte at dei tri Stellingarne var umrødd nok fyrr, so det ikkje trengdest aa taka det upp att. Rynning og Wisbech, Motzfeldt og Stang talad imot Statsministarenmeinte, at Høgre berre talad for at dei kunde stagga og styvla inn i lengste Laget. Motzfeldt og Stang at vart tykne. 30 Mann røystad imot § 1. § 2 _4 gjekk samrøystes, § 5 mot 18 Røyster, § 6 samrøystes. Til § 7, um at alle er forpligtet til at modtage hvilkensomhelst Grad og Komando, der overdrages ham. J. Dahl fann at det var hardt dette aa leggje Andsvar paa Folk, som kunde kvida mest aa taka det paa seg. Hjort upplyste, at det var so i Sveis ogso, det var berre eit Stig lenger fram enn som det no er, at ein hev Rett til aa nytta Mannskapet til det, som dei høver best for. 29 Mann røystad imot. 
Imot § 8 (at Utskrivningstidi skal reiknast fraa 1ste Mai) var 23. § 10 lydde: Tjenestetiden for Værnepligtige, der herefter udskrives til Landvæbningen, er for alle Vaabenarter og Organer 13 Aar, hvoraf de 5 første i Linjen, og de 4 næst paafølgende i Landværnet og de 4 sidste i Landstormens Opbud. Naar Afdeling skal sættes paa Krigsfod, er enhver forpligtet til at forblive staaende i sit Opbud, saalænge Kongen maatte finde det fornødent o. s. v. Dahlfyreslog, at det skulde vera fleire Aar i Lina, 6 Aar i Lina, 4 i Landvernet og 3 i Landstormen. Lina vart for veik ellest. Det vart ikkje noko langt Ordskifte um dette elder. 30 røystad imot Innstellingi. § 10 gjekk sam-røystes. § 11 og 12, um at Eksistidi skal vera minst 70 Dagar for Unggutar ved Hestfolket og 
Kanonfolket, 80 Dagar for Insjenørfolket, 42 Dagar for Fotfolk, og for Gamlekararne minst 24 Dagar for Lina og 12 for Landvernet. Der nemnte Foosnæs, at det var eit sovoret Ynskje utgjenom Landet, at Eksisen skulde verta endaa mindre, og soframt det var noko Von, vilde han gjera framlegg um detta. _ Statsministarenvidle letta Herbyrderne, so mykje som det var Raa. Men Heren maatte hava Øving, det var ikkje berre Hagleiken i Handgrip og Fotslag, som det galt um, men og aa faa læra seg det rette Samhaldet. So han trudde ikkje det gjekk an aa setja Eksistidi mindre, skulde ein hava nokon Vinning av Paakostnaden til Heren. Naar han og hadde gjenget so langt ned, som her var gjort, so var det fordi han litte paa Skyttarlagi og Gymnastikken i Skularne. _ Sørum heldt fram, at det var eit stort krav um meir Avstuttning paa Eksistidi, og Rindeynskte, at det ikkje maatte verta for lenge, fyrr det vart vedgjort ved dette, so ein kunne sleppa alt dette Pedanteriet ved Heren. _ Dahl sagde, at det var ikkje noko slikt Pedanteri no lenger. _ Foosnæs vilde ikkje koma med Framelgget sitt, etter det, som Sverdrup hadde sagt. § 11 og 12 gjekk samrøystes, likeins 13 _17. _ Foosnæshadde tenkt aa gjera Framlegg um, at Nordland og Trumsøy Fylkje ikkje lenger skulde vera frie for Eksisen. Men no vilde han berre orda innpaa um det. _ Statsministaren meinte, at det var ikkje Tid til aa greida ut um dette endaa, det var ei Framtidsak, som maatte væl yvertenkjast. _ § 18 gjekk ogso samrøystes: Denne Lov træder i Kraft den 1ste januar næste Aar. Fra samme Tid ophæves, hvad der i Lovgivningen av Værnepligt og Udskrivning maatte være i Strid med foranstaaende Bestemmelse. De nødvendige Bestemmelser i Anledning af Overgang fra den bestaaende til den ved nuværende Lov grundlagte Ordning gives af Kongen. Høgre gjorde so eit faafengt Framlegg um aa forkasta heile Loven. Han vart send til Lagtinget.


Professorposten aat Dr. Bang hadde dei for seg um Fredagen. H. Bentsen forsvarad Innstellingi, viste kor Kyrkjesoga var eit vigtugt Fag og nemnde, kor store Lovord Bang hadde fenget som Vitenskapsmann. For Posten talad Huser, Liljedahl, Blix, Hvamstad, W. S. Dahl, Prof. Bugge, Statsministaren , o. a. _ Berner, Jaabæk, Rinde talad imot. Sparre og Konow mislikad, at Departementet berre hadde lagt seg um aa faa fram denne Professorposten i Theologi, det var like Krav fraa Universitetet um aa faa ein medisinsk Professorpost til, Dr. Bull, men det hadde ikkje Departem. brydt seg noko um.

Innstellingi um Posten vart so vedteken, 14 Mann var imot: Berner, Frilseth, Furulund, Dieseth, Rinde, Thomesen, Egge, Reierson, Olsen, Jaabæk, Bjering, Sørensen, Ueland, Øverland.


Danmark. Folketingmann Ravn er avsett fraa Klokkar- og Lærarembættet sitt, fordi han hev talat mindre varlegt um Lovbrotet hans 
Estrup.

_ Striden millom Folket og Styringi teiknar meir og meir til aa verta ein Pengekrig elder Matkrig. Det var Styringi, som tok til med den. Ho tok seg til aa setja fleire frilynde Embættsmenn paa berre Bakken, fordi dei inkje sagde ja og Amen til alt, som ho fann paa. Og Folket utyver Landet tok etter. 
Vinstre hev no mange Stader skipat Samlag, som hev til Program: Ingen Handel med Høgrekjøpmenn!Og det er utsjaa-ande til, at Vinstre i heile Landet vil godkjenna dette. Inkje fordi dei likar det nettupp; men fordi dei ser, at det er inkje fleire Maatar aa gaa fram paa, dersom Folkets Krav skal faa Vyrdnad hjaa Estrup og hans haandgjengne Menn. Høgre likar inkje dette, kann du vita, og talar um politisk Forfylgjing og meir slikt, serleg no, sidan dei ser, korleis Vinstre sin Framgangsmaate verkar. Det er nemleg mange Kjøpmenn, som fyrr inkje hev haldet med nokot Parti, som no hev sluttat seg til Vinstre, og likeeins er det mange Høgremenn, som hev sleget seg fraa Estrup og sagt, at dei inkje held med han i Lovbrotet hans. Høgrebladi er reint rasande og trugar med Hemn. Dei raader soleis Høgrepengemennerne til aa segja upp dei Pengarne, som dei hev standande i Bondegardar utyver Landet, og dei meiner, at Vinstre daa skal koma i Beit. Men med det er det no inkje so faarlegt. For det fyrste er det no ein stor Del av Pengarne, som etter Kontrakterne inkje kann faa-ast att i ei Braahast, og for det andre, so hev Høgremenn og so mykje Vit, at dei skynar, dei er betre tente med aa hava Pengarne sine hjaa ein Vinstremann og faa Renter av dei, enn aa lata dei mygla paa Kistebotnen. Til det kjem og, at mange Vinstremenn hev og Pengar, og dei vilde naturlegvis stydja sine eigne, dersom Høgre vil setja seg paa Bakbeini.