Um Folkedomstolar.

 
Av Marius Hægstad i Dag. (1814 _1863).


Vaaren 1814 var norske folkevalde Menner samlade paa Eidsvoll for aa giva vaart Fedraland ei Grunnlog. Det var gjort ymse Framlegg til ei Forfatning elder ein Riksskipnad, og millom deim er Framlegget fraa Sorenskrivar Kristian Magnus Falsen det merkjelegaste, daa det fekk størst Innverknad paa Arbeidet. I dette Framlegget var der ogso eit Stykkje um Folkedomstolar elder Eidsvornerettar; men dette kom ikkje fram til Log den Gong. Der var ogso so myket annat aa gjera, som var naudsynlegt for det fyrste. Men den nye Domstolen, som vart skipad, nemleg Riksretten, vart skipad som eit Slag Jury. Forrestan vart det med den dømande Magt, som det hadde voret fyrr, so nær som at ein Høgsterett vart reist i Kristiania.

I 1818 kom det eit kongelegt Framlegg um Tillegg til Riksakti. Framlegget umhandlade Straff for Haan-ord paa Prent mot Sverike i Norig elder mot Norig i Sverike. Framlegget gjekk ut paa, at ein Jury elder folkevald Domstol skulde avgjera, um Upphavsmannen var skyldig elder ikkje. Domaren skulde setja Straffi, dersom Domen gjekk ut paa, at Mannen var skyldig. Dette Framlegget tok dei fyre seg paa Stortinget i 1821; men det fall. Dei heldt det ikkje for gagnlegt aa giva ut nokor Log um prentefridom, fyrr den nye aalmenne Straffelogbok kom ut. 
So vart det stilt ei lang Tid.

I 1845 kom det fraa 19 Stortingsmenner eit Framlegg um, at Regjeringi skulde nemna upp ein Kommission (elder nemnd) for aa undersøkja, um det var ynskjelegt aa innføra Jury her til Lands. Dette fekk den Enden, at Stortinget let til Kr. 12000.00 til Reisepengar aat eit par Menner, som skulde granska Juryskipanden i Europa og Amerika. Det vart Amtmann Aubert og Munch-Ræder, som kom til aa reisa.

I 1851 kom Baggerud med eit Framlegg um aa nemna upp ein Komite (elder Utval), som skulde gjera istand Framlegg til nokre Loger, og derimillom ogso um ein Straffelog, bygd paa Jury. Det vart ihopsett eit serskilt Utval til aa taka fyre seg dette Framlegget, og Utvalet kom med ei Innstilling, som gjekk ut paa, at dei skulde beda Regjeringi um aa gjera Utveg til, at det alt for næste Storting, kunde verta framlagt eit Utkast til ei Proceslog, og derunder medteket Innføring av Jury. Denne Innstillingi vart vedteki av Stortinget den 9de Septbr. 1851.

I Januar 1853 vedtok Regjeringi aa nedsetja ein Kommissjon elder Nemnd, der dei skulde samraadast um Forandringar i Procesloggivingi, serleg um Innføring av Jury, og dei skulde verta ferduge til utgangen av 1853.

I 1854 kom Ueland med framlegg til Log um Rettsmenner, og Stortinget vedtok etter Framlegg fraa Johan Sverdrup aa uppnemna ein Kommissjon med Medlemer til aa setja ihop eit Utkast til Rettargangslog i Straffesaker, bygd paa Jury, i so god Tid, at det kunde verta ferdugt til næste Storting.

I 1857 gjorde tri Medlemer av denne Kommissjonen, D. Kildahl, Ueland og Sverdrup, privat Framlegg um Innføring av Jury. Odelstinget vedtok Framlegget, likaeins Lagtinget . Folkedomstolar var paa Vegen til aa bli innførde paa nytt Lag i vaart Land. Daa negtade Regjeringi sitt Samtykke.

I 1862 kom det eit nytt Utkast, som var samanskrivet av ein kongeleg Kommissjon. Stortinget i 1863 tok igjen fyre seg Saki. 
Logi vart samtykt av Odelstinget, men fall i Lagtinget og likaeins i samlat Storting, der ho fekk 54 Røyster mot 50. So vart det igjen stilt ei Tid.

Me kunna sjaa av denne Skildring, at Jurylogi heve voret paa Tale i Stortinget næstan den heile Tid fraa 1845 og til 1863, og at Grunnen til, at ho ikkje vart innførd i denne Tidi, mest laag deri, at Storting og Regjering var usamde, og at Bakstrævet var so sterkt i 1863.