Nokre Ord um Statsministar Johan Sverdrups Forslag


til Reform i vort Folkeskolevæsen og fhv. Statsr. N. Hertzbergs
 
Bemærkninger til dette Forslag.
 
(Del 3 av 3. Fyrste delen.)
 
III.


Eg skal daa tala eit Par Ord um ymise Læreemne. Sverdrup vil gjerne, at Skula, imillom andre Ting, skal arbeida paa aa setja Borni i Stand til aa kunna forstaa og bruka Landsmaalet. Um dette set Hertzberg upp ei fælt lang Røda. Her skrik han atter reint yver seg og maalar ut alt skræmande og avstyggjande. Det er nokot undarleg dette; for Hertzberg var, daa han hadde med aa styra Skulesaker i Regjeringi, ikkje den værste Motstandar av Maalsaki. Han hadde sjølv voret med aa faa i Stand den Fyreskrifti, at Lærarne i Skulom skal, so vidt som mogelegt, bruka Barnets eiget Maalføre. Dette var alt eit Framstig. Men skulde det daa ikkje vera godt, um det vart prøvat paa, at desse ymise Maalføre kunde lempa seg saman i eit Maal. Desse ymise Bygdemaalføri kann aldri semjast i vort danske Bokmaal. Dertil er Skilnaden for stor. Men dei kann godt semjast i Landsmaalet. Der kann dei alle kjenna seg atter. Der kjem deira Grunnmerki fram, daa dei heve same Grunnlag som det. Alle dei ymise Bygdemaali kjenner der atter sine tri Kyn, sine Tviljod, sine Samanstellingar av Ord o. s. v. No kjem nog Hertzberg med det vanlege Vaaset, at me skal hava so mange Landsmaal: det Aasenske, det Vinjeske, det Sommerske, det Jansonske, det Garborgske osv. Eg segjer, at dette er berre Vaas og ikkje nokot annat. Visseleg er det mange, som enno famlar i Landsmaalets Rettskriving. Men dette er ikkje so undarlegt, som at det vert famlat kannhenda likaso mykjet i vort danske Bokmaal. Ein kann taka fyre seg til Dømes ti Avisur og sjaa etter um ikkje kvar ei av deim heve si eigi Rettskriving. Det kann gjerne vera, at den rette Generalnævnaren fyre Bygdemaali ikkje enno er funnen, som det heve voret sagt; men er han ikkje det, so er me komne honom mykjet nær. Det nytjar ikkje længer aa sparka imot Maalsaki. Naar me minnast alt, som heve voret gjort til aa tyna henne med, Laatt og Løgje og alt, som kunde verta upptenkt, aa ho daa heve gjenget fram med faste og støde Stig, so maa me tru, at Maalsaki er ei god Sak, som heve Rot hjaa Folket. Den som kjenner litet meir til Folkelivet, enn ein kann faa inne i Regjerings Stovom ved Skrivebordet der, han veit, at ikkje nokon Ting vert betre aktat paa av Aalmugen i dei ymise Bygder, enn kvat det er skrivet paa Landsmaalet, naar det vert leset upp av Folk, som kann lesa det upp. Eg heve freistat det so mangei Gong i ymise Bygdar i dei siste 30 Aar, sidan Ervingen og andre Landsmaals Smaaskrifter kom ut, at det nytjar ikkje aa fortelja meg, som mange Bakstrævarar gjerer, at Aalmugen ikkje forstend og ikkje likar Landsmaalet. Og kvifyre likar Folket ofta so mykje betre aa høyra paa ein Lægpredikant enn ein Prest? Aa ja det kann hava fleire Grunnar, men eg meinar, at det er og ein Grunn, at Lægprædikanten talar eit Maal, som stend Folkets Maalføre, og dermed Landsmaalet langt nærmare enn Prestens lærde Bokmaal.

Men daa det no er so, at Landsmaalet gjeng fram med Kjempestig, heve gjenget fram, sidan alle Studentar maatte læra Gamalnorsk, og vil ganga fram meir og meir, ettersom dei gamle Motstandararne etter Hand kverv burt, og fleire, baade Skulemeistarar og andre lærer aa kjenna Gamalnorsk og dess Dotter Landsmaalet, so maa og Aalmugskula hava ei viss Gjerd med Landsmaalet. Skula kann ikkje længer avvisa det som nokot, som ikkje kjem henne ved. Det gjelder, at det vert sett fast ved Log, kvat som maa verta gjort, ikkje for litet, og ikkje for mykjet. Eg meinar det, at det er naudturvelegt, at Skulemeistarne paa Lærerskulom fær Kjennskap til Gamalnorsk og so det naudturvelegste Kjennskap til Landsmaalets Maallæra, og at Aalmugskula fær anten ei norsk Lesebok elder ei dansk Lesebok med mange gode norske Lesestykkje. Me heve alt ei god Noregs Soga, og me kann venta aa faa fleire Bøkar i Maalet. Det vil ikkje vera vondt aa læra aa lesa Landsmaalet; det maa verta kravt av alle. Sidan kann Folk faa Lov aa skriva det, naar dei vil. Vidare kjem me væl ikkje med det fyrste.

Det er eit annat Læreemne, som Sverdrup gjerne vil, at Ungdomen i Aalmugskula skal faa Kjennskap til, og det er Hovudgreinerne i vor Samfundsordning. Dette finn Hertzberg er nokot fælande. Politik i Skula! Han skriv daa eit langt Motstykkje her og dreg eit langt Sukk: Ak, me heve politiske Skulor nog likevæl! Næsten kvar Bygd og kvar Heim er snart vorti ei sodan!

Men er det so, som Hertzberg segjer her, so maa det vera Trong til sodan Upplysing; det maa vera nokot, som Livet krever, og som Skula ikkje fyrr heve gjort Fyllest. Etter Grunnlogi § 49 er den loggivande Magti hjaa Folket. Men er det so, so er det naudturvelegt, at Aalmugen fær i minsto litet Kjennskap til vor Samfundsordning, til Grunnlogi og andre Logbod, som høyrer til vort Riksstell. Og difyre maa Skulegongen faa Kjennskap til slike Ting. Det finnst væl litet um slike Ting i Landkunnskapslæra, i Fædrelandssoga elder i Lesebøkom. Men det er ikkje visst, at Skuleborn fær vita stort um detta elder fær vita det paa det rette Laget, naar det ikkje er paabodet i Skulelogi. Og fær dei ikkje vita nokot um det i Skula, so vert det fyre mange vandt aa faa Tilhøve til aa faa vita det sidan. Eg meinar difyre, at det er reint naudturvelegt, at Ungdomen fær vita nokot um desse Ting, dersom dei ikkje blindt skal tru paa alle kunstige vridne og vrangvise Fortolkingar, som me heve seet so mykje av i den seinare Tid. Det trengst ikkje nokor Mængd av Kunnskap og mange Læretimar til det naudturvelegaste i desse Ting. Men nokot trengst det til.

I Sverdrups Brev var der ikkje talat um 
Særtruande (Dissentarar). Men Hertzberg kjem inn paa desse Emne og heve eit langt Stykkje um det; han plukkar ut eit og annat av Sverdrups Rødor i Stortinget og snakkar um, at dei vil gjera Skula uluthersk (konfessionslaus). Det heve voret sagt av andre, ogso no i seinare Tid av Hertzberg paa Sarpsborgsmøtet, at dei vil gjera Skula ukristeleg. Me vil mange av oss takka Hertzberg fyre, at han talar imot Fritænking i Bokavlen, men ikkje fyre, at han nytjar den fritenkjande Bokavlen som Tilhøve til aa æggja upp Folk imot dei Frisinnade og med det sama imot Storting og Statsstyre. Slik Tilsniking er stygg og lastværdug for ein og kvar og ikkje mindst fyre ein Mann, som heve Præstelærdom og heve standet fyre Kyrkjestyret. Styggt er det og aa skulda Storting og Regjering fyre, at dei vil gjera Skula uluthersk, um dei vil, at sume avvikande i Trui skal kunne av Skulenemdi væljast til Lærarar i andre Emne enn 
Trulærdom. No gjeng Born av dei særtruande i vaare Skulor undanteket aaleine i Trulærdom. Dei visar oss den Tillit, og sodan Tillit borde ikkje Logi forbjoda Skulenemder aa visa deim, naar dei var kjende for gode Menniskjor. Difyre er det stygt aa vera so ufordragsam imot Medkristne.

I eit nyt Stykkje skal eg tala litet um Skulestyre.